Tøffare konkurranse
- Ein stadig tøffare konkurranse gjer at leiinga vurderer å nedbemanne, seier informasjonsdirektør Arnfinn Ingjerd.
Verkstaden, som produserer ror, har 45 tilsette i avdelinga på Hareid.
Det er ikkje meir enn tre veker sidan Rolls Royce Marine med hovudkontor i Ulsteinvik presenterte strålande resultat.
Svært forundra
I løpet av dei siste månadene har konsernet opplevd ein ordreboom på 26 kontaktar til ein verdi av to milliardar kroner.
Tillitsvalt ved avdelinga på Hareid, Odd Einar Bigset, seier det difor er vanskeleg å forstå at leiinga no vurderer å flytte ni av dei 45 arbeidsplassane til utlandet.
- Dei siste tre-fire åra har vi hatt gode resultat og ordresituasjonen har bedra seg nærast slik at dei sjølve ikkje skjønar kva som skjer og så skal dei då på same tid arbeid for å flytte produksjonen, seier Bigset.
Polen eller Kina
Det er produksjonen av ror Rolls Royce vurderer å flytte til sitt verft i Gniew i Polen eller til Kina for å redusere kostnadane i produksjonen som følgje av lågare lønningar.
I dag er det 45 tilsette ved avdelinga på Hareid og det siste året er bemanninga redusert med sju personar. Utfordringa er no å finne alternativt arbeid til dei som eventuelt må gå.
- Dette er noko vi ser på akkurat no, seier informasjonsdirektør Arnfinn Ingjerd.