Hopp til innhold

Kinesisk milliardbru må bytte 344 boltar eit halvt år etter opning

Kina sitt storprosjekt skulle vere inngangsbilletten til den europeiske marknaden. Resultatet vart to års utsetjing og behov for store reparasjonar like etter opning.

Hålogalandsbrua

Hålogalandsbrua kosta nesten fire milliardar kroner å byggje, og er Noregs nest lengste hengebru. Her er kinesiske bruarbeidarar under opninga av brua i 2018.

Foto: NRK

Hålogalandsbrua i Narvik kosta nesten fire milliardar kroner å byggje, og er Noregs nest lengste hengebru.

Men betong-utfordringar, dårleg sveisearbeid, konkursar og forseinkingar – kinesiske entreprenørar møtte mykje motvind i deira første store anleggsprosjekt i Europa.

Hålogalandsbrua i Narvik under bygging

Kinesiske og norske flagg vaiar side om side. Her frå bygging av brua i 2017.

Foto: NRK

Men det stansa ikkje der. Ein av boltane som held brua saman rauk og fleire er sprokne. No må alle skiftast for å halde brua trygg.

I tillegg til det kinesiske stålet, kom kabelhovuda frå Tyrkia og nokre av kabelfesta frå Sveits. Betongarbeidet, armering og asfalt er leverte av norske selskap.

– Vi meiner det er ein produksjonsfeil og at entreprenøren skal dekke kostnadane. Men det vert det sikkert ein diskusjon om, seier prosjektsjef Stein Johnny Johansen i Statens vegvesen nord.

Bru til besvær

Hålogalandsbrua

Den 1,5 kilometer lange Hålogalandsbrua kortar ned reisevegen med 15 til 20 minutt. Det er den sjette lengste hengebrua i Europa.

Foto: Ole Dalen / NRK

Den 1533 meter lange Hålogalandsbrua nord for Narvik vart bygd for å betre ei strekning på E6 som var kronglete og i dårleg stand.

Prosjektet skulle stått ferdig i 2016, men vart først opna i desember to år etterpå.

Prosjektet møtte straks på fleire utfordringar. Uvêr senka ein lekter som vart nytta under bygging av brua. Lekteren ligg framleis under vatnet ved stranda. Etter opning fekk ein trafikkant frontruta knust då snø og is fall frå brua og ned på bilen. Under ein månad seinare braut eit stag som heldt ein av kablane på brua.

Byggeleder i Statens vegvesen

Desse vaierane held brua oppe, og går mange meter under bakken til ein forankringshall i betong. Det er boltane som held desse vaierane på plass som no må skiftast.

Foto: Kjell Mikalsen / NRK

Og no må altso alle dei 344 boltane som held dei berande vaierane i hengebrua skiftast. Dei er utsette for å bli svekte av hydrogen, noko Vegvesenet meiner er ein feil som ligg i produksjonen og som kinesarane må ta ansvar for.

– Dette gjer til at dei etter kvart kan ryke, seier Johansen

– Brua skal stå i hundre år, minst. Og boltane må halde like lenge.

Kulturelle forskjellar

Stein Johnny Johansen

Stein Johnny Johansen, prosjektsjef i Statens vegvesen nord, seier samarbeidet med kinesiske entreprenørar har møtt utfordringar, men at dei har levert arbeid av god kvalitet.

Foto: Irene R. Skaue / Statens vegvesen

Då det blei kjent at kinesarane vant tilbodet, var det sterk murring blant norske entreprenørar.

– Det er jo ein heilt annan kultur, seier Johansen.

Han seier både kinesarane og norske aktørar måtte tilpasse seg kvarandre under byggeprosjektet. I tillegg til språket var det forhold til sjefar på arbeidsplassen og kvalitetssjekkar som var ulike mellom dei to arbeidskulturane.

Men Johansen fortel at samarbeidet var godt i store delar av prosjektet. Spesielt skryter han av at det var god kvalitet på delane av brua som vart produserte i Kina.

– Men so kom det jo nokre forseinkingar på slutten som vi ikkje er nøgde med, seier Johansen.

– Korleis ser du på å arbeide med kinesarane i framtida?

– Vi får sjå. Slike prosjekt går jo ut på anbod, so det kan jo hende vi kjem til å samarbeide med dei igjen, seier Johansen.

Arbeidet vil ta om lag 8–9 månader og kjem ikkje til å gå ut over bilistane, ifylgje Vegvesenet.

Ueinige

I ein e-post til NRK skriv entreprenøren Sichuan Road and Bridge Group (SRBG) at dei saman med tekniske rådgjevarar, Statens vegvesen og andre har undersøkt saka. Det er teknisk usemje mellom SRBG og Statens vegvesen om årsaka til feila og kven som er ansvarleg.

– SRBG er likevel i dialog med Statens vegvesen om ei løysing for utbetringsarbeidet og samarbeider for å løyse problemet, skriv Yu Yeqiang i SRBG i e-posten.

Hålogalandsbrua
Foto: Ole Dalen / NRK