Hopp til innhold

Sunnmørsætta vikingskip sokk i Sandefjord

Vikingskipet Gaia sokk ved kai i natt i Sandefjord. Dykkarar jobba i formiddag for å få ut om lag fem tonn med ballaststein.

Vikingskipet Gaia har sunket i Sandefjord

Vikingskipet Gaia sokk ved kai i natt. Båten er bygd i Volda på Sunnmøre.

Foto: Fredrik Hansen

Vikingsskipet Gaia under vann

Årsaka til at båten kantra ved kai er ikkje kjent.

Foto: Fredrik Hansen / NRK
Vikingskipet Gaia under vann i Sadafjord

Sandefjords Blad skriv at Gaia har velta over på sida, og ligg under vatn.

Foto: Fredrik Hansen / NRK
Vikingskipet Gaia har sunket i Sandefjord

Ein mann som bur i ein båt like ved båtplassen til Gaia oppdaga tragedien i morgontimane tysdag.

Foto: Fredrik Hansen / NRK

Vikingskipet Gaia sokk ved kai i natt. Skipet er bygd av Sigurd Bjørkedal i Volda, og er ein kopi av Gokstadskipet. Båten er no eigd av Båtlaget Gaia, og dykkarar jobba i formiddag for å få ut om lag fem tonn med ballaststein.

Årsaka til at båten kantra ved kai er ikkje kjent.

Sandefjords Blad skriv at Gaia har velta over på sida, og ligg under vatn. Dykkarar frå Arne Rød & Co AS skal fjerne fire-fem tonn ballaststein som er om bord i båten. Deretter skal ein prøve å få båten på rett kjøl for å starte lensinga.

Ein mann som bur like ved oppdaga båten rundt klokka 05.00 tysdag morgon, opplyser Sandefjords Blad.

– Eg såg at det var noko som ikkje stemte. Masta titta opp. Då ringte eg umiddelbart leiaren i Båtlaget Gaia, seier Hermod Styrmo til Sandefjords Blad.

Skipet Gaia er bygd av Sigurd Bjørkedal og sønene Jakob, Ottar og Dag Inge i 1990 i Volda på Sunnmøre.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL