Bruen leia arbeidet då gravene blei opna i fjor og seier gravrøysene truleg stammar frå 300 til 400 år etter Kristus.
Ordførar Jon Garen seier det er spesielt økonomiske omsyn som gjer at røysene må fjernast. I dette området skal det også byggast ei hamn, og Garen seier det er praktisk vanskeleg å bevare gravene.
Sande kommune har lov til å fjerne gravrøysene etter at dei no er opna og undersøkte av arkeologar. Gravrøysene ligg i eit område der det er planlagt ei hamneutbygging og det er ein viktig grunn til at formannskapet går inn for å fjerne dei. Bruen meiner likevel det bør vere plass til begge deler i Haugsbygda.
Ikkje råd
Ordførar Jon Garen seier dei har fått råd frå andre arkeologar om at det ikkje er gunstig å bruke pengar på å setje i satnd gravene som blir liggande i eit hamneområde. Kommunestyret skal endeleg behandle saka 24. februar. Det kostar 700 000 kroner å stelle til gravene igjen, pluss kostnader til vedlikehald. Pengar kommunen, ifølgje ordførar Jon Garen, ikkje har.