NRK Meny

Vil ha like reglar for sjåførar som ikkje kan betale

Utanlandske vogntogsjåførar som ikkje kan eller vil betale for seg skapar vanskar for ferjemannskapa. Det stadfestar Dag Hole som er seksjonsleiar for kollektivtrafikk i fylkeskommunane.

Ferjekø

Nokre stader må bilistane betale før dei køyrer om bord, andre stader blir billetten kravd inn under overfarten.

Foto: Terje Reite / NRK

Artikkelen er mer enn to år gammel.

Vogntoget er komen om bord, men sjåføren kan ikkje betale det det kostar å vere med. Dette er ifølgje Hole ei ikkje heilt uvanleg hending for ferjemannskap langs norskekysten.

– Eg vil seie at det er eit problem for reiarlaga og mannskapet som opplever slike hendingar, seier Hole. – Det er grunn til å tru at det kan vere store mørketal. Det er inga sjølvfølgje at reiarlaga rapporterer slike hendingar til oss.

Kan bli aktuelt med autopass

Det finst ikkje ein felles måte å handtere slike hendingar på og ferjereiarlaga står fritt til å velje korleis dei vil både handterer og rapportere slike situasjonar.

Nokre sjåførar blir bedne om å betale før dei køyrer om bord. Andre får køyre inn i ferja, men blir nekta å køyre i land dersom dei ikkje kan betale, og må vere med tilbake til ferjekaia der dei kom om bord. Mannskap har også fortalt om hendingar der sjåførar har stukke av utan å gjere opp for seg.

– Det vil vere ein fordel om alle handterte dette likt, seier Hole.

Møre og Romsdal er det største ferjefylket i landet, og Hole meiner difor det er naturleg at fylkeskommunen engasjerer seg for å finne ei felles løysing for heile kysten. Han trur løysinga kan ligge i at betalingsrutinane blir meir like.

– Det vi har diskutert er om vi i framtida kan bruke autopass som betalingsmåte også på ferjene. Det vil gjere det letter for sjåførane å kunne gjere opp for seg.

Siste video/lyd

Mange geitebønder i landet vil ha den elektriske geiteklaven til Gjemnesbedrifta Nofence. Produksjonen pågår for fullt, men geiteklaven er enno ikkje godkjend. Gründerbedrifta treng beitesesongen 2017 for å gi Mattilsynet dokumentasjonen dei krev.
Dei fleste har meir enn nok med å SJÅ utfor kanten på den hundre meter høge Zakariasdammen i Tafjorden på Sunnmøre.
Men det finst folk som vil betale for å få seg ein luftig tur. Og frå neste veke av kan dei gjere akkurat dét...
Fiskesperra som skal redde den nasjonale lakseelva Driva, blir slakta av ekspertar på behandling av gyrosmitte. Miljødirektoratet er ansvarleg for prosjektet til seksti millionar kroner. Dei meiner det trengst berre små justeringar.