Hopp til innhold

Ingrid er prøvekanin for ny festival

Ingrid Mittet Haas har aldri vore på kunstfestival før. Om få år håper initiativtakarane at ho skal møte deltakarar frå inn- og utland.

Ingrid Mittet Haas

Ingrid Mittet Haas teikna eit ekorn under kunstfestivalen i Molde laurdag.

Foto: Roar Strøm / NRK

Laurdag ettermiddag var Ingrid Mittet Haas djupt konsentrert om å teikne og måle under Barnas kunstfestival i Molde. For første gong blir det arrangert ein festival der målet er å gje kunstinteresserte ungar eit tilbod.

– Det er kjempegøy at ein får lov til å måle og teikne og gjere det ein vil, seier Mittet Haas. Ho teikna eit ekorn sidan ho syns dei er så fine.

Saknar eit slikt tilbod

Initiativtakarane meiner at kunstinteresserte barn bør ha eit slikt tilbod som dei no har skapt. Kunstlærar Vladana Nicolic trur det er mange barn som ikkje veit at dei har talent, og håper at nokre av dei dukkar opp på kunstfestivalen.

Vladana Nicolic

Kunstlærar Vladana Nicolic meiner det er viktig å løfte dei som er flinke til å måle og teikne og hjelpe dei fram.

Foto: Roar Strøm / NRK

– Vi har jazzfestival og mange flinke fotballspelarar rundt oss, men vi treng ein festival for kunst, seier ho.

Festivalen blir arrangert av Molde kunstforening, i samarbeid med Romsdalsmuseet.

Håper å nå ut i verda

Rundt 40 jenter og gutar var meldt på til kunstfestivalen laurdag. Med tida håper initiativtakarane at festivalen skal bli langt større.

– No er vi berre lokale, etter kvart blir dette regionalt og så internasjonalt. Eg har allereie lister med skular i Europa som skal delta her, men ikkje i år, i år er det berre ein beskjeden start, seier ho.

Barnas Kunstfestival

Om lag 40 barn er påmelde til Barnas kunstfestival i Molde denne helga.

Foto: Roar Strøm / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL