Hopp til innhold

Flyplass sel utanlandske varer som lokalmat: – Vi vart veldig skuffa

Namnet lover lokale råvarer. Det dei to reisande fekk var produkt frå alle andre stader enn Bodø. Avinor tar kritikken til etterretning.

«Local by Bodø» konsept på Bodø Lufthavn

På veggen kor det står skrive «Local by Bodø» var det få, om nokon, lokale produkt å finne. Nå får Avinor kritikk.

Foto: Sunniva Grimstad Hestenes / NRK

Rundt 1,7 millionar passasjerar frå heile verda var innom Bodø lufthavn i 2022.

På vegen gjennom avgangshallen går gjerne desse passasjerane forbi ein seksjon som er merka med «Local by Bodø».

Dette gir då automatisk ein indikasjon på at her blir det selt lokalmat frå nordlandsbyen.

Det meiner i alle fall administrerande direktør Nina Sundqvist i stiftinga Norsk Mat.

– Det gleda lokalmathjartet som mitt, og forventningane var store på vegen bort dit.

Blei skuffa

Saman med fagsjef Marit Strand hadde dei vore på ei reise i fylket og hadde ein god time på flyplassen og ville inn på butikken.

– Då tenkte vi at vi skulle få sjå det Bodø og Nordland har å vise fram, seier Strand.

Dei hadde forventninga om å finne fylke sine stoltheitar som trøffelstong frå Lofoten, salt frå Saltstraumen, Tørrfisk frå Lofoten, eller Vesteraalens fiskebollar.

I staden blei dei møtt av desse produkta:

Local by Bodø

Under fanen «Local by Bodø» på Bodø lufthavn finner man ein rekke produkter. Deriblant majones frå den franske kokken Nicolas Vahé som er bosatt i Danmark.

Foto: Sunniva Grimstad Hestenes / NRK
«Local by Bodø» konsept på Bodø Lufthavn

Tomatsaus, makaroni og sirup - også det fra Nicolas Vahé.

Foto: Sunniva Grimstad Hestenes / NRK
Local by Bodø

Sokkar frå den amerikanske klesgiganten Calvin Klein.

Foto: Sunniva Grimstad Hestenes / NRK
«Local by Bodø» konsept på Bodø Lufthavn

Sjokolade av typen M&M frå det amerikanske Mars-selskapet.

Foto: Sunniva Grimstad Hestenes / NRK

– Det var ikkje mykje lokalt å finne. Vi såg veldig mange produkt med italiensk og fransk opphav. Eg, som er frå opphavleg er frå Bodø, byrja å lure på om eg var på ein flyplass i Milano, seier fagsjefen.

I butikkhyllene fann dei salt, sjokolade lakriskular, olivenolje og majones, som alt var importert frå utlandet.

– Vi vart veldig skuffa. Vi leita også med lykt og lupe for å finne noko som var lokalt, og det nærmaste vi kom var eit lite syltetøyglas frå ein produsent i Finnmark som heiter Molta.

Meininga blei først omtalt i eit lesarinnlegg i Avisa Nordland.

Les også Ann-Helen sel kvalkjøt og porselen

Kvinne med porselen i handa, fisk med frysar bak

Kvifor lokalmat er viktig

Lokalmat er utruleg viktig, ifølge Strand. Det er ikkje berre ein luksus vi skal ta fram i ny og ne for å vise fram til gjestar og reisande.

– Det er ein identitetsmarkør og kultur. Det er jo matkultur og ikkje minst så er det stoltheit. Stoltheit av å vise kor du er og kor du har vore på besøk.

I 2024 er Bodø europeisk kulturhovudstad, så då bør også maten frå byen og fylket bli løfta fram, meiner Strand.

Fagsjef i Norsk Mat, Marit Strand med kort svart hår, ikledd svart genser og ser rett i kamera med en grå bakgrunn.
Foto: Norsk Mat

– Og det bør vi sørge for blir formidla til dei besøkande og innbyggjarane, og særleg då på Bodø lufthavn som er innfallsporten til Bodø som kulturby.

– Vi må sørge for at vi er såpas konsekvens i bodskapen at vi klarer å få fram den lokale maten og dei nordlandske mattradisjonane på flyplassen, framfor at det er Italia og Frankrike som møter deg der.

– Vi vil jo gjerne vise at ein har vore i Bodø, og då må du kunne kjøpe med deg noko som har med Bodø å gjere, legger ho til.

Tar kritikken til etterretning

Avinor er ansvarleg for Noregs lufthamner, og har blitt lagt fram kritikken frå Norsk Mat.

Dei har også det same konseptet på Tromsø lufthavn.

Avinor seier at å tilby lokale matvarer og produkt til sine passasjerar er viktig for dei, og dei har fleire lokale produkt på Bodø lufthavn.

Berre ikkje der det står «lokale produkt».

«Local by Bodø» konsept på Bodø Lufthavn

FULLT: Hyllene under «Local by Bodø»-fana er fylt godt opp.

Foto: Sunniva Grimstad Hestenes / NRK

– Å tilby lokalmat er viktig for oss, både for å støtte lokale produsentar og for å gi reisande ein smak av regionen og landet dei besøker. Dette er spesielt viktig i ein tid der reisande søker autentiske opplevingar, seier Øystein Løwer, pressevakt i Avinor.

– For eksempel er lokale produsentar som Arctic Salt, Bønner i byen og Craig Alibone representert i Travel Value butikken i Bodø.

Om kritikken frå Norsk Mat, seier Avinor at dei tar det til etterretning.

Vi tar kritikken til etterretning og er i kontinuerleg dialog med våre partnarar for å forbetre sortimentet.

Sortimentet på denne avdelinga kan variere på grunn av avgrensingar i sortimentet og kundanes etterspørsel.

– Dette konseptet er laga for å fremme lokale produkt, men det inkluderer også eit utval av internasjonale varer for å møte eit breitt spekter av kundepreferansar. Avgrensingar i sortimentet kjem av krav frå Mattilsynet og kundanes etterspørsel.