Hopp til innhold

Vil avhøyre sikta nordmøring i kveld

Mannen som er sikta etter at ei kvinne blei funnen død i Molde i natt, sit no på politistasjonen og vert mest truleg avhøyrt i løpet av kvelden.

Video Drapet i Molde

Tre tilsette ved Hotel Alexandra i Molde måtte bryte seg inn og stoppe den dødlege slåsskampen på hotellet.

Politiet får hjelp frå taktiske etterforskarar frå Kriposnår dei skal avhøyre mannen frå Nordmøre, som er sikta for lekamsskading med døden til følgje.

Den sikta mannen i 50-åra vart først frakta til sjukehus etter at politiet arresterte han på rom 411 på Hotel Alexandra i Molde i natt. Han hadde fått skadar i slagsmålet som gjorde at politiet ikkje tok sjansen på å setje han i arresten.

– Sikta er no skive ut på medisinsk grunnlag og overført til politiarresten i Molde, seier etterforskningsleiar Arild Angen til NRK.

Har kommen lenger i etterforskinga

Arild Angel seier dei har kommen eit stykke lenger i etterforskinga.

– Politiet har komme eit godt stykke vidare med avhøyr av sentrale vitne.

Han legg til at dei no er sikre på at kvinna, som er i 50-åra og frå Ålesund, døydde av skadane ho fekk under det blodige slagsmålet på hotellrommet.

Arild Angen

VENTER PÅ SVAR: Etterforskningsleiar Arild Angen ventar påobduksjonsrapporten for å få vite meir om dødsårsaka.

Foto: Omar Sejnæs / NRK

Obduksjonen av kvinna vart gjort ved St. Olavs Hospital i Trondheim klokka 14:00 i dag og har endå ikkje gitt fleire svar på kva som var dødsårsaka.

– Me håpar å få eit munnleg svar på obduksjonen i løpet av kvelden, slik at me har meir å gå på i forhold til dødsårsak.

Påtaleansvarleg Laura Havdal, seier siktinga kan bli utvida som følgje av svar dei frå obduksjonen. Førebels er mannen sikta for lekamsskading med døden til følgje.

Kjenner ikkje dødsårsaka

Politiet veit ikkje sikkert til kva som skjedde på hotellrommet seint tysdag kveld. Arild Angel seier dei håpar å få vite meir om dødsårsaka i løpet av kvelden, eller torsdag føremiddag.

– Det me tek sikte på no er å høyre om sikta vil gi frå seg ei forklaring. Han er spurt om han vil ha nokon spesiell advokat oppnemnd, men det ville han ikkje. Då må retten oppnemne ein til han, seier etterforskingsleiar Angen.

Tilsette stoppa slagsmålet

Politiet vil ikkje seie noko om relasjonen mellom dei to, som begge var tillitsvalde i Fagforbundet.

Tre tilsette ved hotellet braut seg inn og stoppa den dødelege slåstkampen.

Dei greip ifølgje politiet inn og fekk stoppa slagsmålet mellom Ålesunds-kvinna og mannen frå Nordmøre.

Då politiet kom fram til hotellrommet like over midnatt natt til onsdag fann dei mannen, som var tydeleg prega av slåstkampen. Kvinna vart funnen hardt skadd ute på verandaen. Ho vart kort tid etter erklært død.

– Er det mange vitne til det som har skjedd?

– Det er ein del sentrale vitne. Folk som har budd på naborom og tilsette ved hotellet. Me ventar på sikta seie forklaring på kva som utløyste slåstkampen, seier Angen.

Avlyste konferanse

nettsidene til Fagforbundet stadfestar dei at begge dei involverte i slåstkampen på hotellet i Molde var tillitsvalde i forbundet.

– Dette er ei djup personleg tragedie, og det er viktig at medlemmer og tillitsvalde i forbundet tek vare på kvarandre i tida framover, skriv leiar i Fagforbundet Jan Davidsen.

Begge deltok på ein stor konferanse i regi av Fagforbundet, og denne er no avlyst etter det som skjedde. Fagforbundet har sett i verk fleire tiltak for å hjelpe og støtte alle involverte.

hotell Alexandra i Molde

VART FUNNEN PÅ VERANDAEN: Politiet fann den døde sunnmørskvinna ute på verandaen til rom 411 på Alexandra hotel.

Foto: Svein Ove Ekornesvaag / Scanpix