Hopp til innhold

Over 50 smitta: – Vi ser ofte at smitta kjem frå utestadane, uten at dei gjer noko gale

Dei to siste store smitteutbrota i Nordland har starta på utestader. Men det er ikkje nødvendigvis utelivsbransjen sin feil. – Gruppa i alderen 25 til 40 er ikkje vaksinert, og må vere ekstra påpasseleg, seier statsforvaltaren i Nordland.

Blåbrygga, Sortland

Fleire personar som har vore på Blå Bar har fått covid-19. Utestaden er stengt og vil ikkje opne igjen denne veka.

Foto: Monica White Martinsen / NRK

Totalt i Vesterålen er no meir enn 50 personar koronasmitta.

Berre i Sortland er 36 personer smitta etter førre helg. No innfører alle kommunar i regionen strenge smitteverntiltak.

Fleire personar som har vore på utestaden «Blå bar» på Sortland har vorte smitta av covid-19.

Det er mistanke om smitte med Delta-varianten.

Dei siste to store utbrota i Nordland har kom etter samling på utestader. I slutten av juni opplevde utestaden Trevarefabrikken i Henningsvær et større utbrot.

Dei som går på bar er ikkje vaksinert

Det er nok ikkje tilfeldig, seier Tom Cato Karlsen, som er statsforvaltar i Nordland og mangeårig lege.

Og det er ikkje nødvendigvis utelivsbransjen som er slepphendte med smittevernreglane.

– Mi oppfatning er at utelivsbransjen tar dette seriøst. Det er viktig for dei å følge smittevernreglane, for å ha folk i jobb og ei omsetning å leve av.

I staden peiker han på folk som er ute på byen.

– Utfordringa er at etter eit år med strenge tiltak er folk lei. Dei har ferie og folk vil ut og kose seg og treffe vener. Då blir ein kanskje litt slepphendt med smittevernreglane.

Så ser vi at dei gruppene som ein oftast finn på dei tradisjonelle utestadene er dei som er sist i vaksinasjonskøen. Det er snakk om gruppa mellom 18 og 24 år og 40 og 45 år, legg Karlsen til.

Statsforvalteren i Nordland, Tom Cato Karlsen

– Etter mi oppfatning gjer utelivsbransjen ein kjempejobb, seier statsforvaltar Tom Cato Karlsen i Nordland.

Foto: Bente H. Johansen / NRK

Statsforvaltaren seier at det ikkje er uventa at det kjem utbrot no, sjølv om mange er vaksinert.

Likevel er det høg risiko at dei dreg med seg smitte til andre.

Kommunane i Vesterålen er blant kommunane med færrast fullvaksinerte i landet.

– Lofoten og Vesterålen er populære ferieområde. Det er ingen stor overrasking at det kjem smitte no, men det er viktig for meg å oppfordre alle, både vaksinerte og ikkje vaksinerte til å tenkje seg godt om i vekene framover.

No innfører lokal helsemakt ein lokal forskrift som forbyr skjenking etter midnatt og set avgrensingar for private samkomer i heile Vesterålen.

Les alt om tiltaka her.

Forskrifta trer i kraft 24. juli klokka 00.00 og gjeld til og med 31. juli 2021.

36 smitta på tre dagar

Hedda Mørch, vikarierande smittevernlege i Sortland, fortel at smittesituasjonen i Sortland er dramatisk.

– Vi har hatt 36 smitta i løpet av dei tre siste dagane. Det er svært høge tal til å vere Sortland.

Sortland kommune har aldri før vore i denne situasjonen.

Smitteoverlegen seier dei jobbar med å få kontroll på situasjonen.

27 personar har blitt bekrefta smitta berre det siste døgnet.

På tysdag vart 5 personar smitta, på onsdag vart 9 nye smitta, og i går hadde dei 27 smitta. Fem av disse er hurtigtestar som enno ikkje er bekrefta.

Det er berre 28,3 prosent av innbyggjarane i kommunen som er fullvaksinert.

Blå bar

– Smitten kan verte spora tilbake til ein konsert som var i Meløyvær i Harstad 10. juli. Via nokre personar som var på konserten har den komme til Blå Bar, og fleire har vorte smitta der, seier Mørch.

Blåbrygga, Blå bar, Sortland

Det siste døgnet er det registrert 27 nye koronasmitta i Sortland kommune.

Foto: Monica White Martinsen / NRK

Kommunen ber alle som har vore på utestaden «Blå bar» på laurdag 17. juli om å teste seg.

NRK har forsøkt å kontakte eigaren av Blå bar, men har så langt ikkje lykkast.

Til Bladet Vesterålen har eigar Erlend Salvesen bekrefta at det ikkje var fleire i lokalet enn smittevernreglane tillét.

Dei fleste som er smitte vart smitta på denne utestaden, men det er også nokon som har vorte smitta i andre sosiale samkomer.

Eit stort tal på butikkar har hatt ein eller fleire smittsame personar innom i løpet av veka.

Kommuneoverlegen ber om at alle skal ha låg terskel for å teste seg og halde seg heime sjølv ved lette symptom.

Torsdag testa kommunen 227 personar for viruset, og ventar framleis på svar på om lag 130 prøvar som vart tatt då.

– Føler de at de har kontroll på smitten?

– For augeblikket jobbar vi med å få kontroll. Vi held på med smittesporing på tilfella som vert meldt i går, seier Mørch.

Smitten har allereie spreidd seg til andre kommunar i Vesterålen.

Torsdag kveld vart blei det klart at til saman fem personer i Hadsel er smitta med covid-19.

Minst eit av smittetilfelle på Øksnes er knytt til utbrotet i Sortland.

Der melder smittevernlegen at det er 9 bekrefta smitta ifølge smittevernoverlegen. I Øksnes ventar dei òg på mange prøvesvar.

– Vi har ikkje kontroll, seier Ellen Pedersen, kommuneoverlege og smittevernlege i Øksnes.

Fullvaksinerte i Vesterålen

Kommune

Tal på Fullvaksinerte

Hadsel

37,6 %

31,7 %

Øksnes

31,0 %

Sortland

28,3 %

Andøy

34,9 %

Mistenker deltavarianten

– Vi mistenker at det er deltavarianten, basert kor smittsamt det er. Dette smittar veldig godt, seier smittevernlegen i Sortland.

Kommuneoverlegen i Øksnes reknar også med at det er deltavarianten som smittar i deira kommune.

Sortland kommunen ventar no på analysesvar.

Det tek tid fordi prøvar frå deltavarianten verte analysert i Oslo.

– Vi vurderer å setje inn lokale tiltak for å få kontroll på situasjonen. I så fall vil det vere snakk om målretta tiltak retta mot smittesituasjonen vi har for å få ned talet på nærkontaktar.

Smittevernlegen seier at dei vurderar anbefaling eller påbod om munnbind, innskrenka skjenkemoglegheiter eller avgrensingar over kor mange som kan møtes.

– I dag ventar vi at talet kjem til å bli høgare. Vi har aldri sett så høge tal i kommunen, seier Mørch.