RUNDT 2.500 MFK-KAMPAR: Daniel Berg Hestad, Stein Olav «Laffen» Hestad, Odd Berg og Harry Hestad på gamle Molde stadion. Det var her Molde og Åge Hareide i 1987 tapte seriefinalen mot Moss med Nils Arne Eggen og Einar Jan Aas. Etter den kampen kasta 12 år gamle Daniel Berg Hestad egg etter Moss-supportane. Ein vinnarskalle der altså.
Foto: Webjørn S. Espeland / NRK

Toppklubb-formelen

Småbyar som Molde og Bodø dominerer norsk fotball. Storbyane og Tønsberg slit.

Jan Petter Saltvedt sukkar oppgitt. Han er frå Tønsberg og hadde gleda seg til Eik-kamp denne helga. Men ungen slokna i baksetet, så NRKs sportskommentator måtte køyre vidare til Oslo.

Det var berre ein gutekamp, for tredje divisjon blei avlyst og dermed også kampane til topplaget i Vestfolds hovudstad. Eik Tønsberg skulle møtt lag som Halsen, Kråkerøy, Flint og Fredrikstad 2.

Molde har halvparten så mange innbyggjarar som Tønsberg. Hausten 2020 var klubben to brente kjempesjansar og ein dårleg dommar unna å få Lionel Messi og Cristiano Ronaldo til Rosenes by. I staden blei det Arsenal og Rapid Wien.

Ikkje dårleg det heller.

Definisjonen på eit land er at det har eit fotballag og eit bryggeri, seies det. Det same kan vel også seies om ein by.

Dortmund, Eindhoven, Aberdeen og Molde. Få hadde tenkt på desse byane utan fotballaget.

Så kva er det som gjer at ein by har eit topplag?

– Definitivt meir enn pengar

Slik er stoda norsk herrefotball om me ser på toppdivisjonen dei siste 35 åra:

Oslo, 681.000 innb: 1 gull - 2 sølv

Bergen, 270.000 innb: 1 gull - 4 sølv

Tønsberg, 55.000 innb: 0 topplag

Store fotballbyer

Kongsvinger, 12.000 innb: 1 sølv - 2 bronse

Lillestrøm, 14.000 innb: 2 gull - 5 sølv

Molde, 21.000 innb: 4 gull - 9 sølv

Små fotballbyer.


– Det handlar definitivt om meir enn pengar. Elles kunne me jo berre sat opp tabellen etter kven som har mest pengar, seier Tor Thodesen.


Han har trena topplag i dei fleste norske byar. I alle fall har han vore med som trenar i Lyn, Vålerenga, Brann, Sandefjord, Tønsberg, Moss og Hønefoss.


– Sjå på Bodø/Glimt. Sjå på Leicester. Det handlar om pengar til eit visst nivå. Men det er alt det andre som gjer at me driv på med dette, seier han.

Thodesen meiner det handlar om å bruke tradisjon på den rette måten. Det skal me komme tilbake til.

Jahn Teigen på ærestribuna med fjær i hatten under Eik–HamKam i april 1983. Kampen endte 0–0.

EIKS RØKKE: Jahn Teigen med fjør i hatten under Eik – HamKam ved serieopninga i april 1983. Kampen enda 0–0.

Foto: Hans Due / NTB

Verste-eksempelet Sogndal

Også NRKs Jan Petter Saltvedt er einig i at svaret er mykje meir enn pengar.

– Det er eit særdeles interessant tema, som eg dessverre har diskutert altfor mange gonger. Da eg las at det har gått heile 35 år sidan nedrykket blei eg oppriktig trist, seier Saltvedt.

Gong etter gong må han svare i middagsselskap: Kva skjedde med Eik? Kvifor ligg ein stor by som Tønsberg stabilt på nivå fire i norsk fotball?

– Medan Tønsberg har vore ein ørken, har blant anna Kongsvinger og Molde briljert i årrekker. Det har også Sarpsborg, Ranheim, Mjøndalen – og det evige verste-eksempelet: Sogndal, seier Jan Petter Saltvedt.

Fruktbygda i Sogn har drygt 4.000 innbyggjarar og er stort sett i Eliteserien anna kvart år. Tønsberg er nesten 15 gonger så stor. I tillegg har Vestfold-hovudstaden eit svært folkerikt og pengesterkt omland.

Saltvedt fortel oppglødd om opprykksfinalen i 1982. 12.000 tilskodarar på grasbanen i Tønsberg. Eik slo Steinkjer og var tilbake i toppdivisjonen. Ein gyllen generasjon. Geir «Bolla» Johansen og Sten Nick Sandberg. Snart kom Erik Solér, Erik Thorstvedt og Jan Halvor Halvorsen. På ærestribuna skein Jahn Teigen.

– Jahn Teigen sponsa til og med Eik-shortsane med ein splitthopp-logo. Han landa på stadion ein gong med helikopter. Det skjedde berre ein gong, men det har blitt til at det skjedde kvar kamp. Det var ei storheit over det me dreiv med i Tønsberg da, fortel NRK-kommentatoren.

Men no er verken Eik eller Jahn Teigen lenger.

– Jahn Teigen var vår Røkke. Det er langt frå berre pengane. Det har med stoltheit og engasjement å gjere.

Sluttpunktet for Eik som topplag kom med nederlaget i cupsemifinalen i 1989.

– Symbolsk nok tapte det tidvis strålande Eik-laget til Nils Johan Semb for Åge Hareides mastodontiske og grå Molde, seier Saltvedt.

Etter kampen blei Molde FK slakta av riksavisene. «Når feighet lønner seg», skreiv VG. Dagbladet hevda at «Bare Molde elsker Molde».

Det var inga trøyst for Eik-fansen. Same året skifta klubben namn. Snart var den tom for pengar. Nye Tønsberg-klubbar blei stifta. Og gav opp. Først i år kom Eik-namnet tilbake, saman med årstalet byen skal ha blitt grunnlagt: FK Eik Tønsberg 871.

Moldes lag i cupfinalen 1989

TIL ULLEVÅL: Molde slo Eik i semifinalen og tok seg til Ullevaal (som var litt mindre i 1989). På laget spelte blant andre Øyvind Leonhardsen, Jostein Flo, Petter Belsvik og "Laffen" Hestad.

v2Q37Wizb4g

FINSTASEN: Før cupfinalen mottok sesongens toppscorar Jahn Ivar Jakobsen (RBK) gullstøvelen frå toppscoraren året før, Jan Åge Fjørtoft (LSK). Begge iført sjeldne klesplagg.

b9i_oLsxK7Q

VIKING: Seinare klubbdirektør Øystein Neerland reduserar for Molde FK i cupfinalen mot Viking. Etter omkamp tapte Molde. Utan at det heller var ei særleg trøyst for Tønsberg.

Unntaket Oslo

– Kva med Greåker?

Noregs meste kjente fotballstemme, Arne Scheie, tar alltid telefonen.

–Kvifor ikkje Eik Tønsberg er eit topplag? Ja, eller kva med Greåker, eller Frigg? Vi må huske de lange linjene.

Men Scheie er einig. Det er rart at Tønsberg ikkje har hatt toppfotball på 35 år. Og enda rarare at Oslo berre har eitt einaste seriegull sidan 1985.

– Det går jo opp og ned i fotballen, men ser ein rundt i verda er det jo storbyane som dominerer. Milano og Torino, Barcelona og Madrid. London, Liverpool og Manchester. I England er det berre Leicester som har motbevist det dei siste åra. Så det med Oslo er eit verkeleg godt spørsmål, seier Scheie.

Gjennom telefonrøyret grublar han så det knakar.

FOTBALLDRAKTER?: Fotballnestor Arne Scheie mellom fotballfaglege NRK-kollegaer i 1976. F.v.: Rolf Hovden, Øyvind Johnsen og Knut Th. Gleditsch.

FOTBALLDRAKTER?: Fotballnestor Arne Scheie mellom fotballsterke NRK-kollegaer i 1976. F.v.: Rolf Hovden, Øyvind Johnsen og Knut Th. Gleditsch.

Foto: Sigurdsøn / SCANPIX

– Ja, det er eit godt spørsmål, gjentek han.

– Innflyttarar til hovudstader er gjerne ikkje så patriotiske. Men det gjeld jo også for London og Stockholm. Ja, det er eit godt spørsmål.

Scheie poengterer at ein må ned på nivå to for å finne andre Oslo-klubbar enn Vålerenga, altså KFUM og Grorud.

– Kanskje Noreg er unntaket som bekreftar regelen?


«Da Harry og Jan kom heim»

– Kva med Kongsberg?

Spør Jo Nesbø. Bestseljaren og låtsmeden var matchvinnar da Molde FK vann NM-gull for junior i 1978 (sjå video) – og er fersk fotballforskar.

Norgesmestrene: 1.rekke: Terje Rye, Jo Nesbø, Knut Olav Orøy, Tor Gunnar Hagbø, Harald Beret, Odd Einar Lillebostad. 2.rekke: Runar Bratli, Knut Nesbø, Stig Ruste Amdam, Per Vågan, Dann Knarbakk, Bjørn Bergset, Pål Gjerde. 3.rekke: Robert Gjerde, Knut Inge Sotnak, Dagfinn Gjerde, Finn Småge, Ivar Helge Mittet, Stein Erik Blikås.

JUNIORSUKSESS: Jo Nesbø framfor med gullstøvelen, med veslebroren Knut rett bak til venstre. Foto: Reklame for ein nedlagt bank.


Nesbø fortel at han mange gonger har diskutert temaet, særleg med sin avdøde bror Knut. Dei kom til at idrettsbyen Kongsberg var den som hadde underprestert mest i norsk fotball.


– Det hadde vore naturleg at ein såpass stor by på Austlandet hadde hatt eit godt fotballag. Men der hoppa dei på ski, og det var kulturen, liksom, seier Nesbø.


Han påpeiker at det er ei forenkla analyse. Men den har noko for seg. På den andre sida nemner Nesbø på småstader som Mjøndalen, Sogndal og Hødd i Ulsteinvik.


– I Mjøndalen var det fotball om sommaren og bandy om vinteren. På alle desse stadene spelte dei aller fleste unge fotball, akkurat som i Molde på 1970-talet. Det var viktig på den tida laga berre bestod av lokale spelarar og innflyttarar.

Oslo var på den tida heldig med mange innflyttarar, slike som Harald «Dutte» Berg på Lyn og Trygve Bornø på Skeid. Nesbøs heimby Molde var heldig som hadde eitt lag som var klart best i byen. Det krydde av lilleputtlag hos Træff, Rival og Moldekameratene – men det var Molde FK dei aller beste enda opp.

– I storbyar kan kniving mellom to lag vere ein styrke, slik som i Liverpool, Manchester og Glasgow. Men mange mindre byar har nok slite med rivaliseringa mellom to lag, gjerne frå tida det var ein klubb for arbeidarar og ein for borgarar. Slik som Fram og Turn i Larvik, meiner krimforfattaren.

Molde / Sarpsborg 3-1

Jo og Knut Nesbø (t.h.) har begge fleire kampar for Moldes A-lag. – Eg nådde toppen som kjendis da eg debuterte på Moldes A-lag som 17-åring. Det blir ikkje større enn det, sa Jo Nesbø i 2017. Her med resten av Di Derre før kampen som sikra klubbens aller første seriemeisterskap i 2011.

Foto: Svein Ove Ekornesvåg / NTB scanpix

Jo Nesbø meiner det var ei konkret hending som la grunnlaget for suksessen til hans Molde FK dei siste femti åra. Eller rettare: To konkrete hendingar. At Harry Hestad kom heim frå Nederland og Jan Fuglset frå Fredrikstad Fotball.

– Det var nærmast eit omgrep da me var små og spelte på grusen på Reknesbana. «Da Harry og Jan kom heim», fortel Nesbø.

I 1972 utgjorde tre spelarar frå Molde heile angrepsrekkja da Noreg møtte Nederland. Harry Hestad, Jan Fuglset og Thor Fuglset. Noreg tapte 9–0. Likevel gav det ei stoltheit til Rosenes by. Ei stoltheit som med tida skulle gå over til tradisjon og kultur.

– Ein einaste skiløpar

– Kven er den beste Molde-spelaren gjennom tidene?

Spørsmålet er litt fandenivoldsk.

Ved gamle Molde stadion står Harry Hestad, Stein Olav «Laffen» Hestad, Odd Berg og Daniel Berg Hestad. Til saman har familien ein stad rundt 2.500 kampar for MFK.

Klubbsongen til Molde startar med strofa «Jeg har flere kamper enn «Laffen»».
I verkelegheita er det berre Daniel Berg Hestad som har fleire MFK-kampar enn faren.
Onkelen Harry blei kåra til årets spelar i Noreg i 1974 og 1975.
Onkelen Odd blei toppscorar i toppdivisjonen i 1974.

RUNDT 2.500 MFK-KAMPAR: Daniel Berg Hestad, Stein Olav «Laffen» Hestad, Odd Berg og Harry Hestad på gamle Molde stadion. Det var her Molde og Åge Hareide i 1987 tapte seriefinalen mot Moss med Nils Arne Eggen og Einar Jan Aas. Etter den kampen kasta 12 år gamle Daniel Berg Hestad egg etter Moss-supportane. Ein vinnarskalle der altså.

RUNDT 2.500 MFK-KAMPAR: Daniel Berg Hestad, Stein Olav «Laffen» Hestad, Odd Berg og Harry Hestad på gamle Molde stadion. Det var her Molde og Åge Hareide i 1987 tapte seriefinalen mot Moss med Nils Arne Eggen og Einar Jan Aas. Etter den kampen kasta 12 år gamle Daniel Berg Hestad egg etter Moss-supporterane. Ein vinnarskalle der altså.

Foto: Webjørn S. Espeland / NRK

I 1974 tok nyopprykte Molde FK sølv, eitt fattig poeng bak Viking. På den tida reiste folk frå Ålesund til Molde for å heie. Det er omtrent som om Donald Duck skulle ha blitt Gåseby-supporter.

– Sida den gong har det vore ein tradisjon i Molde at laget har vore godt. Me har stort sett vore i toppen, seier Harry Hestad.

– Molde er fotball og jazz. Det er fotball det alltid har blitt snakka om i byen. Me har i mange år vore kjent for spelarutvikling, med mange noregsmeisterskap for juniorar, og har satsa på lokale trenarar, vektlegg Odd Berg.

Kjetil Rekdal bommer straffe

BETRE AT I SCORE (PÅ RETUR): Kjetil Rekdal (18 år) skyt straffe mot Lillestrøm i 1987. Keeper Arne Amundsen går rett retning og reddar, men Rekdal sette returen i mål. I bakgrunnen Jostein Flo, Molde.

Foto: Per Løchen / NTB

– Ingen konkurrerande idrettar. Berre eit par skihopparar [Mork og Remen Evensen] og ein einaste skiløpar [Monsen]. Spelarane frå 1970-talet har seinare blitt trenarar og sitte i styret, legg «Laffen» Hestad til.

– Kulturberarane har sidan 1960-talet bygd opp klubben. Dei har fått med det lokale næringslivet, ikkje berre Røkke og Gjelsten, sjølv om dei har bidratt veldig. Men alle har dratt i same retning og det er kvalitet i alle ledd, seier Daniel Berg Hestad. Han er spelaren med aller flest kampar i Eliteserien, og er no talentutviklar i klubben.

bqqWySWQfBw

JULI 1996: Røkke og Gjelsten freste rundt frå by til by med Ole Gunnar Solskjær. Medan forretningsfolka for første gong sleit i forhandlingar, med erfarne Manchester United, fekk Solskjær guida omvising på Old Trafford. – Er du interessert i fotball, spurte den intetanende guiden midt under omvisinga.

Foto: Mattis Sandblad / VG

Sidan 1993 har Røkke og Gjelsten spytta inn ein stad mellom ein halv og ein heil milliard kroner i byens fotballstoltheit. Moderne stadion og infrastruktur er på plass, samt midlar til å ta opp kampen med Rosenborg som tente mange hundre millionar under Champions League-eventyra på nittitalet.

Men også andre klubbar har sine rike onklar. Vålerenga har hatt Øystein Stray Spetalen, Tor Olav Trøim og John Fredriksen – alle med råd til både salt i grauten og ein og anna høgreback. Lyn har hatt Atle Brynestad, medan Brann har fått pengar frå byens store velgjerar Trond Mohn.

Og kva med Odds ballklubb – laget frå området med lågast bustadprisar i landet, utan rike onklar? Dei verkar da alltid å vere med i kampen om ligamedaljane (før dei kollapsar eit par rundar før slutt).

Real Madrid på Melløs

Få har sett fleire klubbar i norske byar så tett som trenarnomaden Tor Thodesen. Han er opptatt av at tradisjon både kan vere ein gasspedal og bremsekloss. Thodesen var på starten av 2000-talet først trenar for nystarta Sandefjord, som skaut oppover i divisjonane, og så i FK Tønsberg, som stagnerte på nivå tre.

BmrgvGLdFRo

SANDEFJORD: Tor Thodesen på sidelinja som trener for Sandefjord.

Foto: Thomas Rasmus Skaug / NTB

– Problemet i Tønsberg var at alle hugsa Eik på 1980-talet og mimra tilbake til kampen mot VIF da stadion var så full at ei tribune rasa. Etter første opprykk møtte me motgang, og da var ikkje folk så interesserte lenger. Me var jo langt frå så gode som Eik hadde vore.

Thodesen opplevde det same da han trente Moss, klubben som i 1988 spelte europacup mot Real Madrid med Butragueño og Hugo Sanchez på Melløs.

– Aldri har eg opplevd ein by der ting har vore vanskelegare. Alt samarbeid var vanskeleg. Det hadde sett seg så kraftig at alt hadde vore betre før.

MOSS–REAL MADRID: Faksimile frå Moss avis, oktober 1987.

MOSS – REAL MADRID: Faksimile frå Moss avis, oktober 1988.


I Sandefjord hadde dei ikkje dei same gylne minna, i tillegg til ei gründerånd blant investorane.

Thodesen hugsar han og dagleg leiar gjekk dukknakka til møtet med dei fire hovudinvestorane etter opprykket i 2005. Dei hadde snudd kvar ein stein, men likevel gått 8 millionar kroner i minus – på eit budsjett med 38 millionar. Reaksjonen dei møtte var uventa.

– «Åtte berre?!», sa han eine. «Me trudde det var mykje verre. Da tar me vel 2 millionar kvar da, gutar? Gratulerer med opprykket!», fortel trenar Thodesen.

– Det gjeld å finne skjeringspunktet der stolt kultur blir til ein drivar, ikkje til håpløyse. At gapet mellom forventningar og reell styrke ikkje blir for stort. Og å få inn folk og spelarar som har vore på eit høgare nivå enn det klubben er i augneblinken.

– Alt var berre leire

I flaumlyset på Aker Stadion dundrar Di Derre og «Her kjem Molde».

«De sier denne byen er vakker
Når fjorden går hvit, og himmel’n er blå
Og fjella er steile og fagre
Men det vakreste her, i byen det er
Den drakta med merket der det står ... MFK!!!!»

MOLDE–RAPID WIEN: Ohi scorar og Molde vinn 1–0 i Europaligaen.

MOLDE – RAPID WIEN: Ohi scorar og Molde vinn 1–0 i Europaligaen.

Foto: Webjørn S. Espeland / NRK

600 publikummarar hyllar laget som har slått austerrikske Rapid Wien.
På Tønsberg grasbane er det stille.

Tønsberg gressbane

MOSEGRODD: Det er ikkje kok på Tønsberg gressbane.

Foto: Philip Hofgaard / NRK

Frustrasjonen lyser av Jan Petter Saltvedt:

– Tønsberg skulle vore fyrtårnet i Vestfold. Det er eit under at Tønsberg i det heile tatt har fostra Norgeshistorias største boksar, Steffen Tangstad, det verker som det ikkje finst hunger igjen i byen.

Samtidig som Eik spelte leiken, offensiv 4-3-3 fotball på midten av åttitalet, boksa Tangstad tittelkamp i tungvektsboksing. Da Tangstad la opp, falt Eik nedover i systemet. Han meiner at Eik gjekk bort frå suksessformelen med tydeleg spelestil, og brukte for mykje pengar på lønningar, framfor utvikling.

– Det rakna så fort. Me oppdaga at klubben ikkje hadde bygd opp noko grunnfjell. Alt var berre leire, seier Saltvedt.

Og det er noko av kjernen her, meiner han.

Å bygge strukturar når ein får opp ein gyllen generasjon, som gjer det mogleg å skape suksessen på ny.
Småkongar må bort og samarbeidet må vere breitt.

– Sogndal er det aller, aller beste eksempelet. Dei brukar suksess til å investere i akademi og samarbeider med klubbane rundt. Dei har knytt til seg næringsliv og utdanning. Berre ein kjem til Fosshaugane stadion, tenker ein at her er ein gjeng som drar i same retning.

Saltvedt nemner og ferske klubbar som Sarpsborg og Midtjylland, som satsar tungt på speidarapparat. Dei kjøper billig og sel dyrt.

– Og sjå på Stabæk. Dei manglar både historie, kultur og engasjement, men har satsa hardt på speidarapparatet og utvikling. Det dei har gjort er sjukt imponerande.

Gen-pooler

Men kanskje er det ein elefant i rommet her. Noko som ikkje alltid er like politisk korrekt å snakke om. Nemleg genar.

– Kor viktig er gen-pooler? Spør eg Nesbø og Saltvedt.

NRK-kommentator Saltvedt ler høgt. Og lenge.

– Gen-pooler? Haha! Tenker du på slik som Flo i Sogndal?

– Ja, og Bakke i Sogndal. Og Berg-ar og Hestad-ar i Molde. Og Berg-ar i Bodø.

– Ja, det er både viktig og påfallande på småstader. Berg-familien i Bodø er nærmast eit dynasti, seier Jo Nesbø.

– Haha, ja, det er ei fascinerande greie. Tenk at Bodø/Glimt endeleg har manifestert 50 år med Berg-fotball med seriegull, meiner Saltvedt.

Harald Dutte Berg. Cupfinalen i 1975

DYNASTIET-STJERNE: Halvdan Sivertsen og heile Bodø bar Harald «Dutte» Berg på gullstol etter cupgullet i 1975. Kaptein Berg og Glimt slo Vard 2–0 og sikra klubbens første nasjonale meisterskap.

Foto: Paul Owesen

Molde har topplag, men byen manglar eit eige ølbryggeri. Det ser ikkje ut til å plage byens stoltheiter.

– For folk i Molde trur eg MFK og Sylte ananasbrus definerer byen meir enn roser og jazz, seier Nesbø.

Hei!

Har du tips om forsvunnede UFO-dokument eller andre X-filer? Ta gjerne kontakt!

Om du kjedar deg i påska kan du gjerne sjekke ut andre småmystiske saker eg har skrive, slik som Den nye ubåten? eller Tom Cruise-effekten.