Hopp til innhold

Hovudveg åpna igjen

Vogntoget som stod i «problemsvingen» ved Kvilehytta på Åheim i Vanylven er fjerna.

Vogntog Åheim

Slik blei vogntoget ståande i fleire timar.

Foto: Kjell Brenne / Synste Møre

Vogntoget var fullasta med fisk. Fisken måtte vekk frå vogntoget før mannskapa kunne setje i gang med bilberging.

Vegen var stengd mellom klokka 10 og 14.30.

Vegen er ein ytre hovudveg mellom Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane.

NRK kjem med meir.

Fleire stader på Nordvestlandet ligg vogntoga strødd i veggrøftene. Det siste døgnet har det vore så ille at politiet kom ut av teljinga. På Nordmøre var kaoset så omfattande at politiet ba folk om å setje att bilen heime.

Det er eit ekstremt stort snøfall som har skapt desse tilstandane. I Torbudalen er hyttefolk snødd inne. Tysdag formiddag skal dei som er på hyttene evakuerast over eit 1300 meter høgt fjell for å kome over til nabodalen.

Dette skjer i kommunen Sunndal, der stortingsrepresentant Tove Lise Torve måtte springe for livet i går for å unngå å bli teken av eit snøskred. Kommunen var i går delt i to, då eit snøskred sperra Fylkesveg 70 i Opdølsstranda.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL