Hopp til innhold

Fann igjen forsvunne kabel - men manglar framleis ein kilometer

Delar av den forsvunne kabelen er funne. Men ein kilometer kabel manglar framleis.

Kabel gjenfunnet

Bildet viser området der den forsvunne kabelen blei funnet

Tidlegare har NRK omtalt kabelen som forsvann frå Bø i Vesterålen.

3. april i år gjekk plutseleg alle skjermane i svart for forskarane som jobbar her.

Det seg at 4,2 km kabel var sporlaust forsvunne. Sidan har forskarar, politi og PST forsøkt å finne ut kva som hadde skjedd.

Mysteriet førte til mange spekulasjonar.

Både kjempeblekksprut, russiske ubåtar og havstraumar var blant de mistenkte.

Men no har forskarane som leiter på havbotnen funne eit spor.

Kabel funne

Torsdag ettermiddag leita forskingsfartøyet G.O. Sars etter kabelen som var sakna frå Lofoten-Vesterålen havobservatorium (LoVe).

Han var del av eit undersjøisk nettverk som samla inn informasjon om kva som rører seg på havets djup.

Den digre kabelen som forsvann

Slik såg den 4,2 kilometer lange kabelen ut før han vart lagt på havbotnen.

Foto: Havforskingsinstituttet

Men forskarane skulle ikkje eigentleg leite etter kabelen denne torsdagen.

Dei skulle sjå på dei undersjøiske forskingsstasjonane som kabelen hadde vore festa til, for å sjå kva som kunne bli redda.

– Dette var eigentleg ikkje planen. Det var bølge og vêrforhold som gjorde at vi ikkje kunne gjere det vi skulle gjere, seier Geir Pedersen, seniorforskar ved Havforskingsinstituttet og prosjektleiar i «LoVe Ocean»

Då gjekk dei i staden ut med den undersjøiske dronen og der dei trudde kabelen kanskje ville vere.

Sist gang dei lette etter kabelen gjekk dei langs området der kabelen skulle ha lege og leita hundre meter på kvar side av der dei hadde lagt han frå seg.

Denne gongen leita dei i staden på tvers, i eit mindre område.

Plutseleg lyste den gule kabelen opp på skjermen inne i kontrollrommet i båten der forskarane sat og følgde med.

Frå kontrollrommet i skipet då nodene vert installert

Forskarane sat i kontrollrommet og såg på bida som den undersjøiske dronen sende tilbake då dei plutseleg fekk auge på kabelen.

Foto: Havforskingsinstituttet

– Det var litt som å finne nåla i høystakken. Det var veldig spennande å finne kabelen og følge han, seier Geir Pedersen til NRK.

Kabelen vart funne eit godt stykke unna der han eigentleg hadde låge. Om lag 11 km unna der forskarane hadde lagt han.

– Vi er glade for å ha funnet den for da kan vi sjå om det er noko vi kan bruke igjen, men det må ekspertisen finne ut av, seier Pedersen.

Manglar ca. ein kilometer kabel

Likevel er ikkje mysteriet heilt løyst. Dei har nemleg ikkje funne alt av kabel enno.

– Vi har funne om lag 3 kilometer av den 4,2 kilometer lange kabelen, seier Pedersen.

Den siste kilometeren veit dei enno ikkje kvar ligg.

– Han har tydelegvis roke og anten blitt dratt lenger ut på havbotnen eller blitt tatt opp.

Geir Pedersen, seniorforskar og prosjektleiar for «LoVe Ocean»

Geir Pedersen, seniorforskar ved Havforskingsinstituttet og prosjektleiar i «LoVe Ocean», seier dei no har funne om lag 3 kilometer med forsvunne kabel.

Foto: Christine Fagerbakke / HI

Han fortel at både den eine kilometeren med kabel og koplingsboksen i den eine enden framleis manglar.

Kabelen fann dei på om lag 200 meters djup.

Tidlegare har forskarar fortalt NRK at det finst kjempeblekksprut på dette djupet, og det er fleire ubåtar som til ein kvar tid oppheld seg i området.

Mellom anna i NRK programmet Nytt på Nytt vart det spekulert i kva som kunne ha skjedd med kabelen:

Ukas nyheter dissekeres sammen med forfatter Nina Lykke og TV2-korrespondent Kadafi Zaman. Hva blir dommen? Følg med. Virkelig. Følg med!

I NRK programmet Nytt på Nytt diskuterte mellom anna forfattar Nina Lykke og TV2-korrespondent Kadafi Zaman kva som hadde skjedd der nede på havbotnen.

Men kven er det eigentleg som har tatt kabelen?

Trur ikkje det var kjempeblekksprut

– Vi har nok innsett at det ikkje kunne vere ein blekksprut, seier Pedersen i Havforskningsinstituttet.

Etter at det vart kjent at kabelen var forsvunne har forskarane gjort ein analyse av aktiviteten i området. Det var det som gjorde at dei visste kvar dei skulle leite.

Og difor har dei òg ein mistanke om kva som kan ha skjedd med kabelen.

En rover tilsvarande denne vart senka ned for å finne ut kva som skjedde med sjøkabelen.

Forskarane brukte ein undervassdrone kalla ROV til å leite etter kabelen.

Foto: Geir Pedersen / Havforskingsinstituttet

– Vi antar at det var ein fiskebåt som hadde dratt med seg kabelen, seier seniorforskaren.

– Vi vil følge opp saka med politiet, legg forskingsdirektør Geir Huse til.

Men sjølv om dei har funne deler av kabelen, vil det enno ta ein stund før dei kan få det gigantiske kabelnettverket opp og gå.

– Det er framleis ein jobb å gjere, seier Pedersen.

I september i år oppdaga forskarane at kabelen til dei undersjøiske forskingsstasjonane utanfor Vesterålen var reve tvert av.

Takk for at du las heile saka. Send meg gjerne eit tips om du vil at eg skal skrive om noko anna! 

Vil du lese meir? Her er nokre tips: