Torsdag la regjeringa fram forslaget til revidert nasjonalbudsjett. Der kjem det fram at dei vil leggje ned Eldreombodet, som vart oppretta i 2020.
Det kom overraskande på Eldreombod Bente Lund Jacobsen.
– Behovet for å fremje interessene til eldre i Noreg vil berre auke, sidan det blir stadig fleire eldre. Vi er gitt ei sentral rolle som pådrivar og overvakar, seier Jacobsen.
Jacobsen har sete i stillinga sidan ho vart oppretta i 2020, og ho forventar at dette ikkje går gjennom.
– Arbeidet med å fremje interessene til eldre må trappast opp, ikkje ned. Eldreombodet trengst som vaktbikkje og trekkhund, seier Jacobsen.
Meiner regjeringa sviktar dei eldre
Leiar i Framstegspartiet, Sylvi Listhaug, meiner forslaget frå regjeringa er eit døme på det ho kallar regjeringa sitt svik mot dei eldre.
– Det er heilt forferdeleg at ein bruker dei eldre som salderingspost. Eldreombod er noko Noreg har trengt i veldig mange år for å vere ei stemme for dei eldre som er fortvila over å ikkje få dei rettane dei skal ha.
- Les også:
Listhaug trekkjer fram at Frp har kjempa for eit Eldreombod i mange år, og ho kjem til å ta opp kampen.
– Det er eit mønster i at denne regjeringa fører ein eldrefiendtleg politikk, seier Listhaug og trekkjer fram at forsøket med statleg finansiert eldreomsorg vart skrota og at dei fremja ei regulering av pensjonen.
Regjeringa: – Oppgåvene til ombodet blir dekt av andre
Statsminister Jonas Gahr Støre er heilt usamd i påstandane frå Frp om at dei har ein eldrefiendtleg politikk.
– Vi meiner at dette ombodet ikkje er vegen å gå for å ta vare på rettane til eldre på ein god måte. Det handlar om at vi har ein god kommuneøkonomi, og at vi har kommunar som tek utbygging av eldreomsorga på alvor, seier Støre.
I forslaget skriv regjeringa at grunngjevinga for å leggje ned ombodet først og fremst er økonomisk.
Vidare meiner dei at fleire av Eldreombodets oppgåver allereie blir dekt av andre instansar.
– Regjeringa anerkjenner den innsatsen Eldreombodet har gjort på kort tid med å synleggjere eldre sine interesser og utfordringar på mange område. Eldre er ei variert gruppe og det er mange aktørar som fremjar eldre sine interesser. I ei tid der vi må prioritere, meiner regjeringa at det er rett å rydde i overlappande funksjonar og ansvarsområde, seier helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol.
– Småleg
KrF-leiar Olaug Bollestad synest ikkje argumentet om at andre etatar dekkjer behovet held vatn.
– Dette gjer at dei eldre fell mellom alle stolar. Det er heilt rett at Eldreombodet må snakke med fleire etatar, og det er derfor dei er viktige. Dei sikrar at dei eldre ikkje fell igjennom og blir taparar mot systemet, seier Bollestad.
Ho er sterkt kritisk til budsjettkuttet.
– Eg synest det er småleg. Spesielt når vi veit at det blir mange fleire eldre i åra som kjem. Dei er ei svak gruppe som treng eit talerøyr, seier Bollestad.
– Gjer ein utruleg viktig jobb
Høgre reagerer også på at regjeringa vil avvikle talerøyret for landets eldre.
– Eldreombodet gjer ein utruleg viktig jobb med å synleggjere kva som er behovet til eldre, og i arbeidet med korleis vi skal klare å skape eit meir aldersvennleg samfunn som i større grad anerkjenner eldre som verdifulle bidragsytarar i samfunnet, seier Erlend Svardal Bøe (H).
Kom som eit sjokk
Anne Lise Hessen Følsvik, fylkesleiar i Pensjonistforbundet i Møre og Romsdal, er nesten mållaus etter å ha fått nyheita.
– Eldreombodet har fungert, etter vårt syn, veldig bra. Så at dei no, for å spare ein liten sum, vurderer å leggje ned dette, er eit stort sjokk for oss, seier ho.
Ho kjøper heller ikkje argumentasjonen frå regjeringa om at andre instansar kan dekkje behovet.
– Etter mitt syn så er der ikkje andre instansar som vil dekkje opp det som Eldreombodet dekkjer. Eg vil håpe at når saka kjem til Stortinget så er der så mange fornuftige folk at dei ser at dette ikkje er eit godt forslag, seier ho.
Dersom regjeringa sitt forslag får fleirtal vil løyvinga til Eldreombodet bli redusert med ein million kroner for inneverande år, før det blir avvikla frå 1. juli 2023.