Hopp til innhold

Mysteriet på havbotnen: Finst «sjømonster» som kan flytte ti tonn kabel

Kvar har det blitt av fire kilometer kabel på havbotnen utanfor Vesterålen? Her er fem teoriar. Ein kjempeblekksprut er ein av dei.

3O8Bom8yIhU

Ein kjempeblekksprut har krafta til å dra laus ein kabel på ti tonn ifølge forskar ved Havforskingsinstituttet.

Foto: KOJI SASAHARA / AP

Tysdag omtalte NRK mysteriet med sjøkabelen utanfor Vesterålen.

Ti tonn med kabel forsvann sporlaust frå det gigantiske kabelnettverket til Havforskingsinstituttet.

Eit kabelnettverket som hadde sett og høyrt alt som rørte seg på havbotn.

Frå fiskar, kval og djuphavskorallar til trålarar og ubåtar.

Ingen veit kva som skjedde med den 4,3 km lange kabelen, men her har vi samla fem teoriar:

Ein trålar drog med seg kabelen

Den undersjøiske kabelen låg 200 meter under vatn. Om lag 30 km frå land.

Dette er område der det ofte går trålarar.

Kan ein trålar ha fått 10 tonn med kabel i lasta?

– Vektmessig kan ein trålar dra det med seg, seier Knut Roald Holmøy, reiar på Prestfjord Havfiske AS.

Men om ein trålar hadde fått sjøkabel i fangsten hadde det ikkje gått upåverka hen.

Bunntråling i Arktis

Om ein trålar hadde fått den digre sjåkabelen i trålen hadde det svara til ein tredel av trekkevna til vinsjen.

Foto: Yvonne R. Bonète / Havforskningsinstituttet

Ein trålar kan vanlegvis trekke om lag 30 tonn. Reiaren seier at ein merker det om ein får ein tredel ekstra i trålen.

– Då ville det vere naturleg å melde frå til kystverket. Det er ingen grunn til at ein ikkje skal gjere det.

Ein trålar har altså krafta til å nykke i ein ti tonn tung sjøkabel. Men det har ikkje vore meldt frå til kystverket.

Kan trålaren ha mista den tekniske lasta slik at det vart ført av garde med straumen?

Kabelen vart tatt av straumen

Jon Albretsen er oseanograf i Havforskingsinstituttet og forskar på havstraumar. Han har ikkje trua på at havstraumane er sterke nok.

– Det er ikkje det første eg ville ha tenkt. Kanskje heller det siste, seier Albretsen.

Havstraumen der den undersjøiske stasjonen sto kan variere frå eit par cm i sekundet til nærmare ein meter i sekundet.

Bilde tatt frå den einaste undersjøiske stasjonen som framleis fungerer.

Årsaka til at Havforskingsinstituttet forskar i den undersjøiske dalen er at det er mykje liv der på grunn av straumen.

Foto: Havforskingsinstituttet

Men Albretsen seier at det er langt ifrå nok til å trekke på ein så lang og tung kabel.

– Det høyrest heilt utruleg ut. Sjølv om kabelen var på overflata der straumen er sterkare, ville du ikkje fått særleg mykje rørsle.

Geir Pedersen, seniorforskar og prosjektleiar for «LoVe Ocean», er samd med sin kollega i Havforskingsinstituttet.

Geir Pedersen, seniorforskar og prosjektleiar for «LoVe Ocean»

Seniorforskar i Havforskingsinstituttet, Geir Pedersen, fortel at straumen i den undersjøiske dalen går med det 200 meter lange beltet dei lette langs for å finne kabelen.

Foto: Christine Fagerbakke / HI

– Men kva om ein trålar først har dratt kabelen litt av garde?

– Straumen går inn og ut av dalen og ikkje på tvers. Kreftene er ikkje nok, og det er dessutan feil retning.

Men Pedersen fortel at dei fekk ein interessant observasjon frå ein av dei undersjøiske stasjonane før koplinga forsvann:

– Vi høyrde knølkval den dagen i april.

Kan ein kval i nærleiken ha skulda?

Ein kval røska laus kabelen

Det er mange knølkval i området. Særleg på denne tida av året. Dei kjem inn til kysten for å jakte på sild.

Og i tillegg er dei leikne og nysgjerrige.

Men forskar på sjøpattedyr, Tore Haug, trur ikkje ein kan legge skulda på knølkvalen.

– Eg trur ikkje det kan vere ein knølkval. Om knølkvalen hadde dulta borti kabelen, hadde han nok heller sett seg fast, seier han.

Knølhval bryter overflaten i det de har slurpet i seg en sildestim

Knølkvalen vert om lag 15 meter lang. Dei er store, men ifølge forskaren ikkje så store at dei klarar å dra med seg ein ti tonns kabel.

Foto: Torgeir Beck Lande / NRK

– Det er ikkje det som har skjedd her. Eg trur det må vere noko anna som har fjerna kabelen, seier Haug.

Det er nemleg meir som rører seg der nede i djupet. Før i tida var fiskarar redde for sjøuhyre.

Men uhyra er langt frå eventyr.

Ein kjempeblekksprut tok kabelen

– Det er mange store skapningar nede i stordjupet. Der finst mellom anna kjempeblekksprutar, som ofte ligg i kamp med spermkval, fortel Bjørn Erik Axelsen, forskingssjef på dyr i djupt vatn ved Havforskingsinstituttet.

Bjørn Erik Axelsen forskar på dyr som lever i djupet. Han 
seier ein kjempeblekksprut er sterk nok til å flytte ein ti tonn tung kabel.

Bjørn Erik Axelsen forskar på dyr som lever i djupet. Han seier ein kjempeblekksprut er sterk nok til å flytte ein ti tonn tung kabel.

Foto: Havforskingsinstituttet

Kjempeblekkspruten kan verte 20 meter lang og har ein vekt på 250 kg. Mellom alle fangarmane – som alle har tenner – har han ein nebbliknande munndel. Sjølv på tunga har han tenner.

Normalt held blekkspruten seg på mellom 500 og 1000 meters djup. Det er eit sjeldan syn, men dei finst i havområde over heile verda. Også i Vesterålen.

Og dei har vore observert på grunnare vatn før.

Kjempeblekksprut

Havforskarar har funne merker etter sugekoppane til blekkspruten på opp til ein halv meter på spermkval etter at dei to gigantane har vore i slåstkamp.

Foto: Havforskingsinstituttet

Ifølge Axelsen har det i nyare tid vore gjort 20 funn av kjempeblekksprut langs norskekysten. Men det kan vere eit større tal enn det som er rapportert.

– Kan ein kjempeblekksprut ha tatt kabelen?

– Det er mogleg at det kan ha vore ein kjempeblekksprut der. Og det er ingen tvil om at det er krefter i disse dyra til at dei kan gjere stor skade. Men det er vanskeleg å sjå for seg motivasjonen.

Video av forsvunnet kabel på havets bunn utenfor vesterålen.

Video av forsvunnet kabel på havets bunn utenfor vesterålen.

Russarane tok kabelen

Kjempeblekkspruten er altså sterk nok, men har ikkje motiv ifølge forskaren.

Men det finst også nokon på havbotnen som gjerne skulle sjå at kabelen forsvann.

– Ti tonn med kabel forsvinn ikkje av seg sjølv. Det er tryggingspolitikken i nord det eigentleg handlar om. Difor er det klart at det finst motiv for å sette ein kabel med avansert lytteutstyr ut av spel, seier Ståle Ulriksen, Høgskolelektor ved Sjøkrigsskolen.

En russisk Delta IV ubåt i internasjonalt farvann i Barentshavet / Russian submarine in Barentsea

Ulriksen reknar seg fram til at det er sannsynleg at det var mellom 10 og 15 ubåtar i Barentshavet omkring 3. april.

Foto: Forsvaret

Russarane har til ein kvar tid om lag 20 ubåtar som reiser omkring i nordnorske farvatn.

I tillegg er det amerikanske, britiske, franske og norske ubåtar som besøker dei nordnorske farvatna.

Kvar ubåt og kvart skip har sin eigen lydsignatur. Om lag som eit fingeravtrykk.

Vanlege ubåtar kan ikkje flytte store kablar, men russlandeksperten seier at det finst spesialubåtar som kan det. Sjølv om dei er sjeldne.

Ståle Ulriksen

Ståle Ulriksen er Høgskolelektor ved Sjøkrigsskolen og har lenge følgt med på russiske marine rørsler.

Foto: Sjøkrigsskolen

– Det er nesten vanskeleg å seie kor viktig dette området er for stormaktene. Kort sagt fryktar russarane at amerikanarane skal jakta på dei, medan amerikanarane fryktar russarane, seier Ulriksen og legg til:

– Her er det nok sikkerheitspolitisk militær spenning til at det er ein mogeleg forklaring.

Det er høg spenning i nord, og det er ikkje teikn på at dette vil endre seg ifølge Ulriksen.

Slik har det vore veldig lenge. Under den kalde krigen var det mange fleire ubåtar og krigsskip til ein kvar tid i Nordområda. Det handlar om det store spelet mellom stormakter rett utanfor vår stovedør. Slik har det vore lenge.

Kven tok den ti tonn tunge kabelen?