Hopp til innhold

- Ingen Møreakse utan regjeringsbytte

- Det må eit regjeringsskifte til etter neste stortingsval dersom ein skal få på plass Møreaksen innan 2020, meiner Frank Sve (Frp).

Frank Sve (FrP)

- MÅ HA NY REGJERING: For å få til store vegprosjekt, meiner Frank Sve (Frp).

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Leiaren i samferdselsutvalet i Møre og Romsdal meiner ei ferjefri fjordkryssing mellom Romsdal og Sunnmøre må finansierast gjennom offentleg-privat samarbeid.

Men det vil ikkje skje med den raud-grøne regjeringa, meiner han.

- Fordi dagens regjering er så på etterskot, seier Sve til NRK.

- Det ser i dag umogleg ut å få til andre tankar rundt finansieringsmåtar, meiner han.

- Dyrt og lite effektivt

Dermed meiner han at ei ny, borgerleg regjering må til for å få til store prosjekt. Han trekk fram E18 i Agder som har vore bygd i eitt prosjekt som kostar over fire milliardar kroner.

- Det er kostnadseffektivt og fornuftig, og ein får byggje store vegstrekningar i eitt, i staden for slik det er no der ein klattar litt her og der.

- Det er dyrt, lite effektivt, og det er nesten berre i Noreg me får til å gjere noko så dumt, meiner han.

Stortingsrepresentant Jenny Klinge (SP) er ikkje einig. Ho meiner ein må sjå på nye finansieringsmoglegheiter, men at det er mogleg å gjennomføre utan offentleg-privat samarbeid.

- Forstår ikkje poenget

Jenny Klinge

- FORSTÅR IKKJE POENGET: Jenny Klinge (SP) er ikkje einig med Sve.

Foto: Trond Vestre / NRK

- I høgste grad. Eg forstår ikkje poenget når staten renn over med pengar, at me skal ta opp lån i privat marknad for å få finansiert store og viktige prosjekt, seier ho.

Likevel meiner ho at ein bør tenkje prosjektfinansiering, og få finansiert store prosjekt i staden for små bitar.

- Det kokar uansett ned til om det er politisk vilje til å satse på samferdsel, og det har Senterpartiet, og kjem til å jobbe vidare for det i regjeringa, seier Klinge.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL