Hopp til innhold

– Betre med eitt sjukehus

– Folketalet og avstandar peikar på at eitt sjukehus er nok i Nordmøre og Romsdal, sa Anne-Grete Strøm-Erichsen i Politisk kvarter i NRK i dag tidleg.

Anne-Grete Strøm-Erichsen

Helseminister Anne-Grete Strøm-Erichsen går langt i å seie at ein ikkje treng to sjukehus.

Foto: Sigurdsøn, Bjørn / SCANPIX

Sjukehuset skal vere for folket i regionen, sa helseministeren, men ho ville ikkje slå fast at det kjem nytt sjukehus i Molde by.

Derimot gjekk ho langt i å seie at det ikkje treng å vere to sjukehus.

– Det kan ein stille seg spørsmål på når det tek femti minutt å køyre mellom byane. Det er ikkje tvil om at at når ein ser på befolkingsmengda at det hadde vore betre med eit sjukehus, seier Strøm-Erichsen til NRK.

Les også:

– Som mistillit til Helse Midt-Norge

Molde-ordførar Jan Petter Hammerø frå Høgre reagerer sterkt.

Jan Petter Hammerø

Molde-ordførar Jan Petter Hammerø.

Foto: Hans Thomas Eikrem / NRK

– Det er ein mistillit til helseføretaka når helseministeren meiner eit sjukehus er nok i Romsdal og Nordmøre, seier han.

Han viser til at styra i Helse Midt-Noreg to gongar har sagt at regionen bør ha to sjukehus. Både i Molde og i Kristiansund.

– Innbyggjarane i Nordmøre og Romsdal vil tape på eit felles sjukehus mellom Molde og Kristiansund, meiner Molde-ordførar Hammerø.

Les også:

Sint på manglande svar

Han stilte fleire gongar spørsmål til helseministeren om kva ho vil då ho var i Molde denne veka, men fekk ikkje svar.

– Det er som å kaste pengar ut gjennom vindauget når ho går imot Helse Midt-Norge som har fått utgreidd dette. Det er ikkje forsvarleg, seier han.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL