NRK Meny

Vil ha ny diskusjon om samanslåing

Rindal Høgre vil at kommunestyret skal behandle spørsmålet om kommunereforma på nytt. Kommunestyret har tidlegare vedtatt at kommunen skal stå aleine, men Magnar Dalsegg i Rindal Høgre vektlegg at fylkesmennene i Trøndelag og Møre og Romsdal vil at Rindal skal bli slått saman med Orkdals-kommunane. I tillegg viser nye utrekningar at kommunen vil tape store summar på lågare eigedomsskatt frå kraftproduksjonen.