Hopp til innhold

Martin (32) stod heime og steikte biff då han plutseleg mista synet

Legane kan ikke svare heilt sikkert på kvifor Martin Olaussen blei akutt blind.

Martin Olaussen (32) med oransj caps, mørke solbriller og brunt skjegg ser i kamera.

Martin Olaussen frå Narvik har vore blind i seks månader no, etter at han vart akutt blind

Foto: Andreas Nilsen Trygstad / NRK

7. februar i år stod 32 år gamle Martin Olaussen og laga middag. Han steika biff då det byrja å dogge på brillene. Det måtte vere steikeos, trudde han.

– Eg tok av meg brillene, tørka av dei, og sette dei på att. Men det var like mykje tåke.

Då skjønte matrosen at det var fare på ferde.

Han åt opp den halvråe biffen og kom seg til sjukehus.

Etter ein operasjon i begge auga og ti dagar på sjukehus viste det seg at synet var vekke for godt.

– Dei leiter framleis etter den bakanforliggande årsaka, fortel Olaussen.

Les også Blinde Luca (7) klikker med tunga for å se

En blind gutt på syv år sitter på gulvet og smiler.

– Ein del mister synet i året

Sjølv om det framleis er usikkert kva som har skjedd med synet til den 32 år gamle matrosen, veit legane at det har noko med synsnerven og blodtilførselen å gjere.

– Blodtilførselen til synsnerven ligg ikkje inne i augestilken, men utanfor. Synsnerven ligg heller ikkje heilt normalt, forklarer Martin.

Eg var fortapt. Eg viste ikkje opp eller ned, fram eller tilbake. «Kva i alle dager skal eg gjere no».

Martin Olaussen (32) Tidlegare matros

Han har også fått auka trykk i begge auga. Det har klemd saman den synsnerven som ikkje er beskytta, som alle andre sine auge.

Difor har synsnerven fått varig skade.

Marte Berg i rød jakke og shorts blåser fløyte mot Martil Olaussen som går med mørke solbriller, shorts og hvit gåstav lenger framme.

Martin Olaussen og syn- og mobilitetspedagog Marthe Berg øver på korleis Martin skal kjenne igjen hindringar som fortauskantar, endring i underlag og dørstokkar.

Foto: Andreas Nilsen Trygstad / NRK

Men kor vanleg er dette?

– I året er det er ein del som mister synet. Det er ikkje veldig mange, og det vanlegaste er å miste synet når ein er eldre.

Det seier forbundsleiar Terje André Olsen i Blindeforbundet.

Han forklarar at utfordringa når ein blir akutt blind er å kome i gang med rehabilitering tidleg nok.

– Det er mange ting ein blir hjelpelaus på, som ein kan lære å meistre. Til dømes å bruke telefonen, seier Olsen.

Portrettfoto av forbundsleder i Norges blindeforbund, Terje André Olsen.

Terje André Olsen, forbundsleiar i Blindeforbundet, seier at det er viktig å sjekke synet når ein oppdagar at det er ein forandring. – Enkelte synshemningar kan ein då forsinke med opptil seks år.

Foto: Tom Egil Jensen

– Det var eit sjokk

Augelege Tobias Tysnes Krokstrand ved Nordlandssjukehuset stadfestar at det er sjeldan unge folk får akutte synstap.

– Bør ein vere uroa for at dette kan skje?

– For den generelle befolkninga er ikkje dette noko ein skal engste seg for. Det er slik i medisin at det meste kan skje, men sjansen er veldig liten.

Les også Daniel er blind, men «ser» som en flaggermus

Daniel Kish sykler i blinde

Olsen i Blindeforbundet mistenker at mange trur at alt er tapt, når dei får beskjed frå augelegen om at det ikkje er meir dei kan gjere.

For Martin i Narvik var nettopp det noko av det som gjorde det lettare å takle beskjeden.

– Det var eit sjokk. Men eg har hatt flinke legar som var tydelege på at dette var ein varig skade.

Men han var også blant dei som kom tidleg i gang med å finne løysingar på det nye tilværet.

Nesten ferdigutdanna skipsnavigatør

Martin har tidlegare jobba på sjøen som matros i båt på Trollfjorden, og båtførar på kvalsafari.

I juni skulle han eigentleg vore ferdig utdanna skipsnavigatør. Han hadde sett fram til ei framtid på sjøen.

– Det er mykje av det eg ikkje kan gjere lenger.

Cirka to veker etter beskjeden om at han ikkje kom til å sjå igjen, vart han sett opp på kurs hos Blindeforbundet.

Eitt av kursa heiter Karriere-verkstad. Det er eit kurs for å prøve å finne ut av moglegheiter som synshemma i jobb, og korleis ein bør gå fram.

– I staden for å fokusere på det eg ikkje lenger kunne gjere, skulle eg fokuser på dei tinga eg kanskje kunne gjere, seier han og legg til:

– Det hjelpte også å møte andre i liknande situasjonar, og få tips og triks.

– Mykje å seie for livskvaliteten

Martin har også vore på andre kurs, som til dømes mobilitetskurs.

Syn- og mobilitetspedagog Marthe Berg fortel at når synet sviktar må ein lære seg nye teknikkar for å orientere seg i omgivnadane rundt.

Marthe Berg i rød adidas-jakke, runde briller og brun pannelugg.

– Eg har møtt mange som seier at dei ikkje visste at vi fanst, at tilbodet eksisterte og at det var mogleg å få hjelp. På systemnivå kan ein også gjere meir, seier Syn- og mobilitetspedagog Marthe Berg.

Foto: Andreas Nilsen Trygstad / NRK

Ho jobbar ved Evenes syns- og mestringssenter.

Dei jobbar med rehabilitering for folk som har mista synet, og viser dei korleis dei kan meistre kvardagen ved å bruke den kvite stokken eller orientere seg med andre sansar.

– Mobilitet handlar om sjølvstende. Det å ta seg fram frå A til B på eiga hand gjer at ein ikkje treng å sitte heime og vente på at nokon hentar ein, seier Berg og legg til:

– Det forhindrar også einsemd og det har mykje å seie for livskvaliteten.

For det meste har endra seg for 32-åringen som eigentleg skulle navigere skuter resten av livet.

Martin Olufsson og Marthe Berg øver på å gå forbi hindringer som kafébord i Narvik

Kafébord, blomsterpotter, rulletrapp og snurredør er alle hindringar som krev gode ferdigheiter med den kvite stokken for å ta seg forbi.

Foto: Andreas Trygstad / NRK

– Berre det å knyte skoa, eller finne kva for veg ein skal ta på hettegenseren, eller kva for veg ein tek av seg t-skjorta, seier Martin.

Ganske spesielt

Men når alt kjem til alt, er Martin på eit vis glad for at han mista alt synet på ein gong.

– Det er ikkje lett for nokon. Uansett om ein har akutt eller progressivt synstap. For meg gjekk det ganske greitt, i og med at eg ikkje fekk noko forvarsel. Eg vart kasta på djupt vatn og måtte lære å symje.

Han trur andre som kanskje har meir progressivt synstap, kan ha vanskeleg å prosessere det.

Martin Olaussen har orasje t-skjorte, rød caps og grønn skjorts. Han og flere andre med synshemninger i Narvik sitter foran et veikryss med skilt til mange europeiske byer. I bakgrunn er en busk med gule blomster og en rød telefonkiosk.

Martin Olaussen har fått fleire nye venner gjennom kursa i til dømes mobilitet.

Foto: Andreas Trygstad / NRK

Men syn- og mobilitetspedagog Marthe Berg fortel at det ikkje er vanleg å akseptere synstap så raskt som Martin har gjort.

– Mange bruker mange år på å kome dit og akseptere at dei kanskje må bruke ein kvit stokk. Martin sitt tilfelle er nok ganske spesielt.

Tyske Dave Janischak er selvlært og bruker metoden daglig

Tyske Dave Janischak er sjølvlært og bruker metoden dagleg