Vindfanget i det nye Rica Seilet er sjølsagt enormt, og med dei ekstremt sterke vindkasta i natt og store nedbørsmengder samstundes, så trengde vatn inn i mange av romma på vestsida av det glasskledde bygget.I om lag 40 prosent av romma mot vest var det vanninntrengning, frå nokre få dråper til eit par desiliter på det meste, seier prosjektleiar for bygget, Dagfinn Storvik.
Vestveggen på Rica Seilet er eit enormt vindfang
Masta vibrerte
Den høge masta på Seilet vibrerte kraftig i vinden og ga vibrasjonar i bygget i toppetasjane.
Rica Seilet er bygd for å tole ekstremt vêr med god margin, seier Dagfinn Storvik.