NRK Meny

Vil legge til rette for elferjer

To av dei mest trafikkerte ferjesambanda på Sunnmøre kan få elektriske ferjer. Selskapet Enova vil støtte ladeanlegg ved Hareid-Sulesund og Magerholm-Sykkylven med 88 millionar kroner. Fylkeskommunen lyser i dag ut anboda på desse sambanda. Men det er framleis uvisst om reiarlaga som deltek i anbodsrunden ønskjer å sette inn elferjer.

Batterifergen Ampere
Foto: Norled