Hopp til innhold

Skatteparadiset Bø er på Robek-lista: – Vi stussar litt

Bø kommune i Vesterålen har hamna på Robek-lista, og sett under statleg administrasjon. – Overraskande, seier ordførar.

Bø i Vesterålen i oktober.

Statsforvaltaren i Nordland har tidlegare sagt at Bø kommune i Nordland ikkje skulle hamne på Robek-lista, fordi dei sende inn rekneskapen for seint. No har dei hamna der likevel.

Foto: Jan-Helge Andersen / JanHelge Andersen

Bø kommune i Vesterålen har hamna på Robek-lista. Det kan ein lese på regjeringa sine nettsider 19. februar.

– Vi ser det same, men vi har ikkje fått beskjed om det. Difor stussar vi litt, seier ordførar i Bø kommune, Sture Pedersen (H).

Årsaka til at dei kjem på lista er at dei har levert budsjett for 2022 for seint.

Statsforvaltaren sa til Bø kommune at det ikkje var nokon grunn til at dei skulle bli sett på Robek-lista på grunn av det, ifølge ordføraren.

Men det var ikkje noko Statsforvaltaren kunne love. Det er det nemleg Kommunal- og distriktsdepartementet som avgjer.

Leverte rekneskap for seint

Kommunen har altså ikkje fått beskjed om at dei no er på Robek-lista. Men på lista på regjeringas nettsider står det sort på kvitt.

Der har òg Nordkapp og Kautokeino hamna.

Bø kommune er sett på Robek-lista med grunngjeving frå paragraf 28–1 f:

Årsrekneskapen til kommunekassen eller fylkeskommunekassen er ikkje vedtatt innan dei fristane som er fastsett i lov eller forskrift, eller innan ein frist som departementet har fastsett etter at årsrekneskapen har blitt oppheva etter lovlegheitskontroll.

Her får ordfører Sture Pedersen (H) en forretningsmann på tråden som sier han tar med seg sin virksomhet og flytte til Bø.

Ordførar Sture Pedersen (H) seier han ikkje har fått informasjon om at kommunen har hamna på Robek-lista.

Foto: Lars-Bjørn Martinsen / NRK

Og det stemmer at Bø kommune leverte inn rekneskapen for 2022 for seint.

– Vi har vore klar over det heile tida. Men Statsforvaltaren skreiv at det ikkje var grunn til å setje oss inn på lista for det, seier ordførar Sture Pedersen.

I forkant skreiv Bø eit brev til statsforvaltaren der dei sa at dei hadde solid økonomi, og hadde sett inn store ressursar for å få rekneskapen ferdig.

Bø i Vesterålen

Bø kommune i Vesterålen er ein naturskjøn kommune, men har lenge slite med fråflytting. Difor har kommunen gjort mange tiltak som til dømes å fjerne formuesskatten.

Foto: Børre Albrigtsen

Ordføraren stussar òg over at dei ikkje blei varsla før dei vart sett på Robek-lista.

– Ein brukar å få eit skriv. Det er vanleg prosedyre, seier han.

Les også Vestlending flyttet til «Norges Monaco» – nå topper han rikinglista

Ola Braanaas, konserndirektør Firda Sefoods

Statsforvaltaren: – Har sendt vår vurdering

Det var altså Statsforvaltaren i Nordland som meinte Bø ikkje skulle kome på robek-lista, sjølv om dei hadde levert rekneskapen for 2022.

Det stemmer at vi tidlegare har sendt ein utgreiing og vår vurdering til Kommunal- og distriktsdepartementet.

Det seier Merete Troli, avdelingsdirektør i Kommunal- og beredskapsavdelinga.

Underdirektør i Skatt Nord, Merete Troli

Merete Troli, avdelingsdirektør i Kommunal- og beredskapsavdelinga seier at det er departementet som avgjer om ein kommune skal bli meldt inn i Robek.

Foto: Beth Mørch Pettersen / NRK

Men utgreiing og eigen vurdering er også alt Statsforvaltaren kan gjere.

Det er departementet som avgjer om ein kommune skal bli meldt inn i Robek. Departementet har no vurdert at Bø kommune blir meldt inn i Robek i dag.

Statsforvalteren har på noverande tidspunkt ikkje fleire opplysningar enn det som kjem fram på nettsida til departementet, skriv Troli til NRK.

Delvis skyet i Bø i Vesterålen i tidlig ettermiddag. Mest skyer mot sør og periodevis nesten blå himmel mot nord. Lite vind, lette snøbyger i fjellet og 4 grader.

Kommunal- og distriktsdepartementet presiserer at innmelding i Robek ikkje er det same som å bli sett under administrasjon, men at statsforvaltaren skal gjere lovelegheitskontroll av årsbudsjettet og godkjenne låneopptak.

Foto: Børre Magne Albrigtsen

Kommunal- og distriktsdepartementet bekreftar til NRK at Bø i Vesterålen no er på Robek-lista.

Sjølv om dei fekk råd av Statsforvaltaren i Nordland om å la vere å melde dei inn, ser ikkje departementet at kommuneloven gir grunnlag til å halde Bø utanfor Robek.

Dei skriv i ein e-post til NRK at det er reglene når ein kommune ikkje har levert årsrekneskap innan fristen.

Kommunar som er registrert i Robek på bakgrunn av vilkåret om at årsrekneskapen ikkje er vedtatt innan fristen, kan bli meldt ut frå Robek dersom rekneskapen det etterfølgande året er vedtatt innan fristen, skriv Kommunal- og distriktsdepartementet i ein e-post til NRK.

Det betyr i Bø sitt tilfelle at dersom dei vedtar årsrekneskapen for 2023 innan fristen 30. juni 2024, vil kommunen kunne bli meldt ut av lista igjen.

Les også Trøbbel i «skatteparadis» – foreslår å fjerne gratis barnehage og fødselstilskudd i Bø

Bø i Vesterålen i oktober.

Kort visit på lista

Bø har tidlegare blitt kalla Noregs Monaco, mellom anna fordi dei kutta formuesskatten.

Seinare gjorde dei òg barnehage gratis, og gav eit tilskot til barnefødslar. Alt for å få fleire folk til kommunen.

Men før jul foreslo kommunaldirektøren å fjerne dei sistnemnde ordningane for å få endane til å møtest.

Bø i Vesterålen

Bø er ein tradisjonell fiskerikommune i nord, men i seinare år har kommunen fått fleire bein å stå på.

Foto: Børre Magne Albrigtsen/privat

Bø kommune leverer rekneskapen for 2023 på tida, fortel ordføraren. Han seier at dei heller ikkje har noko underskot å dekkje.

Difor reknar han med at det vil bli ein kort visit på lista over kommunar med økonomiproblem.

– Vi må berre forhalde oss til det, men det er overraskande. Det blir ingen sure miner. Vi har gjort ein feil, seier ordføraren og legg til:

– Vi skal stå han av.

Statsforvalteren i Nordland

Statsforvaltaren i Nordland seier til NRK at dei har sendt deira vurdering av om Bø i Vesterålen skulle kome på Robek-lista til

Foto: Statsforvalteren i Nordland

Ordføraren understrekar at det ikkje er på grunn av økonomiske problem at dei no kjem på Robek-lista.

– Vi har fått god økonomi, og har blitt ein skattesterk kommune. Eg hadde ikkje tatt det så lettvint om det var på grunn av økonomi, seier ordførar Pedersen.

Les også Har blitt rik på millionærer som har flyttet til kommunen – må gi bort nesten alt

Vesterålen torskeslakteri i Bø