Hopp til innhold

Vil ha simulatorsenter til Ålesund

Helse Sunnmøre vil etablere eit simulatorsenter for å trene opp helsepersonell frå heile midt-Noreg.

Astrid Eidsvik

VIL HA SIMULATOR: Administrerande direktør Astrid Eidsvik vil ha opplæring for prehospitale tenester til Helse Sunnmøre.

Foto: Bernt Baltzersen / NRK

Forholda ligg til rette for eit regionalt senter i Ålesund, seier administrerande direktør i Helse Sunnmøre, Astrid Eidsvik.

- Me meiner me har eit veldig godt fagmiljø når det gjeld prehospitale tenester, med eit sterkt anestesimiljø her i Ålesund. I tillegg har me ein høgskule i Ålesund som har høg kompetanse når det gjeld simulatorverksemd.

- Viktig trening

Det er mykje som kan gjerast av helsepersonell før pasientane kjem inn på sjukehuset, til dømes dersom det skjer ei ulukke.

- Dette vil vere eit senter der vårt helsepersonell kan trene seg på det som skjer utanfor sjukehuset. Dei tenestene som skjer i ambulanseverksemda vår, før pasienten kjem inn i sjukehuset, seier Eidsvik.

Dermed blir dette eit opptreningssenter for heile Helse Midt-Noreg sitt helsepersonell. Eit slikt senter med simulatorar vil vere svært viktig, seier direktøren.

- Gode tilbakemeldingar

- Det er framtida sin måte å få høg kompetanse. Det å trene seg i slike typar simulatorar blir veldig viktig for framtida.

Prosjektet er heilt i startgropa, så Eidsvik kan ikkje seie noko om når dette skal stå klart, men ho håper at det kjem.

- Ja, det reknar eg med, fordi me har fått så pass gode tilbakemeldingar frå Helse Midt-Norge at me kan starte dette utgreiingsarbeidet mot å få eit slikt regionalt senter her i Ålesund.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL