Hopp til innhold

Vil få i gang vindkraftprosjekt

Leiar i Energiregion Møre, Joralf Flataukan vil få i gang omstridte vindkraftprosjekt.

Joralf Flataukan
Foto: Aina Rødal / NRK

- Det er svært viktig å få i gang vindkraftprosjekta Havsul 1 og den delen av Havsul 2 som ligg i Haram, meiner leiar i Energiregion Møre, Joralf Flataukan.

Anstrengt kraftsituasjon

Begge vindkraftprosjekta er omstridte og er no inne til ankebehandling i departementet.

- Kraftsituasjonen er anstrengt. Desse vindkraftprosjekta er svært viktig sett frå kraftforsyninga og energisituasjonen i Møre og Romsdal, seier Flataukan.

Vindkraft mest realistisk

Han meiner at situasjonen vert prekær dersom det kjem eit tørrår og at vindkraft er det mest realistiske å satse på for å auke produksjonen.

Havsul
Foto: Kart: NRK Møre og Romsdal

- Vi er i ein situasjon der vi har ei svært anstrengt kraftforsyning og Havsul 1 og den delen av Havsul 2 som ligg i Haram er dei prosjekta som kanskje saman med energieffektivisering kan bidra til å stabilisere situasjonen.

Vil ha kraftlinje

- Ein må også ta hensyn til at vindkraft er av og på. Når det ikkje bles, produserast det ikkje kraft. Då må ein ha ei overføringslinje som gjer at ein taklar denne situasjonen. Så Ørskog - Fardal er utruleg viktig å få på plass for Møre og Romsdal.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL