Hopp til innhold

Grønt ljos for oppstart ved E6 Helgeland sør

Bygginga av E6 Helgeland kan no byrje, etter at Hæhre Entreprenør har trekt si anke i den sokalla konvoluttsaka.

Utbygging av E6 på Helgeland

KONTRAKTEN KLAR: No har Hæhre sloppe si sak, og Skanska kan byrje arbeidet ved Helgeland sør til våren.

Foto: Statens vegvesen

– No er me klare til å gå vidare med bygginga av denne viktige og sterkt etterlengta vegen, seier vegdirektør Terje Moe Gustavsen i ei pressemelding.

Sist haust anka Hæhre Entreprenør dommen frå Oslo byfogdembete til Lagmannsretten, som slo fast at Vegvesenet si avvising av selskapet sitt tilbod var riktig. Bakgrunnen var at Hæhre leverte sitt anbod i Mosjøen, medan det i utlysinga stod det måtte skje i Oslo.

Terje Moe Gustavsen

NØGD: Terje Moe Gustavsen er nøgd for at prosjektet endeleg kan ta til.

Foto: Astri Husø/NRK

Inngår Skanska-kontrakt

Sett vekk frå Hæhre Entreprenør, som ikkje fekk godkjent sitt anbod, hadde selskapet Skanska best tilbod på utbetringa av E6. Dei kjem til å utarbeide og skrive ei kontrakt i løpet av dei neste dagane. Målet er å kome i gong med arbeidet så raskt som råd.

– Me vil setje spaden i jorda så raskt som mogleg, seier Torbjørn Naimak, regionsjef i Statens vegvesen, region nord.

Likevel er arbeidsstart opp til entreprenøren, ikkje Vegvesenet. Ifølgje Naimak, har Skanska antyda at dei ynskjer å byrje arbeidet i april, sjølv om ingenting er bestemt enno.

– Eg trur at me har ein entreprenør som vil setje i gong så raskt som mogleg, og me skal underskrive kontrakten allereie i neste veke, legg Naimak til.

Torbjørn Naimak

STØDIG: Regionsjef Torbjørn Naimak er stødig i sin tillit til Skanska.

Foto: Ksenia Novikova / NRK

Utsett eit halvt år

Grunna rettssaka mellom Statens vegvesen og Hæhre Entreprenør, vart utbetringa av E6 Helgeland sør utsett. Naimak anslår at om lag seks månadar av arbeidet gjekk vekk.

– Det var sjølvsagt uheldig, men no er me forbi det, og kan byrje å sjå framover.

– Dette er noko me har venta på ei god stund, så det var jo sjølvsagt ei gledeleg nyhende, seier Bjørn Ivar Lamo, ordførar i Grane kommune.

– Kva har dette prosjektet å seie for resten av Nord-Noreg?

– E6 er hovudfartsåra gjennom Helgeland. Ei utbetring vil tyde mykje for mellom anna oppdrettsnæringa, som nyttar E6 som si hovudåre for transport av fisk sørover. Og for trafikktryggleiken er ei utbetring heilt fantastisk, svarar Lamo.

– Dette er ein viktig milepæl, at me endeleg snart er i gong med arbeidet.

Ordfører Bjørn Ivar Lamo i Grane med kommunevåpenet.

MILEPÆL: Ordføraren i Grane tykkjer godt om at prosjektet snart kan kome i gong.

Foto: Privat