Syver Blindheim er sju år når han brått mistar synet. Her festar han blikket mot kamera for siste gong.
No, fire år seinare, er han den første blinde til å styre skuleskipet Christian Radich.

Den blinde leiestjerna

Det er draumen no. Å vise veg for andre blinde. Ved å sprenge grenser.

Ein dag høyrer Syver at NRK Super søker etter barn til ein ny TV-serie frå skipet Christian Radich.

To minutt etter lagar han påmeldingsvideo, filma av pappa. Og ventar spent på svar.

Den brutale overgangen frå sjåande til blind har han takla forbløffande bra.

Det mest irriterande var at han nett hadde lært å lese, og måtte starte på nytt med punktskrift.

Han elskar å vere aktiv, og kan sykle og gå på rulleskøyter i timevis.

Hjelpt av ein brøkdels sidesyn som kan angje svake kontrastar i godt lys.

Med eigen synstolkar er det heller ikkje noko problem å springe fort, her under Valderløpet i fjor.

Musikk er også viktig for Syver.

På kulturskulen har han ingen problem med å lære seg å spele trommer.

Veslesøster Ylva stussar over etternamnet.

– Tenk at han er blind, og så heiter vi Blindheim!

Mamma Lydia og pappa Øyvind må berre le litt av det.

Ein vakker dag kjem svaret på søknaden til NRK Super.

Han er plukka ut! Han skal få segle med Christian Radich i den nye TV-serien!

Stolt mønstrar han på det ærverdige skipet, saman med 12 andre barn med og utan funksjonsnedsettingar.

På fem dagar skal dei segle frå Oslo til Verdens ende – og tilbake igjen.

Det kjente landemerket ligg sør på Tjøme i Færder kommune.

Målet er at barna skal overta drifta av skipet. Då må alle oppgåver lærast, store som små.

Med litt tilpassing kan alle skure dekk, heise segl og binde tau.

Kven vil klatre opp riggen?

Syver lyser opp – eg vil!

Han veit kva høgde er. Men han tenker det kan gå bra om han tar det roleg, og får på klatreselen.

Nølande tar han dei første stega på utsida av riggen.

For han er ikkje dumdristig - berre modig.

Han blir livredd fleire gongar på veg opp, men trassar frykta og klatrar vidare. Til slutt står han der, trygt på plattingen.

Og kjenner på ei enorm stoltheit og glede.

Men utfordringane stoppar ikkje der.

Snart skal han gjere noko som ingen andre blinde har gjort før han på Christian Radich.

Han finn vegen til roret, og let fingrane gli over det glatte treverket.

Han kjenner nokre kuler der, kulene kjem med jamne mellomrom heile vegen rundt det store roret.

«Tre hakk mot styrbord» høyrer han, og dreier roret mens han tel inni seg. Eitt hakk er éi kule på roret.

Han styrer skipet! Åleine!

Det unge mannskapet hjelper og støttar kvarandre, og opplever felles meistring på høgt plan.

Det gir god ballast vidare i livet.

I vinter skal han gå det 8 kilometer lange Ridderrennet, og har trent med familien.

Å utfordre seg sjølv heile tida er grunnleggande viktig for Syver.

«For då lærer eg nye ting, og viser at det er mogleg. Eg vil vere eit forbilde for andre blinde.»

journalist

Monika Blikås
Ansvarlig redaktør: Vibeke Fürst Haugen
Nettsjef: Hildegunn Soldal