Avtalen mellom Telenor og riksantikvaren sikrar 100 telefonkioskar i Noreg for framtida. Telenor pliktar med denne avtalen å halde ved like dei 100 kioskane for framtida.
Ulike kriterium
I Noreg står det i dag att berre 420 telefonkioskar, medan det på 1970-talet var heile 6000 kioskar spreidde rundt i landet. Direktør i Norsk Telemuseum Eli Hall seier dei har hatt fleire ulike kriterier når dei har valt ut kva for boksar som skal vernast.
- Den geografiske spreiinga har vore viktig. Det skal vere kioskar frå heile landet. I tillegg er det bra om dei står synleg i terrenget. Om dei står i eit stilriktig område eller om dei står i kontrast til omgjevnadene sine har ikkje så mykje å seie, fortel direktøren.
Skal stå til evig tid
Ho skulle gjerne verna alle kioskane som er att i Noreg, men med åra har dei sett at ein må spesifisere kva for kioskar som skal vernast for å unngå at dei blir fjerna.
- Det ser ut til å vere eit realistisk mål å verne desse 100 kioskane, og dei skal no stå til evig tid, seier Hall.
Her står dei seks kioskane som skal vernast i Møre og Romsdal:
- Årvik ferjekai, Sande
- Bjørke, Ørsta
- Festøy ferjekai, Ørsta
- Kongens gate 6, Ålesund
- Geiranger, Stranda
- Rasteplassen ved Trollveggen, Rauma