Hopp til innhold

Vil hindre meir sløsing

Aukra-ordførar Bernhard Riksfjord frontar no kampen for å hindre meir sløsing i hundremillionarsklassen frå reservegasskraftverket på Nyhamna. Kraftverket trengst ikkje lenger og Statnett er no i ein prosess med å selje det og vil då fjerne all infrastruktur under bakken. Riksfjord vil berge infrastruktur og kilometervis med røyr mellom reservegasskraftverket og gassanlegget på Nyhamna for eventuell framtidig industri der.

Bernhard Riksfjord
Foto: Roar Strøm / NRK