Hopp til innhold

Forskar om BSU: – Dyr ordning utan særleg effekt

Forskar Erlend Eide Bø meiner BSU bør skrotast. Finansministeren meiner det er ingenting gale med den.

TILFREDS: Masterstudentene Elin-Marite Kristiansen (25, t.v.) og Renate Willhelmsen Hammerø (23) synes BSU er en fin ordning.

TILFREDS: Masterstudentane Elin-Marite Kristiansen (25, t.v.) og Renate Willhelmsen Hammerø (23) synest BSU er ei fin ordning.

Foto: Ole-Fredrik Lambertsen / NRK

– Dette er ei ganske dyr ordning, som i stor grad tilflyt dei som ville hatt råd til å kjøpe bustad uansett, seier Bø, som er forskar i Statistisk sentralbyrå (SSB).

Det viser òg tal frå SSB.

Om lag ein tredel av dei mellom 18 og 33 år bruker BSU. Her er det dei som har høgast inntekt som bruker ordninga mest, og er òg dei som får høgast skattefrådrag.

NRK forklarer

Kva er BSU?

Kva er BSU?

Boligsparing for unge

Bustadsparing for ungdom (BSU) gir unge under 34 år moglegheit til å spare inntil 27.500 kroner i året. Dei får 20 prosent skattefrådrag for sparebeløpet.

Kva er BSU?

Skattefordel

For å utnytte årets skattefordel fullt ut må ein tene minimum 69.650 kroner og setje inn 27.500 kroner på BSU-kontoen, helst så tidleg på året som mogleg.

Kva er BSU?

Kan spare maks 300.000

Grensa for oppsparing er 300.000 kroner, som skal brukast til kjøp av bustad eller nedbetaling av gjeld på bustad.

Kva er BSU?

Sparebeløpet blir låst

Det er mogleg å setje inn og ta ut inneverande års sparebeløp frå BSU-konto så mange gangar ein ønsker, men ved årsslutt er beløpet låst.

Samtidig som det er vorte fleire som sparer i BSU av dei som tener godt ...

Mobilbank

... er det vorte færre lågtlønte som sparer i ordninga.

Mobilbank

På ti år har det vorte om lag 20.000 færre av dei som tener under 400.000, ifølgje tal frå SSB. Samtidig har det vorte dryge 100.000 fleire av dei som tener over.

– Sånn som ordninga er, så er ein avhengig av at ein har råd til å spare, seier Bø.

Må spare meir

NRK har fortalt historia om Ngoc-tram Le (22) som må spare 1 mill. i eigenkapital for å kunne kjøpe seg ein bustad i Bodø.

Ho tente under 400.000 kroner som kokk.

Her finn vi gruppa lågtlønte. Og det er lågtlønte som må spare mest. Årsaka er at dei har lågare inntekt og dermed får mindre i bustadlån av banken.

For å få råd til bustad må du spare meir jo mindre du tener. Eller flytte ut av dei store byane.

I 2021 tenkjer Regjeringa å bruke 1,4 milliardar kroner på BSU. Dette er pengar som dei som er flinke til å spare, får tilbake på skatten.

Det vil seie dei som har råd til å spare, understrekar Bø.

Dei som har vanskeleg for å spare, kanskje på grunn av stadig høgare leigeprisar, slit.

Hvor har du råd til å kjøpe bolig?

Boligkalkulatoren er utarbeidet av NRK i samarbeid med boligportalen VIRDI

Boligkalkulatoren er nå utdatert og derfor ikke tilgjengelig.

Fleire løysingar

Men formålet med BSU-ordninga er jo å hjelpe unge inn i bustadmarknaden?

– Viss ein skal inn på same formål, så ville det sannsynlegvis vore nyttigare å ha startlån til ei gruppe med relativt låg inntekt, seier Bø.

Startlån er noko som blir delt ut av Husbanken, og er meint til å hjelpe folk med å få eigenkapitalen som trengst.

Forsker Erlend Eide Bø i SSB, med forskningsfelt skatt.

SKEPTISK: Forskar Erlend Eide Bø meiner det er ganske openbert at BSU er ei ordning som er best for dei med høg inntekt.

Foto: SSB

– Eventuelt går det an å tenkje seg at ein byggjer fleire kommunale leilegheiter eller studentbustader. Alt dette er truleg betre for velferda, seier Bø.

Ok, men då kan vel unge og lågtlønte berre få startlån? Sånn som forskaren òg var inne på?

Men nei, spesielt for unge har det vorte vanskelegare å få. Færre unge får startlån.

Årsaka er at dei ikkje er vanskelegstilte nok. Dei hamnar mellom to stolar.

Positive studentar

Studentar har ofte ein trong økonomi. Mesteparten av studielånet går til å bu og leve. Dei er avhengige av ei deltidsjobb for å ha ekstra å rutte med.

Det har studentane NRK møter ved Nord universitet.

– Eg synest det er ein veldig bra måte å spare opp pengar på, som gjør at man blir klar til å kjøpe bustad når den tid kjem, seier Renate Willhelmsen Hammerø (23), som tar master i biovitskap og akvakultur.

Ho sit med Elin-Marite Kristiansen (25), som også tar master – i biovitskap og marin økologi.

Dei er utelukkande positive til ordninga.

Men i motsetning til Hammerø, har ikkje Kristiansen begynt å spare i BSU.

– Det er sånn høveleg vanskeleg som student når man har ein bitte liten deltidsjobb, og husleige er høy. Det er ikkje mykje moglegheiter for sparing, seier ho.

Hei!

Dersom du har noen tanker, tips eller erfaringer – gjerne om BSU, så er det bare å ta kontakt med meg.

Finansministeren: – Treffer bredt

Finansminister Jan Tore Sanner er glad for at så mange som kvar tredje person mellom 18 og 33 år, sparer i BSU.

Han viser til same tal frå SSB, som viser at totalt 90.000 fleire sparte i BSU i 2019 samanlikna med 2009.

– Det betyr at stadig fleire unge har glede av ordninga, og at den treffer bredt. Éin årsak til at fleire av dei som sparer tener over 500.000, er truleg at inntektene generelt har økt dei siste ti åra, seier Sanner.

– Da vil BSU-spararane også ha høgare inntekt i gjennomsnitt, seier han.

Høyres sentralstyremøte diskuterer bioteknologi.

NØGD: Sanner seier dei har mange målretta tiltak for dei som slit på bustadmarknaden, blant anna «leie-til-eige».

Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix

Finansministeren er helt ueinig i at BSU bør avviklast. Han avviser at ordninga er for dei ressurssterke.

– Det blir ikkje enklare å spare opp eigenkapital til bustad viss BSU avskaffes, seier Sanner.

– Samtidig er det riktig at BSU ikkje løyser alle problem i et bustadmarknad som er krevjande for mange, og vi har derfor mange andre viktige tiltak for ein sosial bustadpolitikk.

  • Les resten av svara hans her: