Vil behalde Braut Haaland
Molde-spelar Vegard Forren håper på å behalde spisstalentet Erling Braut Haaland så lenge som mogleg. Forren seier Haaland blir ein viktig spelar for Molde i haust. – Han er eit stort talent som kjem til å lykkast på eit høgt nivå. Han har fleire kvalitetar som ein spiss treng, seier Forren. Haaland har vore linka til den austerrikske klubben Red Bull Salzburg, men har foreløpig ikkje signert.