Isblokk Antarktis

Vår mann i Antarktis

Antarktis høyrest ut som ein iskald ekspedisjon for Roald Amundsen eller Børge Ousland, men for Preben (26) er det kvardag, krill og einsemd. Fram til han brått drukna i friarbrev.

Brattvåg på Sunnmøre, februar 2019:

– Hei, har du lyst å jobbe i Antarktis?

Preben Alexander Jensen var 24 år og jobba på eit verft. Han flira av tilbodet og takka nei. Verdas kaldaste plass freista ikkje. Han ville ikkje forlate alle kjente for å reise til eit isøyde.

Snart fekk han seg kjæraste.

Preben Jensen på isfjell i Antarktis, Sørishavet

SØRISHAVET: Ingen av desse er kjærasten til Preben, men kollegaer på eit isflak. Isflak er det mange av i Sørishavet, kollegaer er det færre av.

Sørishavet, februar 2021:

Preben vaknar som vanleg av den plagsame alarmklokka. Klokka er sju, det er lyst ute mellom isfjella og krillen ventar.
Han kikkar kjapt på mobilen medan han kler på seg. Den er stappfull av varslingar.

– Eg lurte på om det hadde skjedd ei krise! Det var så mange at det ikkje gjekk an å bla seg gjennom. Snart skjønte eg at pingvin-videoen hadde tatt av.

Preben kombinerte noko så sjeldan som å vere krillfiskar blant kvalar – og korrespondent frå Antarktis.

Snart var kjærasten gravid på andre sida av jorda.

Krille dagar på båten

Sunnmøringen frå Skodje var med på å byggje ein milliardbåt til Aker Biomarine, da ein kaptein oppdaga han og spurte om han ikkje heller ville bli med den snart ferdige båten sørover. Til Sørpolen.

Det latterlege spørsmålet kverna i eit år. Ein regntung januardag på verftet, fiska 25-åringen opp mobilen frå lomma. Han ringde kapteinen og meldte seg for krillfiske i Antarktis.

Antarktis

– Eg hadde blitt meir og meir lei A4-livet med jobb måndag til fredag, og blei pirra av noko nytt.

Det går knapt å komme lenger vekk frå A4-livet. No jobbar han 12 timars dagar. Sju dagar i veka. Over tre månader i strekk. 16.000 kilometer unna den gravide sambuaren i Bergen.

Ein vanleg arbeidsdag har Preben Jensen ansvar for trålen. Har ser over kraner og vinsjar som hentar opp krill, samtidig som han har opplæring og skal vere røykdykkar og redningsmann om noko går gale.

Krill er dei ørsmå rekene som sel og kval kosar seg med. Dei skal vere rike på omega-3, som skal ha ein effekt mot hjartesvikt (har du nokon gong høyrt om ein kval som har døydd av hjartesvikt?).

Krill
Foto: Skjermdump

På det 130 meter lange skipet «Antarctic Endurance» er dei 60-70 i mannskap.

Skuta er lagt til rette for å slå i hel tida utanom arbeidet. Preben har einelugar. Her er kino, badstue, badestamp og matsal med filippinske kokkar av første klasse.

Men det kan gå veker mellom kvar gong dei ser eit anna skip.

Dei er aleine mellom isfjella.

Heime på landlov fekk Preben seg motvillig ein hobby.

Ville sjekke ut tullet

– Kjærasten låg i sofaen og skrolla gjennom videoar på TikTok. Det der skal eg aldri få meg, tenkte eg. Eg er altfor gamal for slikt tull, fortel Preben A. Jensen.

Men akkurat som med jobbinga i Antarktis er ikkje alltid hans første innskyting det han ender opp med.

Han lasta ned appen for å sjekke ut tullet. Det var ein del interessant der. Og sjølv hadde han jo ein del artige videoar frå isberga i sør. Snart var 26-åringen tiktokar med filmar som ingen andre enn polfarar og søkkrike cruiseturistar får sjå. I alle fall ikkje utan at dei er tonesett av stemma til Sir David Attenborough.

Det tok berre nokre veker før det gjekk viralt.

– Me kom tilfeldigvis forbi pingvinane på isfjellet under ei levering til ein av dei to andre båtane i flåten vår. Akkurat da eg drog opp telefonen for å filme pingvinane på isklumpen bestemte dei seg for å ha stupekonkurranse!

Isfjell Antarktis med pingvinar

– Me har ein hurtiggåande redningsbåt til å øve på redningar, levere utstyr, proviant eller mannskap til dei andre båtane. Nokre dagar når det er fint vær og det passar seg slik tar me oss litt sightseeing for å kople litt av frå kvardagen om bord.

Slikt blir det stoff til sosiale medium av.

Preben har fått 8 millionar visningar av pingvinane som hadde stupetevling. For kvart like og kommentar fekk han eit varsel i starten.

– Det var heilt vilt! Meldingane frå mamsen og dama drukna jo.

Heldigvis hadde han skrudd av TikTok-maset da dama forsøkte å få tak i han nokre veker seinare.

Han skulle bli far til ei dotter.

Krillfiske Antarktis

Friarbrev frå heile verda

Om han ikkje hadde fått seg kjæraste hadde ikkje det vore noko problem etter suksessen på internett.

– Det ramlar inn friarbrev frå både gutar og jenter i alle aldrar frå heile verda. Det er merkeleg.

Kanskje er det pingvinane folk fell for. Kanskje er det alle dei eksotiske isfjella. Eller kanskje folk rett og slett drøymer om å ha ein kjæraste som er på andre sida av jorda halve året.

Mange av meldingane i innboksen til Preben A. Jensen er frå unge som er nysgjerrige på livet hans.

– Det er mange unge håpefulle som søker råd til utdanning- og karriereval for å kunne leve som meg, hehe!

Sunnmøringen tener litt pengar på videoane sine, og får stadige førespurnader frå store og små selskap som vil samarbeide. Eit amerikansk klesmerke ville sende han genserar og capsar til å posere på isfjell. Preben takka høfleg nei, han føretrekker overlevelsesdrakta.

Det er ikkje pengar som gjer at han held fram med småvideoane frå verdas sørspiss.

– Sjølv om det tidvis har vore svært stressande med meldingar i tusental, særleg når eg er på jobb i Sørishavet og ikkje har tid, er det veldig moro å vise verda noko dei kanskje ikkje har sett før.


– Dumt å dra tilbake under fødselen

No er Preben i karantene heime etter 100 dagar i ishavet. Sjølv om Antarktis kanskje ikkje er staden med mest koronasmitte. I august blir han far. Kva skjer med jobben nede ved pingvinane da?

– Det hadde vore veldig dumt å dra tilbake til Sørpolen under fødselen. Da trur eg ikkje dama hadde blitt så glad. Så eg har avtalt med reiarlaget å vente til januar.

Dottera skal vere fire-fem månader når pappa stemplar ut og reiser til Antarktis.

– Eg trur det hjelper veldig å vere i lag konstant dei første månadene, men det blir blytungt å reise.

Heldigvis er ikkje pingvinar så ulike spedbarn.

Høyr innslaget med Preben A. Jensen på «Plassen» på NRK Radio.