Hopp til innhold

Norske kommunar diskriminerer Sven Terje og andre svaksynte

Alle kommunane i Noreg bryt kravet om tilgjengeleg­heit på nettsidene sine. Det meiner forskarar.

Svaksynte Sven Terje Garmo ser på skjermen på datamaskina si på kontorplassen sin på Visit Lillehammer. Både skrift og musepeikaren er svært store. Han lener seg fram mot skjermen for å lese og held høgre arm på datamusa. Sven Terje har på seg ei raud piqueskjorte og har kort hår.

SER DÅRLEG: For å lese på nettsider må svaksynte Sven Terje Garmo zoome godt inn med eit forstørringsprogram. Med nokre tastetrykk kan han også få lese opp det som er på skjermen på øyret.

Foto: Alexander Nordby / NRK

– Det er trist, seier svaksynte Sven Terje Garmo.

Dagleg oppdagar han nettsider som ikkje er lagt til rette for han og andre med nedsett funksjonsevne.

Som svaksynt må han forstørre skrifta på data­skjermen. I tillegg bruker han eit program som les opp nettsida med lyd.

Men han møter ofte problem.

Manglar gode skildringar

Nettsidene kan ha dårleg kontrast mellom tekst og bakgrunn. Eller manglar gode skildringar av lenker, bilete og illustrasjonar.

Som til dømes at ein knapp med påskrifta «for tilsette» blir lest opp som berre «knapp» eller «menypunkt». Eller at illustrasjonar som flaum­kart manglar skildring.

Dette er dei største og mest alvorlege feila, ifølge Garmo.

– Skal du bruke berre høyrsel for å finne fram, så er det viktig kva som står der, seier han.

Les også Ber norske kommunar skjerpe seg – Sølvi snublar i sparkesyklar kvar dag

Sølvi Ørstenvik er blind og snublar stadig i sparkesyklar i Sandefjord

Problem for svaksynte og blinde

Ifølge Blinde­forbundet levde meir enn 320.000 personar med syns­hemming i Noreg i 2018.

No har forskarar ved NTNU i Gjøvik funne ut at ingen av kommunane oppfyller kravet til tilgjengelegheit for IKT, særleg for folk som er blinde eller svaksynte. Alle kommunane har brote lova på ulike vis.

Til dømes er ein ikkje garantert å få informasjon kvar stemme­lokala er den 11. september. Eller å kunne sende inn søknad om å sette opp eit tilbygg på huset sitt.

– Dei får ikkje med seg informasjonen, heilt enkelt, seier første­amanuensis Anne Britt Torkildsby.

NTNU-forskarane Yavuz Inal (til venstre) og Anne Britt Torkildsby (til høgre) sit på eit møterom, på same side av eit langt møtebord, med ein datamaskin framføre seg. Dei snur seg mot kamera. Yavuz Inal har på seg blå piqueskjorte, har NTNU-nøkkelkort rundt halsen, har briller med svart innfatning og har kort skjegg. Anne Britt Torkildsby har på seg eit skjorte med kvite og svarte striper og over denne har ho ei dressjakke i ein rosa-rød fargetone, og så har ho krøllete kort hår som er endå kortare på sidene.

FORSKARAR: Yavuz Inal og Anne Britt Torkildsby er begge førsteamanuensar ved Institutt for design, NTNU på Gjøvik. Dei har undersøkt kommunane sine nettsider og funne at alle kommunar bryt lovverket for IKT-tilgjengelegheit.

Foto: Alexander Nordby / NRK

– Må auke medvitet

Men det er mogleg å gjere noko med dette.

Nemleg å auke medvitet slik at dei som jobbar med websida følger regel­verket.

Regel­verket, som kom for ti år sidan, krev at alle nettsider skal vere universelt forma ut.

– Tilsynet for universell utforming av IKT kan sjekke at alt er følgd, og gi dagbøter, seier Torkildsby.

Ho fortel også at forskarane skal sjekke kommunanes nettsider til neste år, for å sjå om det har kome nokre forbetringar.

Strengare regelverk

Etter at funna til forskarane ved NTNU i Gjøvik vart henta inn, har regel­verket blitt skjerpa.

Asbjørn Finstad i kommunesektorens interesseorganisasjon (KS) seier han ikkje kan svare for alle kommunane og fylkeskommunane når det gjeld lovbrota.

Men i dag må alle verksemder i offentleg sektor ha på plass ei erklæring om tilgjengelegheit på sine nett­stader.

– Da kan kommunane lettare sjå kva for manglar nett­sidene har, og starte på jobben med å korrigere svakheitene, meiner Finstad.

– Bruk oss!

Svaksynte Sven Terje Garmo meiner det er trist at me ikkje har kome lenger i arbeidet med tilgjengelegheit.

Sven Terje Garmo sit på kontorplassen sin hos Visit Lillehammer. Han har snudd seg og kontorstolen mot kamera, og det ser ut som at han pratar. Han held den venstre armen ut som om han gestikulerer. Rundt han er det eit skrivebord, ein liten skuffeseksjon ved sidan av, og på pulten står ei flaske, ein kaffikopp, og kaffipulver.

TRENGER HJELP FOR Å LESE: Garmo ser ingenting på høgre auge og har 20 prosent syn på venstre auge. Det ein med vanleg syn ser på 30 meters avstand ser han på ein meters avstand.

Foto: Alexander Nordby / NRK

Han meiner det er kritikk­verdig at ei så stor gruppe blir utelatne frå offentleg informasjon.

Garmo ber kommunane bruke svaksynte som ein ressurs i arbeidet som står att. Det skal ikkje meir til enn at ein kommune inviterer inn ein synshemma, seier han.

– Slik kan dei som lagar nettsidene sjå korleis det fungerer. Det er ikkje så komplisert, og det er gratis å bruke oss.

Les også Her kryper de gjennom Nasjonalmuseet

Det er ikke lett å navigere seg gjennom Nasjonalmuseet om man har dårlig syn, mener Norges Blindeforbund.