NRK Meny
Normal

Vil ha meir grågåsjakt

Jeger- og fiskarforbundet i Møre og Romsdal er uroa over auken i grågås. Dei vil ha meir satsing på grågåsjakt.

Grågås

Både bønder og jegerar vil ha meir og betre jakt på grågås

Foto: Åsmund Asphaug

Grågåsa gjer stor skade på grasavlingane. På ein viltkonferanse i Surnadal fredag argumenterte fylkessekretær Åsa Fredly i Norges Jeger- og Fiskerforbund for meir organisert jakt.

– Bestanden er på veg opp. Grågåsa spreier seg til fleire område, og gjer stor skade. På innmark er dette eit stort problem for bøndene, seier ho.

Åsa Fredly

– Grågåsa gjer stor skade. Det må bli meir opplæring og organisering av grågåsjakt, seier Åsa Fredly. Ho er fylkessekretær i Norges Jeger- og Fiskerforbund.

Foto: Gunnar Sandvik

– Krevjande jaktform

Samtidig er dette ei jaktform som er krevjande. Det trengst god organisering. Derfor vil forbundet no satse på meir opplæring av jegerar og grunneigarar.

Nytt kursopplegg

– Vi tilbyr eit nytt kursopplegg frå neste år av, saman med Norges Bondelag. Det handlar om korleis ein konkret utfører denne jakta. For grågåsjakt er litt avansert. Det er ikkje som å skyte rype eller leirdue, seier Åsa Fredly til NRK.