Hopp til innhold

Misnøye i Molde etter statsrådsbesøk

Den politiske misnøya er stor i Molde etter helseministeren sitt besøk i går.

sjukehus demonstrasjon molde

Misnøya er stor i Molde etter at helseminister Anne-Grete Strøm-Erichsen besøkte byen.

Foto: Herskedal, Kjell / Scanpix

Statsråden kunne ikkje love bygging av nytt sjukehus før tidlegast i 2018, og i Molde fryktar dei at nytt sjukehus blir bygd ein annan stad.

Kåre Ellingsgård

Ap-veteran Kåre Ellingsgård er svært misnøgd med helseministeren.

Foto: Trond Vestre / NRK

– Eg tykkjer det er tragisk å høyre ein AP-statsråd opptre som ein kasserer i ein butikk, seier AP-veteran Kåre Ellingsgård.

Vurderer du å gå ut av partiet?

– Nei, det gjer eg ikkje. Eg slåss best innad i partiet. Men statsrådar som dette må vi fjerne, seier Ellingsgård.

– Skapte meir uvisse

Byggestarten for nytt sjukehus ser no ut til å bli tidlegast i 2018. I staden for det som er planlagt i Molde, kan det bli eitt felles sjukehus for Nordmøre og Romsdal. I Molde fryktar både lokalpolitikarar og folk at det kan kome til å bli bygt ein annan stad enn i Molde.

Helge Orten

Helge Orten(H) meiner helseministeren skapte meir uvisse.

Foto: Gunnar Sandvik/NRK Møre og Romsdal

– No er det skapt yttarlegare uvisse kring den framtidige sjukehusstrukturen. Vi vart først usikre då ho sende brevet i førre veke. No forsterka ho dette yttarlegare, seier Helge Orten i Høgre.

– Inga tryggheit

Høgrepolitikar Torgeir Dahl i Molde seier at møtet i Molde i går ikkje skapte noko som helst tryggleik i sjukehussaka.

Torgeir Dahl

Torgeir Dahl (H) trur sjukehussaka kan gje Arbeidarpartiet store vanskar.

Foto: Trond Vestre / NRK

– Det ligg ingen tryggleik i den bodskapen ho kom med i dag, seier Torgeir Dahl.

– Blir dette ein tøff kamp?

– Ja, det vert ein kjempetøff kamp. Men eg trur også at det blir ein veldig tøff kamp innad i Arbeidarpartiet. Denne saka har så store demensjonar at ho vil sprenge Arbeidarpartiet innanfrå. Og det kan definitivt også sprenge regjeringa, seier Torgeir Dahl.