NRK har snakka med fleire norske losar som seier dei nektar å vere sensor for russiske navigatørar som skal ta farleisprøver.
265 russarar har i dag løyve til å segle fritt langs norskekysten.
Og losane meiner det er ein tryggingsrisiko at dei har eit sertifikat til å segle norskekysten utan los om bord.
Også kalla farleisbevis.
– Det er mykje infrastruktur og kyst som dei kan kartlegge grundig. Det meiner eg ikkje er rett at dei kan. Nokon må ta ansvar når ikkje styresmaktene gjer det. Så ut ifrå mi eiga samvit, så seier eg nei.
Det seier ein av losane NRK har snakka med.
Losane ynskjer å vere anonyme fordi det er tenestesvikt å seie nei til å vere sensor.
Førre veke skreiv NRK om statslos og stortingsrepresentant Dagfinn Olsen (Frp) og forskar Ståle Ulriksen som meiner Noreg har vore naive som har gitt 265 russarar farleisbevis.
Støttar dei fullt og heilt
– Det er klart at dei ikkje har lyst å gjere det. Men dei må, fordi dette er eit politisk fatta vedtak og då kan ikkje ein statstenestemann setje seg ned og nekte. Det får konsekvensar.
Det seier den nyleg pensjonerte statslosen, Inge Lockert.
Lockert har jobba som los i Lødingen i Nordland 23 år og har forståing for at dei tidlegare kollegaene ikkje vil vere sensor.
– Eg støttar dei fullt og heilt, seier Lockert.
Statslos Inge Lockert har sjølv vore sensor for navigatørar på farleisprøva.
Foto: Olaug Bjørneset / NRKHan seier losane er pålagd å vere sensor når dei først har meldt seg til det. Dei kan ikkje trekke seg når dei ser kven dei skal vere sensor for.
– Det ligg under arbeidsplikta, og den kan dei ikkje takke nei til. Og dette har dei fått beskjed om frå arbeidsgivar.
Han er tydeleg på at med dagens tryggingssituasjon er det ikkje klokt å la russarar segle i norsk farvatn utan ein offentleg norsk tenesteperson om bord.
– Det ikkje så lurt å sleppe dei inn i fjæresteinane våre og gi dei moglegheita til å kartlegge kysten.
NRK kjenner ikkje til konkrete hendingar der russiske sjøfolk med farleisbevis har gjort noko ulovleg.
Los Inge Ottar Sætrevik fortel om ein russisk styrmann som skulle rapportere heim om dei såg norsk etterretningsskip.
Viktig for russarane å kjenne kysten
Det siste året har NRK saman med dei nordiske allmennkringkastarane brukt opne trafikkdata for å kartleggje russisk skipstrafikk.
AIS-sporing av 50 russiske fartøy viser blant anna at skipa plutseleg dukkar opp der det har vore ei Nato-øving. Dei søkjer nødhamn i område der Noreg og allierte land trener med ubåtane sine.
Dei var også i nærleiken då viktige fiberkablar vart kutta utanfor Vesterålen eller skada utanfor Svalbard i fjor.
Kartet viser AIS-sporinga til fleire russiske fartøy.
Foto: OpenMapTiles / Data fra KystverketForskar Åse Gilje Østensen trur at utviklinga i den russiske nordflåten, med fleire mindre fartøy, og færre store skip, gjer det viktigare for russarane å kjenne kysten.
– Vi trur norskekysten kan vere nyttig å gjere seg kjend med, fordi dei truleg må operere tettare på den dersom det skulle komme til ein krig vestover mot Storbritannia og USA.
Ho er til vanleg førsteamanuensis ved Sjøkrigsskolen.
– Eit hovudmål for Russland kan vere å hindre Noreg i å få forsterkningar viss det blir ein militær konfrontasjon, og Noreg skulle ha behov for militære forsterkningar frå Nato. Då er hamner og infrastruktur rundt hamner ei sårbarheit som vil vere verd å notere seg, seier Østensen.
Åse Gilje Østensen er forskar på Sjøkrigsskulen.
Foto: Erlend Koppergård / NRKHar forståing
Losdirektør i Kystverket Erik Freberg Blom seier det ikkje er eit stort problem at losar skal ha nekta å vere sensor.
– Vi har ikkje informasjon om at dette er eit problem, men kjenner til at nokre losar har gitt uttrykk for at dei ikkje ønskjer å vere sensor.
Han seier at tilsette i Kystverket, inkludert losane, er informerte om at dei som offentlege tenestepersonar skal ta omsyn til dei sanksjonane regjeringa vedtek.
Farleisbevisordninga er ikkje påverka av sanksjonane mot russarar som er innførte så langt.
– Vi har forståing for at nokre lósar kan komme opp i situasjonar dei synest er ubehagelege i møte med enkelte russiske kapteinar, seier losdirektøren og legg til:
– Samtidig har Kystverket eit ansvar for å ta vare på samfunnsoppdraget vårt med å sikre trygg ferdsel på sjøen, under dette å drifte farleisbevisordninga, seier losdirektøren.
Vurderer tiltak
Fiskeri- og havminister Bjørnar Skjæran (Ap) seier at regjeringa vurderer til ei kvar tid behovet for tiltak i lys av trusselbilete.
– Vi ser svært alvorleg på all maritim aktivitet som kan true den nasjonale tryggleiken. Til dømes at sivile russiske fartøy blir brukte i etterretningsverksemd i norske farvatn, seier Skjæran.
Fiskeri- og havminister Bjørnar Skjæran (Ap) seier styresmaktene har ein rekke verkemiddel for å sikre kontroll og oppsyn i norsk farvatn.
Foto: John Inge Johansen / NRKEtterretnings- og tryggingstenestene følgjer med på aktiviteten til fartøy langs norskekysten for å avdekkje og hindre tryggingstruande aktivitet, seier Skjæran.
På same tid vurderer regjeringa fortløpande tiltak for å redusere risiko som kan true norske interesser, ifølge ministeren.
– Men eg kan ikkje gå nærare inn på kva konkrete tiltak som til kvar tid er til vurdering.
Men eit tiltak som å ta frå russiske statsborgarar farleisbevis, er inngripande. Det seier direktør for navigasjonsteknologi og maritime tenester i Kystverket, Arve Dimmen.
– Dersom eit slikt tiltak skal vurderast, må ein sjå på kva effekt ein ønskjer å oppnå. Og kor treffsikkert dette er. I ei slik vurdering er det viktig å vere klar over kva farleisbevisordninga er og ikkje er, seier Dimmen.
Ikkje til for oppsyn
Både Skjæran og Dimmen seier at losplikta og farleisbevisordninga ikkje er til for å sikre kontroll og oppsyn med utanlandske fartøy.
Ordningane skal hovudsakleg bidra til å førebyggje ulykker i norsk farvatn.
– Konsekvensen av å suspendere farleisbevisa for russiske navigatørar er ikkje at fartøya eller navigatørane blir hindra tilgang til kysten, men at dei må bruke los, seier Dimmen og legg til:
– Og eit fartøy som bruker los har same tilgang til kysten som eit fartøy med farleisbevis. Rett nok med ein statleg tenesteperson om bord.
Han seier at gjennom farleisbevisordninga har dei også kontroll på ferdselen til navigatørane. På same tid er ein stor del av skipstrafikken langs kysten fartøy under 70 meter. Og for dei gjeld ikkje losplikta.
Arve Dimmen i Kystverket seier losplikta ikkje er til for oppsyn med utanlandske fartøy.
Foto: Kystverket– Farleisbevisordninga er med andre ord berre ein del av biletet. Det vil vere naturleg å også ta i betraktning ordningar som nettopp har som formål å regulere utanlandske fartøy sine tilgangar til norske farvatn. Og som vil omfatte mindre fartøy.