Hopp til innhold

Makrellfiskarar vil jakte spekkhoggar og storkval

Makrellfiskarane fortvilar over at kvalen et makrellen deira. Difor vil dei jakte mellom anna spekkhoggar. Fiskeridepartementet meiner derimot vi ikkje kan skyte kval vi ikkje kjem til å ete.

Sola kantar bølgene med gull, og det glimtar av sølv i havet.

Makrellfisket er i gong langs norskekysten.

Men i det glitrande havet lurar og tusenvis av konkurrentar for fiskarane: Kvalen.

– Tre tusen fisk i ein munnfull

– Vi har ein totalt uregulert kvalbestand. Han tek ut like mykje sild og makrell som vi fiskarane. Og det vert ikkje gjort noko med det. Det er heilt håplaust.

Det seier makrellfiskar Einar Meløysund. Han er ein av fiskarane som er fortvila over at kval tek ein stor del av makrellen.

No vil dei at politikarane skal ta grep. Dei vil ha skote meir kval.

Og det er ikkje første gong fiskarane ber om at det vert jakta på sjøpattedyr. For kvalen kan ete imponerande mengder fisk:

Vågekval spiser 100kg makrell
Ein vågekval et 100-120 kg makrell eller sild i døgnet.
Finnhval og Vågehval
I storleik går det 10 vågekval på éin finnkval
Finnhval som spiser en fiskestim
Ein finnkval kan ete 3000 sild eller makrell i éin munnfull

Då kan du berre tenke deg når du har mange tusen kval, seier Meløysund.

Det er mange typar kval i Noreg. Men det er berre vågekvalen som er regulert.

For tida er Einar Meløysund på makrellfiske i Stadthavet utanfor Møre

For tida er Einar Meløysund på makrellfiske i Stadthavet. Her møter han store mengder kval kvar dag.

Foto: Privat

Steinar Jonassen i Nordland Fylkes Fiskarlag seier problemstillinga er kjent for dei også.

– Fiskarane erfarer under silde- og makrellfisket at det er enorme mengder med sjøpattedyr i området. Dei er også erfarne fiskarar, for å seie det sånn.

Dårleg rykte i lang tid

På 1900-talet var Noreg ein av nasjonane som jakta mykje på storkval i Sørishavet.

Det gjorde at kvalbestandane stod på randa til utrydding.

No kan Tore Haug, forskar på sjøpattedyr i Havforskingsinstituttet, fortelje at kvalbestanden er på veg opp.

Tore Haug jobber ved Havforskningsinstituttet i Tromsø

Tore Haug jobbar ved Havforskningsinstituttet i Tromsø.

Foto: Stine Hommedal / Havforskningsinstituttet

No er fleire artar som det vart jakta mykje på før på veg tilbake til gamle nivå, og fleire av dei toler skattlegging.

Men kva som ville vere utfallet av å jakte meir kval, er likevel usikkert.

Om ein tek bort ein art i eit økosystem kjem ofte ein annan til.

Det er difor uklart om det faktisk ville ha blitt meir fisk til menneska om vi skaut meir kval.

I tillegg legg forskaren vekt på at vi ikkje kan jakte kval som vi ikkje bruker til noko.

Og marknaden for kval er ikkje så stor i dag.

Det er nemleg forbod mot import av kval både i Amerika og i Europa elles. Det er fordi kvalen for mange har vorte eit heilag dyr.

– Vi har 18 forskjellige kvalarter i norsk farvatn. Og vi jaktar berre ein. Når vi jaktar på den er det fordi det er ein ressurs som vi kan ete, seier Haug og legg til:

Dette er politikk mykje meir enn ressursbiologi. Sett frå eit ressurssynspunkt er det rom for meir fangst av kval enn det som skjer i dag.

Hval Skjervøy

Kval utanfor Skjervøy et sild under sildefisket.

Foto: Dan Henrik Klausen / NRK

Kan ikkje jakte meir enn vi et

Så kva seier då politikarane?

Ole-David Stenseth i Nærings- og fiskeridepartementet seier at det ikkje er så enkelt å auke jakta på kval.

I mange tiår har det vore vilje i både Storting og regjering til å ta ut meir kval.

– Problemet er at kvoten på vågekval ikkje vert tatt, seier Stenseth.

Han meiner både vêr og marknad kan vere årsaka til at kvalfiskarane ikkje fangar nok kval til å fylle kvoten.

Det store behovet for fleire typar kval på marknaden ser ikkje ut til å vere der, seier Stenseth.

Og når nordmenn ikkje et nok kval til at kvoten vert fylt, meiner Stenseth det ikkje er rom for jakte meir.

– Skal vi brenne kvalen eller dumpe han på havet? Det går jo ikkje.