Hopp til innhold

Slik vil politikarane kvitte seg med den hata pukkellaksen

Regjeringa vil fiske pukkellaksen før han går opp i elvane. Høgrepolitikar rosar regjeringa, og meiner det vil bli ein fin biinntekt for sjøfiskarane.

Pukkellaks i Lofoten

FISKE I SJØ: I 2021 vart fleire elver i Noreg invadert av pukkellaks. No vil nærings- og fiskeriministeren gjere fisket etter laksen kommersielt i sjøen, for å stoppe pukkellaksen før han når elvene. Denne fisken blei fanga i Lofoten for litt over eit år sidan.

Foto: Privat

Ein kamp mot klokka er i gang.

Pukkellaksen har allereie invadert fleire elver i Nord-Noreg. Neste sommar reknar ekspertane med på at det blir enno meir av han, og at fisken kjem enno lenger sørover.

Det er ikkje mindre enn eit mareritt for den norske villaksen, som allereie er raudlista.

Men no gir regjeringa meir pengar for å få has på pukkellaksen.

I tillegg vil dei la sjøfiskarane fiske etter laksen i havet.

NRK forklarer

Kva er greia med pukkellaks?

Kva er greia med pukkellaks?

Kor kjem pukkellaks frå?

Pukkellaks høyrer naturleg heime i nordlege delar av Stillehavet.

På 1960-talet byrja pukkellaks å spreie seg til nord-norske elvar etter utsetjing på Kolahalvøya i Russland.

I dag blir pukkellaks fanga i heile Noreg, heilt frå grensa til Russland i nord-aust til svenskegrensa i sør-aust. Det er likevel i Troms og Finnmark pukkellaksen er mest talrik.

Kva er greia med pukkellaks?

Kor lenge lever pukkellaksen?

Pukkellaksen har ein toårig livssyklus, og både hannar og hoer døyr etter gyting.

Laksen rotnar faktisk medan han svømmar i elva etter gyting.

Fisk som gyter i oddetalsår får dermed avkom som også gyter i oddetalsår, og gyter dermed ikkje saman med fisk som gyter i partalsår. Her i Noreg gyter pukkellaksen primært i august.

Kva er greia med pukkellaks?

Kor farleg er det at pukkellaksen kjem?

Nokre få pukkellaksar i ei elv er neppe noko stort problem, men viss det kjem opp tusen, er det stor fare for negative effektar på lokal laks, sjøaure og sjørøye.

Pukkellaks er ein art som kan bli veldig talrik. I Finnmark har fleire tusen pukkellaks opp i enkelte vassdrag. Dette kan påverke andre fisk og heile økosystem. Det kan også påverke utøvinga av fisket.

Kystfiskar: – Veldig god idé

Einar Juliussen er kystfiskar og nestleiar i Vest-Finnmark kystfiskarlag.

Einar Juliussen i nestleder i Vest-Finnmark kystfiskarlag

– Det er mykje politikk i dette, og kven som skal vere frelsaren som frelsar elvene frå pukkellaksen. Men skal det vere ein ressurs må vi ta han i sjøen, seier Einar Juliussen.

Foto: Privat

Han er blant dei som har hatt mest å gjere med pukkellaksen til no, sidan bestanden har vore størst i Finnmark.

– Vi har sagt det heile tida; Pukkellaksen er og kan bli ein stor ressurs.

Men ein kan ikkje ete fisken etter at han har gytt. Då rotnar fisken.

Og pukkellaksen gyter allereie i elvemunningen, ifølge fiskaren.

Difor seier han ein må fiske den framande laksen i havet.

Pukkellaksen dør etter gyting

Pukkellaksen døyr i elvene etter gyting. – Stammen er blitt så stor at det kan bli eit kommersielt fiske i hav. Skal du få verdiar ut av det må du fiske han der, seier Juliussen.

Foto: Knut- Sverre Horn / NRK

– Viss naturen vil det slik, vil bestanden bli like stor som han er i Russland på sikt.

Fiskaren er heller ikkje uroa for at det blir vanskeleg å få selt fisken. Det finst allereie ein internasjonal marknad for pukkellaksen mellom anna i Alaska.

Les også Tidenes dårligste år – Marius (30) frykter villaksen skal bli borte for alltid

Marius Kristiansen med fangst i Beiarelva

Vil kommersialisere fisket

Fiskeri- og havminister Bjørnar Skjæran (Ap) seier pukkellaksen er ein framand art. Difor er fisken først og fremst Klima- og miljøministerens ansvarsområde.

Men for å unngå at fisken gyter i dei norske elvene, må dei stoppe han før han når elva.

Det vil seie når fisken er i havet. Difor er pukkellaksen no også Skjæran sitt ansvar.

Bjørnar Skjæran står på kaia i Bodø. Han smiler og ser rett i kameraet.
Foto: Malin Nygård Solberg / NRK

For å lykkes med dette, må vi også utvikle et treffsikkert fiske i sjø og avgrense antal fisk som går opp i elvene. Det er her Nærings- og fiskeridepartementet kan bidra, seier han.

Før pukkellaksen gyter er han nemleg sunn og god mat, meiner Skjæran.

– Både difor, og fordi det openbert er viktig med effektive tiltak før den startar vandringa oppover i elvene, ønsker eg at fisket bli kommersialisert.

Pukkellaksdugnad i Vestre Jakobselv, juli 2021

I 2021 blei det gjort fleire dugnader for å få pukkellaksen ut av norske elver. Her frå Vestre Jakobselv i juli 2021.

Foto: Hanne Wilhelms / Hanne Wilhelms

Men utfordringa er å gjere det utan å belaste villaksbestanden.

Korleis dei skal gjere det, vil han og klima- og miljøministeren kome tilbake til seinare.

Med den kraftige auken av denne framandarten som er forventa framover, er det et stort og viktig arbeid som må bli gjort.

Les også Høyre vil regulere fiske etter pukkellaksen: - Vinn-vinn situasjon

Pukkellaksen dør etter gyting

Risiko for å smitte til oppdrett

Eirik Frøiland, seniorrådgivar i Miljødirektoratet, seier at problemet med pukkellaks fort kan nå lengre enn Noreg.

Dersom ein ikkje klarar å snu utviklinga, kan laksen ganske raskt bli veldig talrik ikkje berre i elver i heile Noreg, men òg i andre land med kyst langs Atlanterhavet.

Uttak av pukkellaks i Vestre Jakobselv

Dette har regjeringa løyva for å stanse spreiing av Pukkellaks

Det er løyvde 25,3 millionar i 2023. Dette er ein auke frå 2022, då det blei løyvde 15 millionar.

Pengane skal i all hovudsak bli brukt til å gjennomføre dei mest effektive utfiskingstiltaka. Innsats i dei hardast ramma områda blir prioritert.

Innkjøp av fiskefeller og løn til bemanning av fellane er dei to største utgiftspostane.

PUKKELLAKSMINISTER240822SA

Skal sjå på konsekvensane for sjøfiske

Miljødirektoratet har bestilt ein rapport frå Vitenskvitskapeleg råd for lakseforvaltning.

Rapporten skal gi grunnlag for å vurdere kva som blir konsekvensane for bestandbestandanesefisk dersom dei gjer endringar i regelverket for å auke fangsten av pukkellaks i sjø.

– Det kan ha mange negative konsekvensar for naturlege fiskebestandar, for økosystem i og langs vassdraga og for vasskvaliteten, seier Frøiland.

I tillegg er det risiko for at pukkellaksen kan smitte mellom oppdrettsanlegg.

I 2021 blei det nemleg fanga om lag 72 tonn pukkellaks i sjøen.

Eirik Frøiland, seniorrådgiver i Miljødirketoratet

Eirik Frøiland, seniorrådgivar i Miljødirektoratet seier at få pukkellaks gjer liten skade, men at risikoen aukar i takt med mengdene.

Foto: Terje Trobe / Miljødirektoratet

No vurderer Miljødirektoratet korleis uttaket i sjøen kan bli auka, utan at ein samtidig fangar meir atlantisk laks, sjøaure og sjørøye.

Miljødirektoratet vil behandle søknadar om forsøksfiske etter pukkellaks i sjøen i dialog med Fiskeridirektoratet, seier seniorrådgivaren.

En stim på 300-400 døende pukkellaks i Vestre Jakobselv, Vadsø

Ein stim på 300–400 døyande pukkellaks i Vestre Jakobselv, Vadsø

Les også Disse ynglene kan bli til millioner av pukkellaks:­ – En mulig katastrofe

PUKKEL-BILDE-1

– Bra for fiskarane våre

Stortingsrepresentant for Nordland Høgre, Bård Ludvig Thorheim, jublar også for at det no er einigheit i regjeringa om å tillate regulert fiske av pukkellaksen.

– Regjeringa har fått mykje motbør, men her vil eg gi regjeringa stor ros, seier Thorheim.

– Eg veit det har vore motkrefter som meiner ein ikkje skal sjå på pukkellaksen som ein matressurs. Men det er han, og dette gir eit kraftigare tiltak mot han.

Stortingsrepresentant Bård Ludvig Thorheim (H) mener myndighetene må være mer åpen med folk om hva de vet om det som skjer i Nord-Norge og hvordan de svarer på det.

– Det er veldig viktig, for det er så enormt mykje at du klarar ikkje å ha fangstmetodar i alle elvar. Difor klarer du ikkje å ta unna alt. Men no får vi altså fiske i tillegg, seier Stortingsrepresentant for Nordland Høgre, Bård Ludvig Thorheim

Foto: Benjamin Fredriksen / NRK

– Dette er veldig bra for fiskarane våre også. Dei har kompetansen. Viss dei får eit regelverk gjer dei dette kostnadsfritt. Då kan det òg vere ein fin biinntekt.

Thorheim peiker på at det ikkje kostar pengar å få i gang fiske av pukkellaksen.

Då kan regjeringa bruke pengane dei har løyvde til dømes på laksefellar.

PUKKELLAKS-TELLING-120922-SA

Fleire stader i landet har det tidlegare vert sett ut feller for å telje pukkellaks. No kan fellene bli brukt til å få ut pukkellaksen som ikkje vert tatt i havet og kjem seg opp elvene.

I tillegg ser høgrepolitikaren, som kystfiskarlaget, på pukkellaksen som ein ressurs.

– Då tar vi i bruk matressursen samstundes som vi avgrensar han i elvane der han er ein trussel for den atlantiske villaksen.

No står att det for departementa i regjeringa å finne ein måte å fange pukkellaksen på, slik at den atlantiske villaksen ikkje blir skada.

– Så lenge reguleringane kjem tidleg på nyåret vil fiskarane tilpasse sine fangstreiskap tidleg og begynne fiske på sommaren.

Les også Høyre vil regulere fiske etter pukkellaksen: - Vinn-vinn situasjon

Pukkellaksen dør etter gyting

Les også Fått pukkellaks på kroken? Dette gjør kokkene med den utskjelte fisken

Pukkellaks