Hopp til innhold

Arbeidarpartiet gjorde eit historisk dårleg val – LO-leiaren er skuffa

Fleire stemmer i Arbeidarpartiet ber om ein havarikommisjon etter katastrofevalet. No varslar partileiar Jonas Gahr Støre ein «brei gjennomgang og læring av dette valet».

LO-leiar Peggy Hessen Følsvik

SKUFFA: LO-leiaren seier at ho er skuffa over valresultata.

Foto: ISMAIL BURAK AKKAN / NRK

Statsminister og Ap-leiar Jonas Gahr Støre er klar på at Arbeidarpartiet skal bli Noregs største parti igjen.

– Me er samde om at me skal snu dette, Ap skal bli største parti igjen, seier Støre etter sentralstyremøtet tysdag ettermiddag.

Han seier partiet no innleier ein brei gjennomgang og læring av valresultatet, med deltaking frå heile partiet.

– Me gjennomfører også ei stor veljarundersøking for å sjå kva som gjorde at folk valde Arbeidarpartiet eller valde bort Arbeidarpartiet, seier Støre.

Kritikk frå industribastionen i Telemark

Porsgrunn-ordførar Robin Kåss og kollegaen hans i Skien, Hedda Foss Five, har vore med lenge. Dei har hatt sentrale posisjonar i Arbeidarpartiet i tiår.

Dagen etter samanfattar dei valdagen slik:

  • Det vart eit katastrofeval i industriregionen Grenland samla.
  • Det er no krise i Arbeidarpartiet.
  • Politikken regjeringa fører, er ikkje populær i gamle kjerneområde der industri og næring står i fokus.
  • Derfor meiner dei det må setjast ned ein havarikommisjon.

Arbeiderpartiets oppslutning over tid

Grafen viser Arbeiderpartiet oppslutning i de siste kommunevalgene, over hele landet samlet.

– Vi verkar ikkje som det industrivennlege og styringsdyktige partiet som vi bør seier Kåss til NRK.

– Det var eit katastrofeval for regjeringspartia i Grenland, viss ein ser Bamble, Porsgrunn og Skien under eitt, seier han.

I Porsgrunn er utfallet av valet framleis uklart. Men i Skien får Hedda Foss Five avløysing etter 20 år med Ap-styre.

– Dette er krise, det må vi ikkje snakke bort, seier ho, og held fram:

– Opplevinga mi er at det ikkje har vore ført ein politikk for dei befolkningstette områda på Austlandet. Politikken har ikkje komme befolkninga vår til gode, dei opplever ikkje at dei er viktige, seier Foss Five.

Jonas Gahr Støre PK

SMEKK: Valet blei ein gedigen nedtur for Ap-leder Jonas Gahr Støre.

Foto: Alf Simensen / NRK

Kraftig fall

Det er ikkje vanskeleg å finne støtte i tala for dei alarmerande utsegnene frå dei to profilerte Ap-ordførarane i Grenland:

Oppslutnaden til Ap enda på 21,7 prosent nasjonalt. Det er partiets dårlegaste resultat i eit kommuneval. LO-leiaren er skuffa og Ap-veteran og fleire Ap-veteranar opnar for at Støre bør gå av.

I ettermiddag vart Ap-toppane samla til sentralstyremøte i Oslo.

– Me må på jobb i dag òg. Eg skulle gjerne sett at det var ein betre dag å gjere naudsynt arbeid på, seier helseminister og fylkestopp i Trøndelag Ingvild Kjerkol før møtet.

Ho trudde ikkje at partileiinga blir diskutert i dag.

– Det trur eg ikkje blir tema i dag. I dag er det tid for å fordøye. Men me har eit stort arbeid framfor oss.

Også byrådsleiar i Oslo, Raymond Johansen, vart med på møtet:

– Det blir ein gjennomgang.

Raymond Johansen på vei inn til Aps sentralstyremøte tirsdag.
Foto: Mats Rønning / NRK

Stortingspresident Masud Gharahkhani var òg skuffa på veg inn til møtet.

– Dette er eit dårleg valresultat som me må ta på alvor. At me ikkje er det største partiet på 99 år, betyr at veljarane tydeleg har gjeve uttrykk for skuffelse over oss og hadde større forventningar til oss. Denne alvoren må me i sentralstyret ta med oss.

– Det er ein no-brainer at dette her er krise. Det er altfor dårleg, seier leiar av Aps kvinnenettverk, Anette Trettebergstuen.

Fleire Ap-toppar har vore kritiske til partileiinga etter det historisk dårlege valet.

– Har ikkje lukkast

– Me treng andre politikarar som kan profilere partiet. Me har ikkje lukkast med den partileiinga vi har i dag, seier Ottar Skjellhaug, som er styremedlem i Nordland Ap.

Skjellhaug er busett i gruvesamfunnet Sulitjelma i Fauske kommune, som er ein av landets sterkaste Ap-bastionar.

Han meiner det meste gjekk gale med årets valkamp, og er særleg kritisk til Støre sitt utspel om elektrifisering av Melkøya.

Ottar Skjellhaug

Ottar Skjellhaug er styremedlem i Nordland Ap. Han vil ikkje frede Jonas Gahr Støre som partileiar.

Foto: Sahand Ammari

– Resultatet er ikkje uventa, men skuffande. Det kunne vore annleis, men Ap hadde eit dårleg utgangspunkt.

Kven har ansvaret?

– Det ligg både hos partiorganisasjonen, og så er me prega av regjeringsslitasje.

– Støre har hatt ein vanskeleg jobb. Han har kjempa på fleire frontar, noko som har slite på han. Saka om Melkøya var totalt øydeleggjande for partiet i Nordland, og noko som har påverka vala lokalt. Det var ei uklok avgjerd av Støre, meiner Skjellhaug.

– Vil du frede Støre?

– Nei, eg meiner me må ha ei brei evaluering der me også ser på leiarkonstellasjonen.

Større krise

Skien-ordførar Hedda Foss Five meiner Ap no må gå grundigare til verks.

Robin Kåss og Hedda Foss Five

EVALUERING: Skien-ordførar Hedda Foss Five.

– Vi må gå djupare inn i dette. Partileiinga berre spring vidare. Det held ikkje å sende ut eit evalueringsskjema, seier Five.

Ho meiner sjølvransakinga i partiet ikkje tidlegare har vore ærleg nok. At det vart regjeringsmakt etter valet for to år sidan, kamuflerte også eit svakt val, meiner Foss Five.

– Krisa er mykje større enn det kan verke som lokalt. Viss det hadde vore stortingsval, ville Ap fått eit mykje større fall, fryktar Robin Kåss.

Dei to vil likevel ikkje gi Støre skulda for krisevalet.

– Det er eit sidespor å diskutere statsministeren. Han har gjort ein god jobb. Men politikken blir ført av ei regjering som gjer ting folk openbert ikkje skjønner, seier Kåss.

– Kva meiner du Støre bør gjere no?

– Han må leie arbeidet med evalueringa.

Gjennomgang

Tidlegare nestleiar i Arbeidarpartiet (Ap) og ordførarkandidat i Tana, Helga Pedersen, er misnøgd med partiets valresultat nasjonalt og varslar ein gjennomgang.

– Dette er ikkje eit godt resultat. No trengst det ei ærleg og open gransking av kvifor me har hamna der me har hamna. Både nasjonalt og lokalt. Det må me vere villige til å utsetje oss sjølve for, seier ho til NRK.

Helga Pedersen på Tana Aps valgvake.

Helga Pedersen var streng i ansiktet under Aps valvake måndag kveld. I Tana fekk partiet 30,9 prosent oppslutning, men det er framleis uklart kven som hamnar i posisjon.

Foto: Eilif Aslaksen / NRK

– Kan leiinga bli sitjande etter eit slikt valresultat?

– Det ønskjer eg ikkje å kommentere.

Ho er klar på at dei nasjonale trendane også har påverka partiet lokalt.

– Dette gjeld òg Melkøya. Den kom som ei bombe for befolkninga og for oss i partiorganisasjonen. Den saka slo svært ulikt ut. I Tana har det fått mykje merksemd og gjorde terskelen for å røyste Ap høgare.

– For tidleg å vere bøddel

Richard Storevik leder Fellesforbundets største avdeling. Han seier at valresultatet er bittert.

– Det er ingen som liker å tape. Me må gå i oss sjølv og finne tilbake til identiteten vår.

Han vil ikkje felle ein dom over partileiinga allereie nå.

– Det er for tidleg å vere bøddel. Me må evaluere og få alt på bordet.

Vadsø-ordførar vil bytte ut partileiinga

Ho er strålande fornøgd med Aps valresultat i Vadsø, men ordførar Wenche Pedersen er ikkje like nøgd med oppslutninga til partiet nasjonalt.

– Det er frykteleg dårleg. Det er sånn at når ein har gjort ein dårleg jobb så må ein gjere ei vurdering av kva er det som har skjedd, kva me har gjort som er bra og ikkje bra og om har vi dei rette folka er på rett stad, seier ho til NRK.

Wenche Pedersen godt fornøyd med valgresultatene

Wenche Pedersen, ordførar i Vadsø kommune.

Foto: Hanne Wilhelms / NRK

– Meiner du at ein må sjå på leiinga?

– Eg meiner at me fram mot Stortingsvalget er nøydde til å gjere ei vurdering av det mannskapet me har. Både partiets leiar, partisekretær og heile sentralstyret. Spørsmålet mitt har vore: Blir det for mange Ja-folk rundt Jonas?

– Kan han sitte som leiar etter Landsmøtet til Ap?

– Me må begynne å tenke på ein prosess som gjør at ein skifter toppleiinga til neste stortingsval.

– Kvifor ikkje skifte nå?

– Me har ikkje tradisjon i Ap på at me kastar statsministrar etter eit val.

– Seier du rett og slett at Jonas ikkje kan leie valet i 2025?

– Ja, det er det eg seier.

Meiner partileiinga har skuld i dårleg valresultat

Det har ikkje gått bra for Arbeidarpartiet i Narvik heller.

Ordførar Rune Edvardsen vann rett nok valet, men går tilbake 11,7 prosentpoeng til 24,2 prosents oppslutning. Industri- og næringspartiet har gått fram nesten like mykje som Arbeidarpartiet har gått tilbake, og fekk 13,1 prosent i Narvik.

Edvardsen meiner partileiinga i Oslo langt på veg har øydelagt valkampen for Arbeidarpartiet i industrikommunen.

– Mesteparten av nedgangen kjem av bråket og tullet omkring habilitet. Og det kjem av vedtaket om å elektrifisere Melkøya, seier han til NRK.

– Etter saka om Melkøya, blei det full fyr her i Narvik. Det har påverka oss veldig mykje i negativ retning, held han fram.

Ordførerkandidat Rune Edvardsen i Narvik Ap

Ordførar Rune Edvardsen i Narvik.

Foto: Kjell Mikalsen / NRK

Edvardsen har nemleg lita tru på at regjeringa vil klare å følge sin eigen tidsplan, og at dei ikkje vil rekke å bygge ut nok kraft i Finnmark til å få elektrifisert gassanlegget utanfor Hammerfest.

– Med alt bråket og turbulensen rundt vindmøller, også oppe i Finnmark, trur eg ikkje dei klarer å kome i mål. Då er eg redd for at dei vil bruke straum frå resten av Nord-Noreg for å elektrifisere Melkøya, og det vil gå utover prosjekta i resten av landsdelen.

Det vil særleg vere problematisk for Narvik, der mellom anna Aker har store industriplanar.

Kva tenker du om timinga her?

– For meg som ordførar kom vedtaket heilt plutseleg og rett før valet. Vi gjekk i sjokk, seier ordføraren.

– Eg skjønner ikkje kvifor ein kjem to veker før valet med ein sånn stor og viktig sak for Nord-Norge. Kvifor kunne ein ikkje venta og kome med ei god og gjennomarbeidd sak seinare, i haust eller vinter.

– Er du skuffa over partileiinga?

– Skuffa og skuffa. Eg er ikkje skuffa som såleis. Men eg hadde forventa ein breiare prosess og ein betre plan for kva ein skulle gjere.

– Trengst det utskiftninger i partileiinga, meiner du?

– Eg vil ikkje gå så langt her no berre nokre timar etter valet. Eg er ikkje sikker på at det er det som er viktig. Men at me har blitt påverka mykje av det som har skjedd i partiet sentralt, er det ingen tvil om.

LO vil ha ei skikkeleg evaluering

– Det er ingen tvil om at me er skuffa i dag, seier LO-leiar Peggy Hessen Følsvik til NRK tysdag.

– Dette valet har vore ein motbakke frå start til slutt, legg ho til.

Ho meiner venstresida aldri fant den forma dei håpa på.

– No skal både me og Arbeidarpartiet sørgja for ei skikkeleg valevaluering av alle ledd.

LO-leiaren seier samstundes at ho har tillit til Støre.

LO-leiar Peggy Hessen Følsvik

– Dette valet har vore ein motbakke frå start til slutt, seier LO-leiar Peggy Hessen Følsvik.

Foto: ISMAIL BURAK AKKAN / NRK

– Må trena meir

Det er klart at dette er eit dårleg val, og ein må spørja seg kvifor det går så dårleg, seier Ap-veteran Thorbjørn Berntsen.

Han meiner partiet no må granska seg sjølve og sjå på korleis partiet har stått fram.

Særskilt for dei yngre veljarane. Det er TikTok-generasjonen me må konsentrera oss om, seier han.

Han er uroa over høgrebølgja som har slått inn over landet.

Det eg er mest redd for rundt valet, er privatiseringspolitikken til høgresida. Det vil kallar velferdssamfunnet, vil dei plukka frå kvarandre. Det vil ta lang tid å byggja opp att.

Thorbjørn Berntsen på Aps valgvake på Lillestrøm

Ap-veteranen undrar seg over kvifor Arbeidarpartiet får så dårleg oppslutnad.

Foto: NRK

Ap-veteranen meiner Jonas Gahr Støre er den beste statsministeren Noreg kan ha no og undrar seg over kvifor Arbeidarpartiet får så dårleg oppslutnad.

Både politikken og Jonas Gahr Støre sin posisjon som partileiar må diskuterast på neste landsmøte, seier han.

Det er eit faktum at partiet har fått stadig dårlegare oppslutnad medan han har vore leiar.

I fotballspråket brukar dei uttrykket at trenaren har mista garderoben. Spørsmålet er om Jonas har mista sin garderobe. I alle fall er det sikkert at me må trena meir, legg han til.

– Eit alvorleg signal, sa tidlegare Ap-nestleiar Trond Giske då valresultata var klare.

Arbeidarpartiet er ikkje lenger det største partiet i Noreg ved eit val.

Og Giske var ikkje åleine om å vera misfornøgd. Både leiar i Fellesforbundet, samt leiar i Fagforbundet såg seg ikkje nøgde med resultatet.

– Det smertar, vit det, sa Større om valresultata frå talarstolen på valvaka til Ap.

Samstundes sa han at andre må vurdera om valnederlaget er hans skuld.

– Ikkje godt nok

Partisekretær i Ap, Kjersti Stenseng, seier til NRKs Valmorgon tysdag at valresultatet på ingen måte er godt nok.

– Eg har eit ansvar, og me har eit felles ansvar heile laget. No skal vi bruka tida framover på å evaluera kvar einskild kommune og fylke, seier ho.

– Me må dra lærdommar av dette valet her, sjå korleis me skal løfta oss og både få eit betre valresultat, men også få tilbake tittelen som landets største parti ved neste korsveg, legg Stenseng til.

Forhandlingane går føre seg framleis, men det ser ut til at dei største kommunane i landet skiftar farge frå raude til blåe.

I hovudstaden har den blå blokka fått 31 av 59 mandat og eit knapt fleirtal. Raymond Johansen erkjenner tapet og seier han er klar til å gå av.

– Det er berre til å gratulera dei borgarlege med ein valsiger, seier han til NRK tysdag.

Også byrådsleiar i Bergen, Rune Bakervik (Ap) seier til NRK at dagens byråd med Arbeidarpartiet og Venstre kjem til å gå av.

Oppslutning i hele landet

Type valg