Hopp til innhold

Viktig barnehus opna i Ålesund

Barnehuset er spesialtilpassa for politiavhøyr, undersøkingar og behandling for born. Huset skal vere der for born som har vore vitne til eller blitt utsett for vald eller seksuelle overgrep.

Barnehuset er spesialtilpassa for politiavhøyr, undersøkingar og behandling for born. Huset skal vere der for born har vore vitne til, eller blitt utsett for vold eller seksuelle overgrep.

Statens Barnehus opna i Ålesund

– Det følest veldig bra. Det har vore ei hektisk prosjektperiode, så no er vi glade for å vere i gang.

Det seier Ingrid Heggli, dagleg leiar i Statens Barnehus Ålesund.

Spesialtilpassa born og psykisk utviklingshemma

Onsdag blei det åttande barnehuset opna i Noreg. Huset er det første av sitt slag i Møre og Romsdal.

– Kva er forskjellen på å ha eller ikkje ha barnehus?

– Eit born eller ein psykisk utviklingshemma person som har vore utsett for vald eller overgrep, har nok blitt utsett for noko av det verste ein kan bli utsett for som menneske.

Ingrid Heggli

Ingrid Heggli, dagleg leiar i Statens Barnehus Ålesund, er glad for det no er opna barnehus i byen.

Foto: filmrull / NRK

– Éin ting er å oppleve det, ein annan er å fortelje om det. Det kan vere ei belastning i etterkant, seier Heggli.

Barnehusa er spesialtilpassa for avhøyr, undersøkingar og behandling for born og psykisk utviklingshemma.

– Legg til rette

Der kan spesialutdanna politi gjere intervju med born i trygge omgivnader.

– I eit barnehus legg vi til rette for borna, dei psykisk utviklingshemma eller dei som treng det.

– Då får dei ein tryggleik med fagleg kompetanse som høyrer på kva dei fortel. Så kan dei gjere ei vurdering og eventuelt vidareformidle, fortel Heggli.

Barnehuset blir det einaste i sitt slag mellom Trondheim og Bergen.

– Dei eldste barnehusa har haldt på i fem år. Dei henta kompetanse frå Island og USA, så vi er heldige som kjem etter og kan lære av dei.