– Dette er historielaust og eit hån mot dei ansatte ved sjukehuset, seier tre tillitsvalgte for dei ansatte ved sjukehuset i Molde.
Tor Rune Aarø (tillitsvalgt i Norsk Sjukepleierforbund), Knut Ivar Egset (tillitsvalgt i Fagforbundet) og Bernd Müller (Den norske legeforening) reagerer kraftig på uttalelsar frå det dei kallar ein kunnskapslaus helseminister.
Vitja Molde
Tysdag kom Anne-Grete Strøm-Erichsen til Molde for å oppklare ein del av spørsmåla og uroen som oppstod etter at ho utsatte bygginga av det planlagde Nye Molde Sjukehus.
Bygginga skulle etter planen byrje i 2012, men er no utsatt til 2018. I mellomtida skal det gamle sjukehuset renoveres.
I følge dei tillitsvalgte skal ho ha sagt at ho ikkje kan forstå det forsømte vedlikehaldet ho såg på Molde Sjukehus, og det gjorde henne sikker på behovet for snarleg oppgradering ved sjukehuset.
- Historielaust
Bernd Müller er Molde sjukehus sin tillitsvald i Norsk legeforening.
Foto: Roar Strøm / NRKAarø, Egset og Müller svarar denne kritikken i ei pressemelding, der dei seier uttalelsane hennar berre syner at ho ikkje kjenner saken godt nok.
– Pasientar og ansatte har i årevis godteke mangel på vedlikehald på Molde sjukehus, fordi vi har trudd på løftet om Nye Molde sjukehus. Det har tydelegvis ikkje helseministeren fått med seg, seier dei tre ansatte-representantane.
Føler seg utskjelt
Knut Ivar Egset er tillitsvald i Norsk Sjukepleierforbund.
Foto: Roar Strøm / NRK– Vi har prøvd å disponere investeringsmidlane i varige verdiar i foretaket. Statsråden tillet seg likevel å skjelle oss ut for åpen scene for det vi trudde var langsiktig bruk av midlane, skriv Aarø, Egset og Müller.
– Vi krev at ho tydeleg presiserer at eit nytt sjukehus skal byggast i Molde, avsluttar dei.