Hopp til innhold

Fiskaren heldt avstand til kvalen på grunn av fare for eksplosjon

Eit digert kvalkadaver ligg i havet utanfor Bleik. Både fiskarar og forskarar fryktar han skal gå i lufta.

– Den ser ut som ein stor svart ballong, seier Dag Rydland til NRK.

Torsdag morgon drog han og tre andre fiskarar ut på havet. I horisonten såg dei plutseleg det merkelege synet.

– Vi såg han på mange hundre meters avstand. Nesten som eit fjell, seier Rydland.

Eit fjell var det derimot ikkje.

Det var ein død, oppblåst knølkval – som potensielt kan gå i lufta.

Død knølkval flyt i sjøen utanfor Bleik på Andøya.

Den digre kvalen er svært oppblåst.

Foto: Privat

Redd for eksplosjon og garn

Dag Rydland fortel at dei såg han allereie klokka fem i dag tidleg. Då var det mørkt, men på tur tilbake frå fiske fem timar seinare var kvalen på nesten same stad.

– Det er vanskeleg å seie, men kvalen kan sitte fast på grunn av garn. Eigentleg burde han jo flytta seg langt på den tida vi var ute, så sannsynlegvis ligg han fast.

– Vi gjekk nærmare for å sjå, men var på omtrent 100 meter avstand. Eg var observant på at han kunne gå i lufta, eller at vi skulle få garn fast i vår propell.

Vesterålen Online omtalte kvalen først.

Les også Uhyre sjelden kjempe fotografert: – Blir kanskje sett hvert tiende år

Verdens største skilpadde Havlærskilpadde

Rydland forklarer at det har vore veldig mykje lodde i området, noko som har ført til at mange fiskarar har sett knølkvalar i området.

– Kvalen har nok kost seg her. Torsken er også sprengfull av lodde. Nesten like sprengt og rund som kvalen.

Kvalforskaren Tiu Similä, med doktorgrad frå UiT, har også vore innom kvalkadaveret i dag. Ho jobbar for Whale 2 Sea og hadde med seg ein gjeng turistar.

Tiu Similä

Kvalforskaren Tiu Similä seier kvalen såg helt absurd ut.

Foto: Privat

– Vi køyrde rundt han, men ikkje nærme. Det ser ut som han kjem til å eksplodere.

Ho forklarer at dei ser døde kvalar i området av og til, men at denne var ekstremt oppblåst.

– Eg trur turistane syntest det var vanskeleg å forstå kva dei faktisk såg.

Men kan ein kval faktisk eksplodere?

Ja, om det blir hol på magen kan den eksplodere.

Les også Fant illeluktende hvalkadaver på populær badestrand – fortviler over at ingen vil ta ansvar

hval strandet i Telegrafbukta ved Løp i Bodø

Flyt rundt til det går hol

For dei lokale fiskarane som ser ein kval slik kan det verke litt spesielt, men eigentleg er dette heilt normalt.

Det fortel Nils Øien. Han forskar på knølkval ved Havforskingsinstituttet.

– Bakterieprosessane inne i kvalen produserer oksygen og andre gassar, og då blir han oppblåst.

Nils Øien

Forskar ved Havforskingsinstituttet, Nils Øien.

Foto: Havforskningsinstituttet

Og når ein slik knølkval døyr, kan han bli skikkeleg stor.

Ein knølkval, som er ein bardekval, har det forskarane kallar for ei spekktunge, som er undersida av munnen.

Ifølge Øien har undersida stor utstreknings-emne. Og er normalt den kvalen ville fylt med vatn og plankton når han et.

– Då blir kvalen som ein stor ballong når han døyr. Så flytar han rundt til det eventuelt går hol på han eller gassen lek ut.

Les også Minst 12 strandede hvaler på kort tid bekymrer: Nå tar forskere saken i egne hender

Spermhval på Bleik

Kan eksplodere

Om det går hol på kvalen, kjem han til å eksplodere då?

– Eg trur ikkje han direkte vil eksplodere av seg sjølv, svarar Øien.

Han trur heller at kvalen vil brytast ned og at gassane vil leke ut av seg sjølv.

– Men viss ein kjem med ein stor kniv, for eksempel, og stikk i han, så vil det nok oppstå ein eksplosjon.

Her minnest han då ein stor spermkval stranda på Færøyane i 2013.

Oppblåst spermhval gikk i lufta.

Oppblåst spermkval gjekk i lufta.

– Eg hugsar det var ein kollega på Færøyane. Der hadde det stranda ein spermkval, og han hadde då smolle ut då kollegaen skulle gjere nokre undersøkingar på han for å samle materiale.

Sjølv om han ikkje trur kvalen utanfor Bleik kjem til å eksplodere, seier han likevel at det kan vere lurt å halde avstand.

– Forferdeleg lukt

Heilt sør i Nordland ligg det ein annan kval og skaper hovudbry for lokalbefolkninga i Brønnøysund.

Brønnøysunds Avis har dei siste månadene skrive om eit stort kvalkadaver som er i ferd med å bli eit forureiningsproblem.

– Kvalen ligg der og flyt, og spekket legg seg oppå bergtappen der vi bruker å fiske sild, seier Johnny Falch til avisa.

Ifølge forskar Øien kan eit slikt kadaver lukte skikkeleg ille.

– Det er ei forferdeleg lukt, eg kan ikkje beskrive det, men det er ikkje akkurat parfyme.

Les også Jonas (22) dro opp dette monsteret: – Så ut som en stor julegris

Jonas

Når slike kvalkadaver hamnar nær busetnadar, så vil det skape eit stort lokalt luktproblem, seier han.

– Det er det ingen tvil om.

Han seier det er ganske sjeldan at vi får eit så stort kadaver av ein kval på land.

Men at dei dukkar opp ofte innimellom trur han kan ha ein samanheng med at vi har ein lang kyst.

– I enkelte år har vi opplevd at det har vore eit større tal kval som har stranda.