Hopp til innhold

Gulbrandsen gjekk av banen med skade i serieopninga

Molde-spiss Fredrik Gulbrandsen gjekk av bana med ein skade i sesongens første kamp i eliteserien i fotball.

Gulbrandsen

SKADE: Molde-spelar Fredrik Gulbrandsen blei skadd under serieopninga i eliteserien. Det er uklart kor alvorleg skaden er.

Foto: SVEIN OVE EKORNESVÅG / NTB

Molde FK vann stort over Strømsgodset i sesongens første kamp i eliteserien. Resultatet blei til slutt 4–0 til MFK på heimebane.

Men det var likevel ikkje berre positivt for MFK i dagens kamp. Før det hadde gått ein halvtime måtte Fredrik Gulbrandsen gå av bana med ein skade.

Det er uklart kva som skjedde, men han tok seg til låret/lysken og signaliserte at han hadde smerter. Spissen blei bytta ut og heldt drakta over ansiktet på vegen ut.

– Det er sjølvsagt veldig synd for Fredrik sin del. No skal vi hjelpe han tilbake fortast mogleg, seier Molde-trener Erling Moe til NRK etter kampen.

Moldes Fredrik Gulbrandsen ligger nede med skade under eliteseriekampen i fotball mellom Molde og Strømsgodset på Aker Stadion.

Fredrik Gulbrandsen låg nede med ein skade i kampen mot Strømsgodset.

Foto: Svein Ove Ekornesvåg / NTB

Uklart kor alvorleg skaden er

Moe seier det er for tidleg å seie noko om kor alvorleg skaden til Fredrik Gulbrandsen er.

– Det må bilde til og slike ting for å sjå kor liten eller stor strekken er, seier Moe.

Gulbrandsen har vore svært viktig for MFK den siste tida. Han har vore sentral i laget sine kampar i den europeiske serieligaen og scora ein rekke mål.

Moe har også tidlegare sagt at han har blitt ein av leiarane i gruppa.

Les også Får ros av sjefen før storkampen: – Han gjør alt nøye

Moldes Fredrik Gulbrandsen feirer 1-0 under Europa Conference League kampen i fotball mellom Molde og Legia Warszawa på Aker Stadion.

Fleire ute med skade

Frå før av er Molde-spelarane Veton Berisha og Kristoffer Haugen ute med skade. Klubben har nyleg henta Aaron Samuel på spissplass, men no når Gulbrandsen også er ute kan det bli behov for forsterkingar.

– Vi har henta inn Aaron, som har hatt tre treningar med oss til no. I tillegg har vi Gustav Nyheim, så vi skal klare oss med dei vi har, seier Moe.

 Moldes trener Erling Moe under eliteseriekampen i fotball mellom Molde og Strømsgodset på Aker Stadion

Molde-trenar Erling Moe.

Foto: Svein Ove Ekornesvåg / NTB

– Tenker du ikkje på å skaffe ein ny spiss no som både Berisha og Gulbrandsen kan bli ute over lengre tid?

– Ikkje per no, nei.

– Kva skal til for at du endrar meining?

– Nei, då må det vere at det dukkar opp nokon som er midt i blinken. Men eg gjer det ikkje utan ein plan, seier Moe.

Men Moe har ikkje mykje tid på seg om han skal skaffe ein ny spiss. Overgangsvindauget stenger seinare denne veka.

Det har vore spekulasjonar om at Molde har planar om å hente tilbake Leke James, som spelte for MFK frå 2018 til 2020. På spørsmål om James blir å sjå i Molde-trøya svarer Moe:

– Det veit eg ikkje. Han er ikkje vår no, så det veit ikkje eg.

Les også MFK møter belgisk klubb: – Det blir spennande

Molde's Fredrik Gulbrandsen celebrates scoring their third goal with Kristoffer Haugen

Fornøgd med serieopninga

At MFK vann 4–0 i serieopninga er Moe fornøgd med. Han meiner likevel at dei har forbetringspotensial.

– Eg synest at vi i utgangspunktet eig kampen. I periodar får vi angripe dei bra på og bak linja deira, men i periodar gjer vi det ikkje fullt så bra. Så det er litt å rette på, seier Moe.

– Dette var ein god start og så må vi finslipe på dette framover, legg han til.

Siger også til KBK

Det andre eliteserielaget i Møre og Romsdal, Kristiansund BK vann også sin kamp i dag. KBK rykte opp igjen til eliteserien etter førre sesong.

Det blei ein spennande kamp, men KBK vann til slutt 3–2 over Lillestrøm.

Eliteseriekampen i fotball mellom Lillestrøm og Kristiansund på Åråsen stadion

KBK vann sin første kamp etter at dei rykte opp igjen til eliteserien i fotball.

Foto: Beate Oma Dahle / NTB