Hopp til innhold

Verneverdig hus forfell

Dette huset i Ålesund har stor historisk verdi og må reddast.

Waldehuset
Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Formidlar ved Aalesunds Museum, Einar Gustafsson meiner at Waldehuset i Ålesund må bergast før det er for seint. Huset overlevde brannen i 1904, men står no i fare for å rotne opp.

Det var rundt 260 hus som overlevde den dramatiske brannen, men akkurat dette huset har ei heilt spesiell historie.

Det låg midt i eit stort område med trehus, men var det einaste som kom uskadd frå flammane.

Huset vart spart

Huseigar Anders Nord fekk eit syn dagen før brannen. Då kom ein lysande engel og sa at byen skulle leggast i oske, men at han og kona skulle halde seg i ro innandørs og ikkje bere med seg eigedelar ut. Då skulle det gå bra med ekteparet

Natta etter braut det ut brann og den spreidde seg i alle retningar fordi det bles orkan. Men huset til Nord vart ståande, og slik har det vorte legendarisk. Turistar som kjem til byen, oppsøkjer ofte huset og vert skuffa.

I dag er huset i dårleg stand.

Einar Gustafsson
Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Vil ta vare på huset

- Eg meiner at kommunen må komme på banen for å ta vare på huset. Oppgåva er altfor stor for ein huseigar, seier Gustafsson.

Ordførar i Ålesund, Bjørn Tømmerdal, seier at ansvaret ligg hos huseigar, men kommunen vil gjerne komme i dialog. For også dei ser verdien av å ta vare på huset.

Huseigar Per Magne Walde har så vidt byrja arbeidet med å sjå om huset er mogleg å sette i stand att eller om det må rivast.

- For meg er det heilt uaktuelt å drive noko museum i huset. Dersom det går, vil eg sette det i stand og leige det ut, seier Walde. Han synes det kan vere vanskeleg å ha ansvar for eit hus med så stor historisk verdi.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL