Hopp til innhold

Legar slår alarm om antibiotikabruk i kommunane

Uforsiktig bruk av antibiotika i kommunehelsetenesta kan truge folkehelsa, meiner legar ved Nordlandssjukehuset.

Antibiotikaresistente bakteriar

RESISTENT: Dette er ein urinprøve av ein pasient som har ein infeksjon. Dei kvite lappane er forskjellige antibiotika. Den einaste som er effektiv mot infeksjonen er den som har ein klår ring rundt seg. Bakterien er resistent mot dei andre fem antibiotikamedisinane.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK

– Somme gongar anar me ikkje kva som feilar pasienten, seier Hans Erling Simonsen, overlege ved Nordlandssjukehuset.

To legar ved Nordlandssjukehuset sende i februar bekymringsmelding til Helsetilsynet. Dei får førespurnadar og pasientar som har fått brei antibiotikabehandling i kommunane, utan at kommunehelsetenesta har sikra dyrkingsprøvar av pasientane.

Dette gjer til at sjukehuset ikkje greier å dyrke fram bakteriar for å vite kva infeksjon som plager dei sjuke.

I verste fall kan dette føre til både mindre effektiv antibiotika og at pasientar får dårleg tilpassa behandling.

– Uforsiktig bruk av breispektera intravenøs antibiotikabehandling kan òg føre til meir resistente bakteriar. Det me verkeleg er redd for, er at dei sterkaste medisinane skal verte nyttelause, seier Simonsen.

Hans Erling Simonsen

YNSKJER ENDRING: Hans Erling Simonsen meiner ein bør sjå på Samhandlingsreformen på nytt, og om det trengst endringar i krava til antibiotikabruk.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK

Manglar kompetanse

Samhandlingsreformen, som kom i 2012, påla alle kommunar å ha kommunale akutte døgnplassar (KAD) frå 2016. Desse plassane gjev kommunar moglegheit til å behandle mindre alvorlege sjukdomar for å senke talet på innleggingar. Dei har også lov til å gje antibiotika intravenøst, og det er dette som uroar legane.

To bakteriekulturar, dei veks i kar med antibiotika

KAN IKKJE TA SLIKE: Det er slike bakteriekulturar kommunehelsetenesta ikkje kan ta i dag, grunna mangel på kompetanse.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK

– Etter at dette vart innført, ser me at det kjem fleire pasientar til sjukehuset som har blitt behandla med breispektera antibiotika, seier Simonsen.

Legane ynskjer at kommunalhelsetenesta skal vere i stand til å ta relevante prøvar, mellom anna blodkultur. Desse kan dyrkast ved eit mikrobiologisk laboratorium, slik at sjukehuset kan finne ut kva bakteriar som er årsaka til sjukdomen. Då kan dei gje målretta og god behandling.

– Det er viktig at me får desse prøvane, slik at me faktisk veit kva me behandlar, seier Sandra Åsheim, overlege ved Nordlandssjukehuset.

For å ta dyrkingsprøvar, treng ein utstyr for å ta prøvar av blodkultur, kompetanse og moglegheit til å frakte prøvane raskt til sjukehuset.

Sandra Åsheim syner fram kvar dei dyrkar blodkulturprøvar

KOMPLISERT: Sandra Åsheim forklarer at å ta blodkulturprøvar ikkje er mogleg for kommunane i dag. Her syner ho kvar dei oppbevarer og dyrkar bakteriane frå pasientar.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK

Eit stort ansvar

Morten Lindbæk, leder for Antibiotikasenteret for primærmedisin og professor i allmennmedisin

SER NASJONALT PROBLEM: Morten Lindbæk ser alvorleg på antibiotikabruk i kommunen, og tek med seg meldinga frå Nordlandssjukehuset vidare i sin organisasjon.

Foto: Camilla Veka/NRK

– Vert det krevja behandling med det same, må ein starte med breispektra antibiotika, for då kan det stå om å redde liv, seier Morten Lindbæk, leiar for Antibiotikasenteret og professor i ålmennmedisin.

Antibiotikasenteret for primærmedisin er eit nasjonalt kompetansesenter som fremjar avgrensa bruk av medisinen for å bremse antibiotikaresistens.

Lindbæk meiner kommunen bør ha moglegheit til å bruke den kraftige antibiotikaen, men at dei bør få kompetanse, oppfylging og retningslinjer.

– Me føl retningslinjene

– Bodø kommune føl dei retningslinjene me har fått, seier Anne-Mari Haugen (Ap), leiar i Helsekomiteen i Bodø kommune.

Ho sit inne på eit lite rom ved Sølvsuper helsesenter i Bodø, som er ein av dei seks KAD-plassane kommunen driv ved sjukeheimen. Kravet om å ha slike døgnplassar kom i 2016, men Sølvsuper har drifta KAD sidan 2013.

Anne-Mari Haugen

FØL REGLANE: Bodø kommune følgjer retningslinjene dei har, men understrekar at dei ynskjer endring.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK

– Me tykkjer det er flott at dei set fokus på Samhandlingsreforma og ber om avklaringar på ansvarsfordelingar. Dette er noko me ser fram mot å diskutere vidare, seier Haugen.

– Korleis kjem de til å gå vidare med denne saka?

– Det er naturleg at me tek dette opp i Helsekomiteen, og me ventar på vidare behandling av saka, og gjer innspel om me vert spurt om det, seier Haugen.

– Kommunane må få midlar som passar til det ansvaret dei tek på seg.

Anne-Mari Haugen (Ap), leiar i Helsekomiteen i Bodø kommune.

Det er no Helsetilsynet som skal vurdere saka og eventuelt ta dette vidare til Helsedirektoratet.

Mail frå Helsedirektoratet

SENDER BALLEN VIDARE: Helsedirektoratet si kommunikasjonsavdeling svarar NRK at dei ikkje kommenterer saka før den er behandla av Helsetilsynet.

Foto: Skjermbilete / Illustrasjon

NRK har diverre ikkje lukkast i å nå Helsetilsynet.