Hopp til innhold

Her droppa halve befolkninga fylkesvalet: – Påfallande lågt

Medan over 60 prosent stemte ved kommunevalet, var det knappe 50 prosent valdeltaking i fleire stader. Tala overraskar ekspertane.

Fint mørketidslys i Bodø i helga. Fin veksling mellom uværskyer og lilla himmel.
Mvh

BODØ: I Nordland var det færrast som stemte på fylkesval i landet Bodøværingane trur det er fordi folk ikkje veit kva fylkestinget jobbar med.

Foto: Stein Joar Olsen

Då du gjekk til stemmelokalet måndag, fekk du to val bak forhenget.

Du kunne stemme på kommuneval og fylkestingsval.

Ein av fem som gjekk inn i stemmelokala i Bodø kommune tok berre med seg éin setel ut.

I denne kommunen stemte 63,1 prosent på kommunevalet, men berre 53,1 prosent stemte på fylkesvalet.

– Det er påfallande lågt, seier valforskar Johannes Bergh.

Også i Østfold, Buskerud, Innlandet og Finnmark har så vidt over halvparten av befolkninga som har stemt på fylkesvalet.

– Kommunen angår meg meir, seier Pål Mathisen som òg bur i Bodø.

Han stemte ikkje på Fylkestingsvalet.

– Kommunen angår meg meir, seier han til NRK før han går på bussen i sentrum av byen.

Pål Mathisen har svart høyhalsa genser, grå jakke og grønn caps. Han har blå øyne og grått hår og smiler til kamera. Bak ham er en butikk og et tre.

Pål Mathisen stemte ikkje på fylkestingsvalet. Han meiner kommunevalet angår han meir.

Foto: Sofie Retterstøl Olaisen / NRK

– Når eg diskuterer kollektivtrafikk i Bodø med politikarane ser eg at eg har mindre interesse for det ute i fylket enn her.

Elisabeth Berg i Bodø stemte derimot ved både kommune og fylkestingsvalet. Men det var fordi det var éin kandidat i fylkestinget ho gjerne ville gi sin stemme til.

Ho forstår godt at folk ikkje stemmer på fylkestingsvalet.

Elisabeth Berg har svart t-skjorte, grå ullgenser og brunt hår. Ho smiler til kamera. Bak henne er ei gågate med folk i Bodø.

Elisabeth Berg forstår godt at folk vel å ikkje stemme i fylkestingsval, sjølv om ho stemte ved valet i år.

Foto: Sofie Retterstøl Olaisen / NRK

– Eg synest det er vanskeleg å skilje mellom politikken som går føre seg på kommunenivå og fylkesnivå, og korleis det kan vere ulike parti som stemmer, seier Berg og legg til:

– Om folk er som meg, er det rett og slett berre litt forvirrande.

– Det uroar meg

Ved førre kommuneval, i 2019, stemte 56 prosent av dei som kunne stemme i Nordland fylke ved fylkesvalet. No er det altså 5 prosentpoeng færre som har stemt.

Eit av partia som merker dette er Arbeidarpartiet i Nordland.

– Eg tenkjer at dette er låg deltaking. Det uroar meg. Vi må få deltakinga høgare, det er viktig, seier Elin Dahlseng Eide, førstekandidat for Arbeidarpartiet i Nordland.

Elin Dahlseng Eide, Ap

Elin Dahlseng Eide meiner både dei, og dei andre partia i fylkesvalet har ein jobb å gjere med å nå veljarane i fylket.

Foto: Thor Wiggo Skille

Tidlegare har dei hatt fleirtal ved å samarbeide med Sp, SV og KrF. No må dei på friarferd til enten Rødt eller INP for å danne fleirtal.

Men Arbeidarpartiets førstekandidat har ikkje tenkt så mykje på at dei kunne ha landa fleirtalet lettare om fleire hadde stemt på dei.

– Det kan godt vere at det kunne vore ein lettare valprosess. Men eg trur alle partia skulle sett at valdeltakinga var høgare, seier ho.

Les også Ap må på frierferd i Nordland: – Ikke noe tydelig flertall

Arbeiderpartiets valgvake i BOdø

– Kva gjer de feil?

– Vi må jobbe med å få synleggjort sakene vi jobbar med meir enn vi har klart. Eg kan tenkje meg at nokon kan oppfatte fylkeskommunen som litt fjern.

Dei store områda til fylkeskommunen er kollektivtransport og dei vidaregåande skulane i fylket. Dahlseng Eide peiker på at dei òg jobbar med saker om miljø, kultur og tannhelse.

I tillegg trur ho dei kan jobbe med språket for å nå fram til veljarane.

– Vi er for dårlege til å få fram sakene vi jobbar med. Kanskje er vi nøydd til å bruke eit anna, meir forståeleg språk, foreslår ho.

Les også Teodor (24) har aldri stemt: – Gidder ikke eller har ikke tid

Teodor Kristiansen er på treningssenteret og forteller at han verken tidligere eller i år har tenkt å bruke stemmeretten sin.

Lågare enn resten av landet

Valforskar Johannes Bergh er overraska over kor låg deltakinga i fylkesvalet i mellom anna Nordland var ved årets val.

– Det er påfallande. Vanlegvis her i landet er det som heilskap 5 % forskjell mellom deltakinga på kommuneval og fylkesval, seier han.

I Bodø er det over 10.

Valgekspert Johannes Bergh i en sirkel.

Valekspert Johannes Bergh seier det er vanleg at valdeltakinga for fylket er lågare enn for kommunar. Men i Nordland er det uvanleg låg deltaking i fylkesvalet.

Foto: EIVIND MOLDE / NRK

– Kva betyr det når deltakinga er så låg?

– Det er enkelt og greitt eit uttrykk for at folk ikkje er så interessert i fylkestingsvalet.

– Kommunevalet blir sett på som det mest relevante og interessante av nordlendingane, seier han.

Stemmeseddel fra fylkesvalg og kommunevalg

I Bodø var det berre så vidt halve befolkninga som la to stemmesetlar i valurna.

Foto: Sofie Retterstøl Olaisen / NRK

Bergh seier folk oftare møter kommunen enn fylkeskommunen i eiget liv. Det trur han speler inn.

– Det er opp til politikarane å vise kvifor valet er relevant, seier han, og legge til:

– Men det har vore eit kronisk problem at fylkesting ikkje vekker så mykje engasjement bortsett frå når man skal slå saman fylke.

Les også Arbeidarpartiet gjorde eit historisk dårleg val – LO-leiaren er skuffa

Jonas Gahr Støre Pk

Klima og bompengar er ute av debatten

Det er lågare deltaking i fylkesvalet generelt i 2023 i forhold til i 2019, fortel valforskar Bergh.

– Valet for fire år sida var spesielt engasjerande fordi det var konfliktfylte diskusjonar om bompengar og klima.

No har engasjementet rundt tematikken roa seg.

Både Folkets parti (tidlegare Folkeaksjonen nei til meir bompengar og Folkets parti FNB) og MDG har ramla på dei landsdekkande listene.

– Difor har valet i år vore meir som eit ordinært val, seier Bergh.

Les også Ordførerkollaps for Senterpartiet: – Blir straffet for ting regjeringen har gjort

Ordfører Frank Johnsen (Sp) i Vågan kommune

Les også Brakvalg for Høyre i Bodø – kollaps for Arbeiderpartiet

Odd Emil Ingebrigtsen, etter alle solemerker ny ordfører i Bodø