Kvalitetsutvalet har kome med forslag til ei rekkje tiltak dei meiner kan vere med på å betre den norske skulen, både fagleg og sosialt.
Mellom anna vil dei satse tyngre på informasjonsteknologi og opplæring av grunnleggjande evner på eit tidleg tidspunkt. Enkel rekning og lesing meiner dei kan kome i barnehagen, slik at overgangen til skulen ikkje blir for stor. Dessutan vil dei ha lengre skuledag for elevane i småskulen.
Utvalsmedlem Ragnar Johansen frå Ålesund trur forslaga vil gjere skulen betre.
For tida har mange unge lærarar vanskar med å få seg jobb. Dersom forslaga til utvalet går gjennom, kan det på sikt føre til at det blir behov for fleire lærarar, trur Johansen.