Hopp til innhold

Vil stoppe rykteflaum

Etter trafikkulykka 12.februar i år i Gjemnes der ei ung kvinne frå Ulstein miste livet har dei tre andre som sat i ulykkesbilen stadig vekk fått høyre rykte om at det skal ha vore både fart og fyll som forårsaka ulykka. No vil dei ha slutt på rykteflaumen.

Tre unge menn frå Sunnmøre overlevde ei alvorleg trafikkulykke i Gjemnes der ei ung kvinne i den same bilen miste livet i februar. Etterpå har det vore mange rykte om at både fart og fyll var årsaka til ulykka. No ønskjer dei å få slutt på rykteflaumen.

Trafikkulykke Gjemnes

Det var svært glatt då ulykka skjedde 12.februar. Her er utrykkingskøyretøy på veg til ulykka.

Foto: Roar Halten / NRK

Det har vore tunge veker. Raymond Håbakk (23) frå Hareid, som var sjåfør, Bernhard Moltumyr Gulbrandsen (16) frå Moltustranda, som vart kasta ut av bakvinduet og vart alvorleg skadd og for Tor Arne Mork (20) frå Hareid som mista kjærasten sin, Monica Kjøllesdal (18) i ulykka.

Dei fire var på veg frå Sunnmøre til Halsa for å sjå på ein bil, då sjåføren miste kontrollen på det glatte føret og hamna i autovernet.

Alle fire kom frå den første smellen i god behald, men i det Håbakk var på veg ut for å stoppe trafikken, trefte ein annan bil dei i sida. Denne gongen går det mykje verre.

Under etterforsking

Ambulanse er på plass etter en trafikkulykke på Bergsøya

Ambulanse på plass etter ulykka 12.februar.

Foto: Roar Halten / NRK

Saka er under etterforsking og politiadvokat Merethe Falkevik ved Nordmøre og Romsdal politidsiktrikt vil ikkje kommentere ulykka no. Ho seier til NRK at saka tidlegast er ferdig etter påske, og at innstillinga skal til Statsadvokaten.

Håbakk vart rutinemessig fråteken førarkortet etter ulykka, men har fått det tilbake no. Det tolkar han slik at politiet ikkje vil klandre han, men at det var eit stygt uhell på glatt føre.

Bente Gulbrandsen Velsvik er mor til Bernhard (16). Ho mislikar sterkt alle dei rykta ho høyrer om sonen og om trafikkulykka i februar som kosta ei ung kvinne livet.

Bente Gulbrandsen Velsvik er mor til Bernhard (16). Ho reagerer kraftig på rykteflaumen om sonen og dødsulykka i februar. Foto/redigering: ARNE FLATIN

Dei tre i bilen avviser at dei skal ha hatt høg fart. Sjåføren seier han stort sett låg på godt under fartsgrensa på 80 km/t. Gulbrandsen meiner fartsmålaren viste 50 kilometer i timen like før det small.

Rykte om fyll vert også tilbakevist. Håbakk meiner det er frustrerande å høyre om alle rykta som går. Han seier at han ikkje kan gå på nærbutikken utan at folk kjem bort til han med grove skuldingar.

Sjåfør Raymond Håbakk fortel kva som skjedde.

Sjåfør Raymond Håbakk (lengst til høgre på bildet) fortel kva som skjedde i forkant av og under ulykka. Foto/redigering: ARNE FLATIN

Alvorleg skadd

Bernhard Moltumyr Gulbrandsen

Bernhard Moltumyr Gulbrandsen (16) vart hardt skadd i ulykka og brukar rullestol og gåstol for å kome seg dit han skal heime i stova på Moltustranda.

Foto: Arne Flatin / NRK

Bernhard Moltumyr Gulbrandsen (16) vart slengt ut av bilen og sendt til St.Olavs hospital i Trondheim.

Han er heime på Moltustranda igjen no, men har tøffe dagar. Stova heime er gjort om til sjukestove, med sjukehusseng, rullator og rullestol. Han synest det er trasig å høyre rykta som går om trafikkulykka. Han håper dei greier å stoppe rykteflaumen.

– Folk trur det var eg som køyrde, at det var alkohol i bildet og at det var grisekøyring. Alt dette er berre tull, seier han.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL