Hopp til innhold

265 russarar har løyve til å segle fritt langs norskekysten: – Noreg har vore naive

Både Losforbundet og forskar meiner russarane utnyttar ordninga. – Det gjer oss opne og sårbare.

Stortingsrepresentant og los Dagfinn Olsen ikledd dressjakke, rutete skjorte og mørke briller.

Stortingsrepresentant (Frp) og los Dagfinn Olsen seier det burde bli sett ekstra krav til kven som kan ferdast på kysten utan personar frå norske styresmakter om bord.

Foto: Ola Helness / NRK

– Når vi som losar opplever stadig vekk at folk grev og tek bilete av ting, så er det eit signal om at det er noko som skjer.

Det seier stortingsrepresentant Dagfinn Olsen (Frp).

Han er statslos av yrke, og seier Noreg har vore naive som har gitt 265 russarar eit sertifikat til å segle norskekysten utan innblanding frå staten.

Også kalla farleisbevis.

– Russiske sjøfolk seier til oss når dei er på farleisprøva, at dei har fått beskjed frå russiske styresmakter om å gjere seg kjent på norskekysten, hevdar Olsen.

Vil ha ekstra krav

I 2014 blei det gjort fleire endringar i reglane om farleisbevis for å auke bruken av det.

– Det burde bli sett ekstra krav til kven som kan ferdast på kysten her utan ein person frå norske styresmakter om bord, seier Olsen.

Los og stortingsrepresentant Dagfinn Olsen i kledd dressjakke og rutete skjorte på kaia framfor eit blått skip.

Los og stortingsrepresentant Dagfinn Olsen meiner Noreg har ei for liberal farleisbevisordning.

Foto: Ola Helness / NRK

Losar har ikkje berre i oppgåve å lose skip trygt til hamn, men også halde eit auge med kva som skjer om bord. Merker dei noko uvanleg, kan dei melde frå til dei rette instansane, ifølge Olsen.

– Eg frykta at russarane kan kartlegge kva dei vil langs kysten vår utan at vi agerer på det.

NRK kjenner ikkje til konkrete hendingar der russiske sjøfolk med farleisbevis har gjort noko ulovleg.

Les også NRK avdekker russisk etterretning fra fartøy - her fant politiet militærradioer

Bildekombinasjon av en sovjetisk radio, russiske fartøys ais-sporing, og fiskefartøyet "Taurus".

– Vi blir sårbare

I 2015 sa sivile russiske sjøkapteinar at dei vart oppfordra av russiske styresmakter om å skaffe seg farleisbevis og gjere seg kjend med norskekysten.

På den tida hadde litt over 100 russarar farleisbevis, ifølge tal frå Kystverket. Fem år seinare dobla talet seg til 243.

Forskar Ståle Ulriksen ved Sjøkrigsskulen er sikker på at Russland utnyttar at dei ikkje treng å ha norske statslosar om bord.

– Det gjer at vi blir opne og sårbare. Vi har liten kontroll over kven som beveger seg opp og ned langs kysten, og kva dei faktisk gjer på, seier Ulriksen.

Ståle Ulriksen ved Sjøkrigsskolen i Bergen.

Ståle Ulriksen ved Sjøkrigsskolen i Bergen meiner folk har grunn til å vere bekymra.

Foto: Erlend Koppergård

Det siste året har NRK saman med dei nordiske allmennkringkastarane brukt opne trafikkdata for å kartleggje korleis russisk skipstrafikk kan bli brukt til spionasje i Norden.

Kartlegginga viser at minst 50 skip har hatt moglegheit til å samle informasjon i det skjulte i minst ti år.

Spora viser blant anna at skipa plutseleg dukkar opp når det har vore ei Nato-øving. Dei søkjer nødhamn i område der Noreg og allierte land trener med sine ubåtar.

Dei var også i nærleiken då viktige fiberkablar vart kutta utanfor Vesterålen eller skada utanfor Svalbard i fjor.

Ulriksen meiner folk har ein grunn til å vere bekymra.

– Om ein ser noko som er uvanleg, så må ein gje beskjed, seier han.

Les også Stortingspolitikere etter NRK-dokumentar: Krever tiltak og mer kontroll

Utenriksminister Ine Eriksen Søreide i samtale med journalist

Slik som reglane er i dag har russiske sjøfolk rett til å navigere i norsk farvatn, skriv Tejmuraz Ramisjivili frå den russiske ambassaden.

– Forsøka på å blåse opp russofobi på grunn av sjøfolks opphav, luktar av etnisk diskriminering, skriv Ramisjivili.

– Verda ser annleis ut

Ulriksen og Olsen meiner det bør kome tiltak. Anten om det er innføring av losplikt på russiske skip eller hindre skip frå å segle i visse område.

Under den kalde krigen hadde vi nokre område der utanlandske fartøy ikkje fekk lov å segle. Ein kan kanskje tenke slik i dag, spesielt rundt viktige olje og gass installasjonar, seier Ulriksen

Les også Har fri tilgang til norskekysten

Det russiske skipet Akademik B. Petrov i nærleiken av Gjøa-feltet

Frå regjeringa si side vil dei no sjå på dette og kome med endringar.

– Vi skal verken vere naive eller paranoide. Losplikta vart fjerna i 2014, og no ser verda annleis ut. Då er det naturleg å sjå på desse tinga på nytt, og det gjer vi, seier statssekretær i Utanriksdepartementet Eivind Vad Petersson (Ap).

Han vil ikkje kome med dømer på kva konkrete endringar dei kjem med.

– Teknologien har endra seg. Trusselbilete har endra seg. Så vi utelukkar ingen tiltak for å beskytte oss betre, men vi må sørge for å treffe dei truslane vi no står ovanfor.

– Liberal farleisbevisordning

Stortingsrepresentant Olsen seier det er ingen som har så liberal farleisbevisordning som vi i Noreg, og trekk fram Russland som eit døme.

– Det er ingen norske fartøy som kjem inn til Murmansk utan at det har kome ein person frå russiske styresmakter om bord. Slik må det vere i Noreg også, seier Olsen.

Les også Dette er fire av de aktive agentene i Norge

En politibil står parkert utenfor den russiske ambassaden i Oslo.

Formann i Norsk Losforbund, Johannes Sivertsen seier at Noreg har den mest liberale farleisbevisordninga i Europa.

Land som Italia, Frankrike, England, Spania, og andre som vi samanliknar oss med, har strenge reglar på å få eit farleisbevis, ifølge Sivertsen.

Vi er av den oppfatning at russiske farleisbevis bør suspenderast, seier Sivertsen.

Johannes Sivertsen i Norsk Losforbund

Formann i Norsk Losforbund Johannes Sivertsen.

Foto: Norsk Losforbund

Han er også ein av dei som meiner det er naivt å tru at ikkje russiske sjøfolk hentar inn informasjon på vegner av Russland.

I mars i fjor sende Norsk Losforbund eit brev til Fiskeri- og næringsdepartementet, Justis- og beredskapsdepartementet, og forsvarsdepartementet der dei uttrykte bekymring for russiske ferdsel på norskekysten.

– Vi veit at russarane registrerer kysten vår, og losane varslar om dette i dei rette kanalane, men det blir ikkje gjort noko, seier Sivertsen

Journalistene får en liste over mistenkte russiske spioner. Hvorfor er det en militærradio på en russisk tråler? Hva skjedde med Svalbard-kabelen?

Journalistane får ei liste over mistenkte russiske spionar. Kvifor er det ei militærradio på ei russisk trålar? Kva skjedde med Svalbard-kabelen?