Hopp til innhold

700 arbeidsplassar forsvinn – 300 nye kjem til

Om Forsvaret forlét Andøya, står 700 arbeidsplassar i fare. Andøya Space Center vil bringe inn 300 nye ved å skyte opp rakettar.

Rakettrampe på Andøya Space Center

NY VERKSEMD: I dag skyt ein opp forskingsrakettar på Andøya, men kan ein også skyte opp småsatellittar?

Foto: Trond Abrahamsen / Andøya Space Center

– Det er eit utruleg spanande prosjekt, seier Odd Roger Enoksen, konsernsjef ved Andøya Space Centre.

Det Enoksen planlegg, er oppskytinga av små satellittar frå Andøya. I dag skyt dei allereie opp forskingsrakettar med ujamne mellomrom, men dette er noko heilt anna.

– Me snakkar om oppskytingar kvar einaste veke. Det er ein framifrå aktivitet, seier Enoksen.

Enoksen

LOVANDE: Den tidlegare olje- og energiministeren Odd Roger Enoksen ser nytt potensial på Andøya.

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / SCANPIX

Stort marknadspotensial

– Bruken av småsatellittar har eksplodert dei siste åra, seier Enoksen.

Slike små satellittar var tidlegare i hovudsak brukt av forskarar og meteorologar. I dag har marknaden blitt større, og private selskap ynskjer også eigne auge i atmosfæren.

– I Europa er det ingen som tilbyr dette, og det er berre mogleg å gjere det eit par plassar. Andøya er ein av dei beste på kontinentet, seier Enoksen.

Grunnen til at Andøya er perfekt, er at ein kan skyte opp rakettar utan å sende dei over tettbygde område. I tillegg kan ein sende opp rakettar utan for mykje papirarbeid, ettersom dei ikkje kryssar landegrenser på veg opp.

Rakettoppskyting på Andøya

DYR AFFÆRE: Småsatellittar kostar berre ein brøkdel av store, men har likevel ein prislapp på 20–30 millionar kroner. Biletet er av ei annan rakettoppskyting på Andøya.

Foto: Trond Abrahamsen / Andøya Space Center

Det er ikkje berre Enoksen og Andøya Space Center som ser eit potensial i småsatellittar. Likevel er ikkje eit slikt prosjekt berre solskin og blomar.

– Det er eit slags oppstyr kring småsatellittar, litt som Dot com-bobla på byrjinga av 2000-talet, seier Jon Harr, seniorrådgjevar ved Norsk Romsenter, med ansvar for norske småsatellittar.

Jon Harr

REALIST: Jon Harr seier Norsk Romsenter nyttar oppskytingsbasar over heile verda. Han meiner marknaden for ein ny base er der, men seier det vert mange om beinet.

Foto: P BAUDON / ESA

– Det er mange som ynskjer å kome seg inn på same marknaden, så kor mange som til slutt klarar seg og har livets rett, får me sjå på, seier Harr.

– Me ved Norsk Romsenter er likevel glade for at nokon i Noreg tek initiativ til ei slik drift, slik at me kan gjere alt på norsk jord, seier Harr.

I år åleine skal dei sende opp tre nye satellittar til overvaking av havområda, og skyt dei opp i alt frå Kasakhstan til Sør-Amerika, alt etter kvar dei kan gjere det.

Kva skal slike satellittar brukast til?

– Dei kan nyttast til telekommunikasjon, til dømes kan Google bruke slike til å lage sitt eige internett, seier Harr.

Dei er mindre og billegare enn konvensjonelle satellittar, og kan gjere spesielle oppgåver.

– Me i Noreg nyttar slike småsatellittar til jordobservasjonar. Dei vert brukt til overvaking av havområda våre, med kamera som kan observere skip eller ta fange opp signal, seier Harr.

Men små satellittar tyder også små solceller. Difor kan slike maskiner ikkje reise for langt frå jorda. Dei må også bytast ut med to-tre års mellomrom grunna ny og betre teknologi.

Noregs første satellitt AISSat-1

OVERVAKING: AISSat-1 var Noregs fyrste satellitt. Den flyr i bane frå pol til pol i 600 kilometers høgde og overvakar havområde.

Foto: FFI/Norsk Romsenter/Nyhetsgrafikk.no

Store ambisjonar

– Me har jobba med prosjektet i lang tid, og har det siste året blitt kontakta av moglege kundar. Me er komne dit at eg trur me er i stand til å gjere dette, seier Enoksen

– Men kva slags kundar er det som ynskjer å skyte opp slike satellittar?

– Det er ikkje alle kundar som ynskjer at me skal snakke høgt om dei, men det er godt kjend at mellom anna Google har planar om å skyte opp satellittar. Eit prosjekt som jobbar for verdsdekkjande internett, OneWeb, skal sende opp kring 900 satellittar, og byrjar allereie neste år, seier Enoksen.

Teknologien går så fort at desse satellittane må bytast ut etter to-tre år. Dei største potensielle kundane Andøya Space Centre talar med ynskjer å sende opp ein satellitt i veka.

– Der er mange aktørar som vil sende opp eit stort tal satellittar. Marknaden er der, seier Enoksen.

Dette vil også kome lokalbefolkninga på øya til gode, skal ein tru Enoksen.

– Det er store investeringar me talar om her. Det er snakk om opp mot ein milliard kroner i ny infrastruktur på Andøya.

Oversiktsbilde Andenes

KAN LIDE: Om Forsvaret forsvinn frå Andøya, kan folketalet falle, og infrastrukturen blir dårlegare.

Foto: Håkon Jacobsen / NRK

Vil bruke kompetansen til Forsvaret

Om Forsvaret forlét Andøya, forsvinn dei om lag 270 arbeidsplassane ved flybasen og nær 20 prosent av dei sysselsette i kommunen mister jobben som følgje. Forsvarssjef Haakon Bruun-Hanssen sa i august at han fryktar kompetanseflukt, og at så mange som mogleg vert med til Evenes. Enoksen seier han vil konkurrere om den arbeidskrafta.

– Er det noko kompetanse i Forsvaret som kan vidareførast i satellittprosjektet?

– Ja, absolutt, svarar Enoksen.

– Det spørst kor mange som vel å bli att på Andøya, men me rekrutterar ofte frå forsvaret. Dei sit med kunnskap som i aller høgste grad er relevante for oss, seier Enoksen.

Orionfly på Andøy flystasjon

LIKNANDE KOMPETANSE: På Andøya Flystasjon er der mellom anna stasjonerte Orion-fly. Mellom anna ingeniørkompetansen kan vere aktuell ved ein utvida rakettbase.

Foto: Ole Dalen / NRK

Ingenting er klårt

– Ynsket til våre kundar er å vere i gong med oppskytinga i 2021. Det tyder at me bør byrje å investere seint neste år, seier Enoksen.

Men framleis er ikkje alt på plass. Andøya Space Center må gjere miljøyndersøkingar og skaffe finansiering for prosjektet.

– Eg kan ikkje sei heilt sikkert at dette vert realisert, men eg er optimist, og har stor tru på at me skal klare dette, seier Enoksen.