Hopp til innhold

Landbruksministeren snur om «ku-mosjonering»: – Kua ville gått heilt bananas

Berre ei veke etter at nye krav om lufting av kyr blei innført, lempar landbruksministeren på krava.

Ei ku ser rett inn i kamera.

FÅR IKKJE MOSJON LIKEVEL: Landbruksministeren opphevar kravet om regelmessig mosjon av kyr og senkar kravet til kor mange veker i året dei skal bli lufta.

Foto: Marius Andre Jenssen Stenberg

Førre veke skreiv NRK om at det frå nyttår blei innført nye krav for kyr på bås.

Dei skulle bli lufta 16 veker i året og få regelmessig mosjon.

Men allereie etter ei veke vil landbruksminister Geir Pollestad endre på krava.

Han vil oppheve kravet om regelmessig mosjon. Kravet om lufting blir geografisk delt inn.

Landbruksministeren seier at dei har fått tilbakemelding frå bønder som meinte dei ikkje kunne halde fram drifta om dei nye krava blei innført.

– Vi har lytta på bekymringa. Difor gjer vi no om vedtaket, seier Pollestad til NRK.

Dyrevernalliansen meiner at Pollestad manglar grunnleggande forståing for dyrevelferd.

Les også Nå må bønder «lufte» kyrne mye oftere: – Dårlig dyrevelferd for kyrne med gjørme opp til knærne

Trond Klausen må kanskje bygge om fjøset

Landbruksministeren: – Vanskeleg å gjennomføre

I deler av landet er det framleis 16 veker lufting av kyrne som gjeld.

Arealsoner for tilskudd i Landbruket.

Dette kartet viser dei ulike sonane for arealtilskot. Det er sone 5-7 i kartet der lufting av kyra blir redusert frå 16 til 12 veker. Det vil seie Nord-Noreg, Vestlandet og høgareliggande deler av Sør-Noreg.

Foto: Kilde: Landbruksdirektoratet

Men områda som ligg vanskelegast til geografisk og vêrmessig, som Nord-Noreg, høgtliggande deler av Sør-Noreg og Vestlandet, får endra kravet til 12 veker.

Kravet om regelmessig mosjon og fri rørsle resten av året, seier landbruksministeren at dei opphevar fordi det ville blitt svært vanskeleg å gjennomføre.

– Det kravet trur eg ikkje er tenkt særleg mykje igjennom. Om du drar ei ku ut av fjøset sitt berre for ein tur midt på vinteren trur eg kua ville blitt heilt bananas.

– Får dyra nok mosjon og nok fri luft når de no endrar på krava?

– Vi er opptatt av at det står minst i vedtektene. Altså minst 16 veker, og for deler av landet no minst 12 veker, seier Pollestad og legg til:

– Eg trur det er bra at dyra er ute. Men geografien og vêret i Noreg gjer at det ikkje er gitt at det blir betre dyrevelferd å gå opp til 16 veker. Difor har vi sett kravet på 12 veker.

Landbruksministeren seier endringa skjer etter ein totalvurdering både ut av omsyn til dyr, men òg for å kunne ha mjølkeproduksjon i heile landet.

Les også Da hele jordet var fylt av møkk, skjønte Tore hva som hadde skjedd: – Vanskelig å tro at det er sant

Fjøset i Hattfjelldal står nå uten en vegg.

Bonde: – Nok med åtte veker

Mjølkebonde Trond Klausen på Vestvågøy i Lofoten har tidlegare fortalt NRK at krava som skulle kome i 2024 ville bli vanskeleg å gjennomføre for mange bønder.

Han synest det er positivt at krava no blir enda.

– Men på eitt vis skulle det berre ha vore åtte veker, og at dei som kunne få det til, kunne ha dei ute meir, seier han.

Trond Klausen må kanskje bygge om fjøset

I fjor var det for dårleg vêr i Lofoten til at han kunne å sleppe kyrne ut før St. Hans. I tillegg er september ein utfordrande månad mange år.

Foto: Ingrid Gulbrandsen Årdal / NRK

Årsaka er at vêret har mykje å seie for kor lenge bøndene kan ha kyrne ute.

Om det blir mykje nedbør blir beita fullstendig opptrakka. Det går òg ut for kvaliteten på mjølka, fortel bonden.

– Eg er for så mykje beite som det går an, men Vårherre har laga litt avgrensingar på nett det der.

Kyr i fjøsen til bonde Trond Klausen Vestvågøy, Lofoten

Bonden i Lofoten meiner ein burde stole på at bonden tenkjer på dyras beste. – Om du har eit pålegg som bestemmer kva du skal gjere med dyra, utan at du kan vurdere det sjølv, blir det gale.

Foto: Ingrid Gulbrandsen Årdal / NRK

62-åringen trur likevel han vil klare å lufte kyrne nok til å vere innanfor det nye kravet. Han har nemleg berre eit småbruk.

– Men hadde eg hatt dobbelt så mykje dyr ville det ha vore vanskelegare, seier han og legg til:

– Det begynner å bli så hektisk å vere bonde no at mange ikkje kan klarer arbeidsmengda. Om du då skal klare å halde gjerde for å lufte kyrne vinterstid, vil det bli veldig krevjande.

Fjøsen til bonde Trond Klausen Vestvågøy, Lofoten

Når det er snø og frost er det ikkje lett å få eit straumgjerde til å fungere. Det får ikkje kontakt med den frosne jorda. Difor vil det vere vanskelegare for bønder med mange dyr å ha dei ute, meiner Klausen.

Foto: Ingrid Gulbrandsen Årdal / NRK

– Manglar grunnleggande forståing for dyrevelferd

Live Kleveland, kommunikasjonsleiar i Dyrevernalliansen, meiner derimot at krava no ikkje blir strenge nok.

Geir Pollestad viser med dette at han manglar grunnleggande forståing for dyrevelferd, seier ho.

Dyrevernalliansen meiner båsfjøs burde vere forbode i Noreg for lenge sida. I bås seier Kleveland at om lag all rørsle blir forhindra.

Live Kleveland i Dyrevernalliasnen meiner at dyrepolitiet i Vest politidistrikt ikkje brukar nok pengar på å jobbe mot dyrekriminalitet.

– Båsfjøs ser ut til å føre til høgare risiko for dårleg beinhelse og rørsleproblem. På beite kan kua leve eit fritt aktivt liv, i tråd med sine artstypiske åtferdsbehov, seier Live Kleveland i Dyrevernalliansen.

Foto: Iselin Linstad Hauge / Dyrevernalliansen

– Når kyr får velje sjølv, bruker dei meir enn halvparten av døgnet på beite.

Ho meiner mosjonskravet ville gitt betre dyrevelferd.

– Viss ein gard både har båsfjøs og manglar moglegheit til å gi kyrne lang beiteperiode, manglar garden grunnlag for hald av kyr.

Les også Oksen Ferdinand ble kuttet opp innvendig – nå vil Bondelaget jobbe for å forby metallbokser

Oksen Ferdinand ved Brennbakk gård

Bondelaget er fornøgd

Endringane i krava er i tråd med det Bondelaget har ønsket.

– Det er bra det nå blir 12 veker på beite i de områda det ikkje er klimatiske forhold for meir, seier leiar for Bondelaget i Nordland, Trond Bjørkås.

Han gir samtidig eit lite stikk til Dyrevernalliansen.

– Vi ønsker ikkje at dyrevelferdsorganisasjonar utan kunnskap og kjennskap til næringa skal sette premissane, seier Bjørkås.

Les også – Å ha hendene i jorden har en positiv effekt på den mentale helsen

Thomas Rasch sår persille i urtehagen på Vågønes.

Skal gjere overgangen «mjukare»

Lausdriftskravet som skulle kome i 2024 er utsett til 2034. Det er bakgrunnen for at dei forsterka reglane kom i første omgang.

– Trur du at dei vil klare overgangen på 10 år?

– Då er det 30 år sidan kravet blei varsla, og ein begynner å nærme seg tida for å gjere nye investeringar, seier Pollestad.

Landbruksminister Geir Pollestad (Sp) besøkte Alta i september.

– Vi meiner dette er ein regel som finn balansen i omsynet til dyrevelferd, og det å ha moglegheit til å drive på ein god måte, seier landbruksminister Geir Pollestad.

Foto: Irmelin Kulbrandstad / NRK

Landbruksministeren seier han er opptatt av inntekt til bonden og ordningar for investeringar for at flest mogleg skal greie å vere mjølkeprodusentar også etter 2034.

Mellom anna i Nordland seier han det blir betra ordningar for mykje tilskot til investeringar bøndene kan få.

– Det er fordi vi ønsker landbruk i alle landbruksbygder. Eg er optimist, men det kjem til å bli krevjande. Det blir ei oppgåve for bøndene og politikarane i samarbeid.

No ber landbruksdepartementet mattilsynet om å sende dette på høyring. Målet er å fastsetje forskriftene før 1. mai 2024. Då begynner beitesesongen.

– Det vil vere mogleg å gi innspel på høyringa, men eg er innstilt på at vi kjem til å gjennomføre dette i tråd med bestillinga til Mattilsynet, seier landbruksministeren.

Les også Mens bøndene i sør hyller regnet, jubler bøndene i nord for tørken

Magne Kristensen bonde