Hopp til innhold

Glade for å få nasjonalt eldreombod

Regjeringa vil opprette eldreombod i Ålesund. Eldreombodet skal tale dei eldre si sak, og det blir godt mottatt blant målgruppa.

Positive til eldreombud

POSITIVE: Nils Arne Naas (f.v.), Vidar Lade, John Pettersen og Gunnar Johanson ved Baker Walderhaug i Ålesund

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

– Det høyres bra ut. Vi treng nokon som kan vere vaktbikkje for oss eldre og tale vår sak slik at vi får god nok omsorg, seier John Pettersen.

Han er på konditori saman med kameratar i Ålesund, og dei er alle samde om at eit eldreombod er på sin plass. Sylvi Listhaug lanserte vedtaket på venger av regjeringa fredag.

Kor mange som blir tilsette hos eldreombodet blir avklart i statsbudsjettet, men ombodet skal halde til i sunnmørshovudstaden.

– Treng ei røyst

Eldre- og folkehelseminister Sylvi Listhaug (Frp) legg vekt på at dei eldre treng ei tydeleg røyst som kan tale deira sak.

– Eldreombodet skal sette dei eldre sine behov, interesser og rettar på dagsorden, seier Listhaug.

Eit eldre-, pasient- og brukarombod låg inne i statsbudsjettet for 2019, men det fekk ei lunken mottaking frå fleire hald. Men no er altså regjeringa samde om eit eige ombod for eldre.

Sylvi Listhaug

I ÅLESUND: Sylvi Listhaug seier det er behov for eit ombod som kan tale dei eldre si sak.

Foto: Synnøve Hole / NRK

– No blir det eit heilt eige ombod som berre skal kjempe for rettane til dei eldre. Det trur eg er ei betre løysing, og dette fekk vi til saman med Kristeleg Folkeparti, seier ho.

Det var ein heil delegasjon av toppkandidatar til kommune og fylkestingsvalet som var med Listhaug for å lansere ombodet fredag. Randi Valderhaug Frisvoll (KrF) seier dette er svært viktig.

– Eg synest dette er veldig bra. Det er kjempeviktig for KrF at vi får på plass eit eldreombod. Eldrebølgja vil eg kalle ei ressursbølgje. Det er ein veldig liten del som er pleietrengande, og veldig mange som kan bli ressursar i frivillig sektor, seier ho.

Dag Olav Tennfjord (H), Sylvi Listhaug (Frp), Frank Sve (Frp) , Randi Valderhaug Frisfoll (Krf).

VALKAMP: En delegasjon av ordførarkandidatar frå regjeringspartia stilte opp for å lansere det nye eldreombodet i Ålesund i dag. Dag Olav Tennfjord (H), Sylvi Listhaug (Frp), Frank Sve (Frp), Randi Valderhaug Frisfoll (KrF).

Foto: Synnøve Hole / NRK

Pensjonistforbundet er nøgde

Mellvin Steinsvoll, fylkesleiar i Pensjonistforbundet i Møre og Romsdal er fornøgd med at dei eldre no får eit eige ombod med hovudkontor i Ålesund.

– Det er veldig bra, det er midt i blinken for det vi har jobba med i lengre tid med å få til eit eige eldreombod. Når vi no til og med får det i vårt eige fylke, må det vere bra.

Mellvin Steinsvoll

Melvin Steinsvoll er leiar i Pensjonistforbundet i Møre og Romsdal

Foto: Gunnar Sandvik/NRK

– Men vil det ha noko reelt å seie for dei eldre?

– Det står att å sjå kva for reiskapar og verktøy dette ombodet får, men vi får tru at det blir blitt eit mandat og høve til å arbeide for dei eldre, seier han.

Reagerer kraftig på plasseringa

I høyringa tilrådde Møre og Romsdal fylkeskommune sterkt at eldreombodet skulle plasserast i Kristiansund.

Ordføraren i Kristiansund, Kjell Neergaard, seier han ristar på hovudet over plasseringa, og meiner det er arrogant å hoppe over den klare tilrådinga frå sitt eige fylke.

Kjell Neergaard

Ordføraren i Kristiansund, Kjell Neergaard, meiner at eldreombodet burde ha blitt lagt til Kristiansund slik fylkeskommunen tilrådde.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Sylvi Listhaug er sjølv sunnmøring, men ho avviser at det er grunnen til at eldreombodet blir lagt til Ålesund.

– Det er sjukehus her, Ålesund kommune skal snart slå seg saman med fire andre og blir ein stor kommune i norsk målestokk og i tillegg er det viktig å etablere arbeidsplassar utanfor Oslo, seier ho.

Men ville det ikkje vere betre å plassere eit slikt ombod nær makta i Oslo, der det har større påverkingskraft?

– Nei, det er eg usamd i. Vi har datamaskiner, mobiltelefonar og er mobile. Eit ombod kjem til å reise rundt i landet for å snakke med dei eldre og ta opp deira sak. Det kan du gjere sjølv om du ikkje har kontor i Oslo. Det skjer faktisk mykje flott utanfor ring 3 også.